Løpet gjekk direkte på NRK 1. Alle kunne sjå at det var trangt om «saligheita» i starten. Og varmt. I fylgje NRK sine løpskommentarar er løypa i København meir enn flate, med høgaste punkt 14 meter over havet, lågaste punkt 2 meter under havnivå. Nok om det. Ein av løparane våre, Frode Mauren (som sette årsbeste i dag), har sendt fylgjande melding til nettsida:
-
Det starta og føltes bra, men varmen tok oss i dag, det føle vel heile gjengen. Mitt varmaste løp nokon gong, kjendest det som.
Vurderte å bryte, men ikkje f…. Tenke å sette ny pers her i 2024
Tidene til VIL-løparane:
1.51.01: Anne Grethe Røren Leine, klasse K 40-44
1.50.29: Elisabeth Taubøll, klasse K 35-39
1.37.01: Bjørn Arve Brune, klasse M 55-59
1.27.49: Anders Wigdahl, klasse M 30-34
1.27.39: Frode Mauren, klasse M 50-54
1.25.06: Per Inge Bjørnestad, klasse M 50-54
1.12.51: Njål Torillson Tyssing, klasse M 40-44
Flotte prestasjonar av alle våre. Vi kjem tilbake med klassevis plasseringar
Njål sine 5 km tider var som fylgjer:
17.43 på fyrste fem
17.08 frå 5-10
16.57 frå 10-15
17.21 frå 15 til 20
3.41 på siste 1100 meter.
Dei andre VIL-løparane hadde vind i segla fyrste mila, for så å dabbe av i større eller mindre grad på den andre. Hadde truleg gjort seg med nokre småbakkar….?
København er o-gruppe-leiar Pernille Ibsen Lervåg sin heimby. Ho har sjølv sprunge halvmaraton her. Ser av resultatlista at der er ein kar ved namn Niels Ibsen, nummer 98 i det danske meisterskapet på tida 1.18.02. Bror din Pernille…?
PS. Hadde Njål vore dansk – og starta i det danske meisterskapet – ville han blitt nummer 42 uansett klasse. Førebels har vi ikkje sjekka i klasse M 40-44. Minner om at Njål vart norsk Meister i denne klassa i vår
Publisert: S?ndag 17. September 2023 Kl. 14:53