Arkivfoto
Det har nyleg vore kommuneval. Difor tek vi med nokre slengjarar i dei to storløpa i helga
Vi startar med Julie Støverstein. Stranda-jente som representerer OSI. Ho sprang i dag halvmaraton på glimrande 1.28.38 i København. Julie var høgt oppe på lista mellom dei 2000 norske som deltok der. Njål vart nummer 29 av dei norske, berre for å ha nemnt det
I går sprang Jan Even Sandal, Sykkylven IL, halvmaraton i Oslo på 1.50.30. Han vart med den tida nummer 264 i klasse M 45-49. Ei klasse voldingen Stian Nedrelid vann på 1.18.00
Oda Alette Kjellsbøl Hole, som har mykje av slekta i Velledalen/Sykkylven, sprang halvmaraton på sterke 1.42.41. Ho vart med den tida nummer 187 i K 23-34. Oda Alette representerer NTNUI
10 for Grete hadde også lokal deltaking. Hanna Gjærde, Stranda IL, sprang 10 kilometeren på 47.41. Mange lokale heltar var truleg med her, men er vanskeleg å finne sidan fleirtalet ikkje operer med klubbnamn. Mellom anna vart namna til systrene Sjøholt med opphav frå Ikornnes IL, observerte på resultatlista.
Vi minner om at det einast er medlemskap i Velledalen IL som kvalifiserer til sikker omtale på denne sida, som altså er ei klubbside.
Publisert: S?ndag 17. September 2023 Kl. 15:56