Navigasjon
Navigasjon
Div. info

KORT HISTORIKK

Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja trene då han var i 70-åra, etter at han og Arne C. Brunstad (Brua-Arne) hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Forma vart stadig betre. Han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene hans var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen, eller ein kjapp tur på Vellesæta.

OM LØPET

Konradløpet vart fyrste gong arrangert i 2002. Det har start og mål på Brunstad, like ved Jokerbutikken. Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet). Starten for hovudløpet går presis klokka 05.00. Deltakarrekorden i hovudløpet er 372 frå 2006. Samla deltakarrekord medrekna Minikonrad, Oslokonrad, Slovakiakonrad og Påskekonrad er 511 frå 2015.

DELTAKING

2002: 196 deltakarar

2003: 243

2004: 248

2005: 264

2006: 372

2007: 422 (medrekna Minikonrad)

2008: 398 ( medrekna Minikonrad)

2009: 464 (medrekna Minikonrad)

2010: 395 ( medrekna Minikonrad)

2011: 386 ( medrekna Minikonrad)

2012: 450 (medrekna Minikonrad)

2013: 361 (medrekna Minikonrad)

2014: 455 (medrekna Minikonrad)

2015: 511 (medrekna Mini-,Påske-,Oslo-, og Slovakiakonrad)

2020: Ikkje arrangert grunna pandemi

2021: Ikkje arrangert grunna pandemi

2022: 417 (ny rekord for MiniKonrad med 202 startande)

GRATIS FRUKOST

I samband med VIL sitt 100 års jubileum i 2006 vart det spandert gratis frukost på alle deltakarane i Konradløpet. Dette vart så populært at det sidan har vore fast tradisjon. Frukosten vert servert i Velledalen grendahus, der det også er garderober, premieutdeling .m.m.

 

KONRADFILMEN

Odd Kvammen – slektning av Konrad Brunstad – forstod at Konrad var noko utanom det vanlege. Han laga film om Konrad frå dei åra han dreiv som hardast, og der han sjølv fortel om sin fysiske kvardag, om helse og motivasjonen for å drive på. Ein knakande god film, og utan denne filmen hadde det kanskje aldri blitt noko Konradløp. Filmen vart vist i gravferda til Konrad. Ole Petter Berge var sendebod til idrettslaget og den som fyrst ymta frampå om at ”Konrad eigentleg skulle hatt sitt eige løp”.

Det fekk han, og Odd Kvammen har gitt ein film i gåve til VIL, slik at Konrad sine tankar kring mosjon, helse og livsfilosofi  elles,  kan bli friska opp att i samband med Konradløpet.

FLEST KVINNER

Konradløpet – der farta ikkje er viktig, heiter det. Og mesteparten av deltakarane stressar ikkje i løypa. Rett nok er det tidtaking i Konradløpet, men berre av dei drygt hundre fyrste som går over mål. Tidene til 2/3 av deltakarane vert aldri gjort offentlege. Litt spesielt er det òg, at løpet dei fleste åra har samla fleire kvinner enn menn. Ikkje stor skilnad, men om lag 55-45 i kvinnene sin favør i snitt. Eit klart prov på at dette er eit ”landevegsløp” utanom det vanlege. I 2012 hadde mannfolka mobilisert. Då enda "kjønnsduellen" 169-169 i Hovudløpet.  2013 var året der mannfolka for fyrste gong var i fleirtal, då hovudløpet enda 155-135 i mannfolka sin favør.

MINIKONRAD

Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april.

Fyrst dei yngste utan tidtaking.   

Like etter 11 år og eldre med tidtaking. I 2015 deltok 162 unge i Minikonrad, så mange at arrangøren bestemte at det i ettertid skulle delast i tre startar.

Minikonradløypa var i byrjinga 1050 meter på Brunstad. Seinare var løpet flytta til Dalemyra med kortare løyper. 350 meter for dei yngste og 750 meter for dei eldste. Underlaget vekslar mellom grus, gras og asfalt

NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.

Her vert samtlege premiert, startkontingent kr 60,-

Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). I 2013 hadde vi vitjing av Ivar Ulvedal med fleire gull frå Special Olympics World Winter Games, medan det i 2014 var Martine Lorgen Øvrebust, NM-vinnar i langrenn junior, som delte ut premiar. I 2015 var det sykkylvsbygda sin eigen kastar, Herman Velle Aurdal, som fekk æra.

Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).

Deltakarrekorden i Minikonrad er 162 frå 2015

GRATIS DELTAKING

Det har i alle år vore gratis deltaking for personar med Konrad som føre- eller mellomnamn, og for alle personar over 90 år. Deltaking av personar over 90 år fekk vi tidleg (Tomas Tandstad), men vi måtte utruleg nok vente heilt til 2007 før vi fekk ein person med Konrad som døypenamn på startstreken. Men då kom det til alt overmål tre på ein gong. Eldste Konraden vi har hatt er Konrad Gausemel frå Hornindal som fullførte i fin stil som 84-åring, henta blodfersk rett frå senga midt på natt i Honndalen av mellom andre Inge Asbjørn Haugen.

PREMIERING

Minikonrad: Alle premiert – lik premiering. (sjå tidlegare i teksten)

Hovudløpet: Diplom ved fyrste gong deltaking, Konradmedaljen i sølv 3.gong og Konradmedaljen i gull 6.gong. Vidare 10 års premie og 15 års premie. Det vert trekt premiar på startnummer, der om lag 20 prosent av deltakarane vert premiert – i all hovudsak med gåvepremiar.   Dei tre beste damene og tre beste herrane vert premiert. Ny løyperekord gir 1000 kroner i premiepengar både i dame- og herreklassa.

  HARDE FAKTA:

* Deltakarrekord: 511 (Mini-Oslo-Slovakia og Påskekonrad inkludert) (2015)

* Løyperekord damer: Kristine Hjellbakk Hole 16.59 (2017)                                                       * Løyperekord herrar: Abdulaziz Ibrahim 13.30 (2016)

*Eldste deltakarar: Tomas Tandstad deltok i sitt 92.leveår (2004) og Kjellaug Ulset i sitt 91. (2018)

* Deltaking frå meir enn 20 ulike nasjonar.

* Beste Konrad: Konrad Lillebø 19.55 (2007)

* Beste søskenpar (gut/jente): Sondre og Elisabeth Overvoll Hole, Stranda, 35.24 (2012)

* Beste ektepar/sambuarpar: Kathinka Havnegjerde og Jo Andre Tandstad, Langevåg, 37.27 (2011)

* Nasjonale rekordar:

13.30: Abdulaziz Ibrahim, Eritrea (2016) - løyperekord

14.48: Knut Anders Hatlen, Noreg (2012)

15.50: Jakub Hejl, Tsjekkia (2022)

17.02: Jonas Siurskas, Litauen (2016)

17.34: Pernille Ibsen Lervåg, Danmark (2018)

17.41: Maciej Decyk, Polen (2022)

17.55: Niek Schreijer, Nederland (2014)

17.56: Stijn De Smedt, Belgia (2019)

18.12: Daryl Matthews, Australia (2009)

18.18: Alastair Brunton, Skotland (2022)

20.08: Sharon Svedgård, Jamaica (2017)

20.24: Olga Sørensen, Russland (2015)

20.29: Fadel Traore, Elfenbeinskysten (2007)

20.38: Jan Rakottyai, Slovakia (2017)

20.50: Omid Ahadi, nasjon ukjend (2018)

21.17: Georgi Todorov, Bulgaria (2004)

21.51: Irrfe Renz Bagol, Filippinane (2009)

22.07: Martin Lotz, Tyskland (2010)

22.16: Victor Scattergood, England (2009)

24.09: Chris Aggerholm, USA (2007)

24.09: Mehyar Zarzar, Syria (2016)

24.44: Ilyas Degirmenci, Tyrkia (2006)

24.48: Joakim Mårtensson, Sverige (2008)

PÅMELDING

Atle Hole tlf  917 43 761 e-post: atlehole@online.no

eller Velledalen IL facebook/nettside

Minikonrad: påmelding ved start løpsdagen. Hovudløpet helst innan 30.april

STARTKONTINGENT 2016

Minikonrad: kr 50,- pr.pers

Hovudløpet: Born kr 100,- Vaksne kr 200,- Familie 450 (frukost inkludert for alle)

Dette gjeld påmelding innan 30. april klokka 1600

Seinare påmelding er mogleg mot tillegg i prisen.

På grunn av trivselen ved frukosten er det sett tak på 350 deltakarar ved hovudløpet.

