
Foto: Jens Arne Bonesmo
Velledalen IL har denne helga hatt 20 utøvarar i konkurransar (som vi veit om):
2 sprang heilmaraton i Oslo
2 sprang «10 for Grete»
7 sprang halvmaraton i Oslo
7 sprang halvmaraton i København
2 deltok i OCR-VM i Genk (Belgia)
Her er nokre Strava-kommentarar frå helga:
Anette Jokstad etter Mix-team lagkonkurranse i Genk:
- Ledet heatet og hadde bra driv fyrste del, men to tabber gjorde at vi raskt ramlet nedover på listene. En skuffende 12.plass, men vi mimrer tilbake til bronse i EM i år, og vi avsluttet løpet med stil selv om vi mista pallkampen.
Anders Wigdahl etter halvmaraton i København:
- Feber i går. Veldig fornøyd med å fullføre, mer enn om jeg hadde klart målet. Hjem å få orden på kroppen nå. Vanvittig moro arrangement
Frode Mauren, halvmaraton København:
- Starta veldig bra. Alt etter planen lenge. Vart tungt etter 13 km, med møre leggar og puls 5 slag over normalt. Var nok varmen som tok oss i dag. Men for et publikum. Fullt trøkk heile vegen. Fekk faktisk gåsehud eit par gonger.
« Pibben» Bjørnestad, halvmaraton København:
- Fall og nærkontakt med brusteinen. Unngjekk sprekk slik enkelte andre gjorde i varmen.
Njål Torillson Tyssing, halvmaraton København:
- Klokka lyg ikkje. Klarer jobbe tåleleg greitt mellom ca 3.25 – 3.30-fart. Men meir er der ikkje å hente. Fantastisk rask løype og deilig vêr. Ein kan ikkje be om meir. Bra opplegg med drikke og gels. No er det heim å trene til Frankfurt Maraton!
Bjørn Arve Brune , halvmaraton København:
- Gjekk leikande lett fyrste halvtimen, og 43 min på mila var heilt etter skjema. Var heilt «kokt» på 11 km og stod og tøygde leggkrampa då 1.30 ballongen kom susande forbi etter 12-13 km. Blei fire stopp til med krampe før målgang, og trur aldri eg har vore så sliten ved målpassering nokon gong.
Ole-Peder Kristian Holmberg, 10 for Grete:
- Det gjekk noko betre enn 10 km i Ã…lesund.
Espen Utgård Sæther, heilmaraton Oslo:
- Drog på ei gruppe store delar av fyrste runden. For dårleg nedover, så måtte sleppe på runde to. Kvalm, så null næring og drikke frå 23 km og inn. Brutalt for lårmusklaturen opp St. Hanshaugen andre gong. Elles perfekte løpsforhold.
Andreas Nakken, halvmaraton, Oslo:
- Halvmaraton i litt meir behageleg tempo. Fin oppleving. Test av mine nye Saucony Endorphin Speed 3.
Frode Hoprekstad, halvmaraton Oslo:
- Min dårlegaste halvmaraton tidsmessig, men det er heilt OK. I dag var det viktigaste å gjennomføre
Svein Arne Nakken, i god tid før eige halvmaraton-løp.
- Nei, vi he`kje myst nå. Han kjeme her no. Han sprenge som en Konge – 25, 26, 27, 28, 29, 30. Der e han i mål (sagt om Espen Utgård Sæther siste strekket mot mål)
Publisert: S?ndag 17. September 2023 Kl. 20:56
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |