Laurdag 16.september debuterte Espen Utgård Sæther og Mathilde Sofie Kjellsbøl Hole under BMW Oslo Maratom. Tidene deira vart slik:
Espen: 2.35.32
Mathilde: 4.25.16
To døgn før løpet vart det opna for å tippe slutt-tidene til debutantane. Tipsa strøymde inn, både på facebook og gjennom meldingar. Og det skulle vise seg at beste tipparane var farleg nær
Mathilde brukte altså 4.25.16. Dei to beste tipparane hadde 4.25.13 (Roger Malvin Hole) og 4.25.35 (Per Inge Bjørnestad)
Espen brukte 2.35.32. Dei to beste tipparane hadde 2.35.45 (May Evy Nesheim) og 2.36.00 (Halvor Brønstad).
Som betyr at det denne gongen vert premie til May Evy Nesheim (13 sekund frå rett tid) og Roger Malvin Hole (tre sekund frå rett tid).
No har det seg slik at Roger Malvin Hole, som var tre sekund frå rett tid til Mathilde, er far til Mathilde. Somme vil kanskje hevde at dette minner mykje om ein innside-handel. Men vi kjenner Roger Malvin som ein rettskaffen mann, slik at; tipset hans er godkjent. Det høyrer med til soga at begge vinnarane er aktive i Velledalen IL. Roger gjorde unna 10 for Grete på drygt 45 minutt i Oslo, medan May Evy vann «skyracet» på Stavekollen i sin siste opptreden.
Ekstra honnør – og helsing – til John Gunnar Dybvad, Lånke IL. Han var mellom tipparane både på Espen og Mathilde. Sist laurdag sprang han tre løp i Oslo. Fyrst heilmaraton, så halvmaraton, før han avslutta med 10 for Grete. Altså 73,3 km, ein distanse han la bak seg på 5.19.25. Det heldt til 10.plass i trippelen.
Kan det vere noko for Hilmar Kråkenes i 2024…?
Publisert: MÃ¥ndag 18. September 2023 Kl. 18:37