Arkivfoto frå 2022
7.oktober slår Velledalen IL eit slag for kreftsaka gjennom å arrangere Oktoberløpet i Sykkylven. Alt overskotet går til den gode saka. Det vert eit eige barneløp med start 13.30 og vaksenløp – med og utan tidtaking – med start klokka 14.00. Hittil deler dei tolv påmelde seg slik:
1 påmeld barneløpet
1 påmeld med tidtaking
10 påmelde utan tidtaking
PÃ¥melding gjennom EQ-timing
Av erfaring frå Konradløpet veit vi at tyngda melder seg på siste veka før løpet, og kring 50 prosent av deltakarane fyrst dei tre siste døgna før start. Det er såleis ingen grunn til otte med omsyn til deltaking på noverande tidspunkt.
Publisert: Fredag 15. September 2023 Kl. 18:32