  

Siste nyhende
HYROX
På Lørdag deltok både jeg, Nikolai og broren til Nikolai i Hyrox i Malmø.
Les meir (03.10.2023)
Gloppen halvmaraton komande laurdag
Velledalen IL stiller ein fin tropp i løpet
Les meir (02.10.2023)
73 sprang o-løpet «Fjellgeita» på Emblem
Trist, men ingen frå Velledalen IL deltok
Les meir (02.10.2023)
Anette sterk i Hyrox Malmö
Arkivfoto Så vidt vi skjønar ein relativt ny idrett
Les meir (01.10.2023)
2770 grasrotkroner i september
Stor takk til ALLE som støttar Velledalen IL gjennom denne ordninga.
Les meir (01.10.2023)
Ynskjer du dunjakke?
Velledalen IL er i ferd med å bestille dunjakker med VIL-logo på.
Les meir (28.09.2023)
Idrettsskulen har starta opp att
11.september starta idrettsskulen opp att etter sommarferien.
Les meir (27.09.2023)
Påmeldingane sig inn til Oktoberløpet
Arkivfoto Påmelding til EQTIMING.NO – søk på Oktoberløpet
Les meir (25.09.2023)
Trimpostsesongen inne i siste veka
Vi minner om at bokbyte markerer starten på ny sesong ved dei 15 postane.
Les meir (25.09.2023)
Påmelding Førjulsmessa
forjulsmesse@gmail.com
Les meir (25.09.2023)
O-løp på Emblem komande sundag (1.oktober)
Hiv deg med på avslutningsløpet for 2023-sesongen.
Les meir (25.09.2023)
Er May Evy klarsynt….?
Etter to maraton-tippingar er det god grunn til å stille spørsmålet.
Les meir (24.09.2023)
Njål sette klubbrekord på 10 000 m bane – 32.42
Rekorden vart sett under Kvalheim-mila i Oslo
Les meir (23.09.2023)
Solid av Hilmar og Stig Marius rundt Lerstadvatnet
43 utøvarar fullførte Midt-Norge Bedriftsidrettskrets sitt løp i Ålesund.
Les meir (23.09.2023)
23.september: Magnus Ødegård fyller 90 år
Arkivfoto Magnus kom frå Skjåk til Velledalen på 1950-talet – for å arbeide
Les meir (23.09.2023)
Noko å strekkje seg etter – VIL sine klubbrekordar
Vi har fått spørsmål om kva som er Velledalen IL sine klubbrekordar. Her er dei.
Les meir (23.09.2023)
Bø-Rolf har passert 80 år
Sjå foto! Lagbilete av VRF frå 1960-talet ein gong. To av spelarane har passert 80 i år
Les meir (22.09.2023)
10 uttrekkspremiar for tidleg påmelde
Det lønnar seg å vere tidleg ute å melde seg på Oktoberløpet!
Les meir (22.09.2023)
Referat frå Njål
Tenkte det var på tide å gje ein lyd frå seg vedrørande årets løpesesong, men hovudsakelig ei oppsummering frå København. Så her køyrer vi:
Les meir (21.09.2023)
Somme konkurrerte, andre var på treningsleir
Stig Marius Vestnes og Hilmar Kråkenes valde sist helg treningsleir i staden for konkurranse
Les meir (20.09.2023)
Laurdag 23.sept: Lerstadvatnet Rundt
Her vert det familieløp i ei kort løype, ved sida av dei tradisjonelle distansane, 5- og 10 km.
Les meir (20.09.2023)
Internasjonalt i København halvmaraton
Samla var langt over 40 000 i aksjon under BMW Oslo Maraton og København Halvmaraton sist helg
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
Søndagen
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
Fra lørdag
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
I helgen deltok vi i historiens første offisielle VM i hinderløp (det finnes også et uoffisielt VM, hvor vi har deltatt tidligere som snart arrangeres i USA).
Les meir (20.09.2023)
Her kjem VIL-løparane sine plasseringar i København
To kvinner og fem menn med spenstige plasseringar i København Halvmaraton.
Les meir (19.09.2023)
Storbil-sjåfør, king of the road-Frode, i København
Les Frode Mauren sin rapport mellom 27 000 i halvmaraton, og turen elles til København.
Les meir (18.09.2023)
No går det gjetord om Velledalen IL i Oslo
Mellom anna slik står det i ei hyggjeleg melding frå Oslo etter god sportsleg innsats av utøvarane våre i helga.
Les meir (18.09.2023)
Anette stabil i OCR-VM
Arkivfoto Sprang tre løp i Genk, Belgia til plasseringane 12 – 11 – 12.
Les meir (18.09.2023)
Kven vann tippinga på maraton-tidene..?
Du får svaret om du les denne saka
Les meir (18.09.2023)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no