Det svingar av Espen Utgård Sæther for tida. Motbakkeløp har han ikkje sysla mykje med, men laurdag 9.september heiv han seg med i Lyderhorn Opp. Ikkje av dei lengste motbakkeløpa, men farta desto kvassare. Vi kan seie det slik: vert ein nummer tre totalt i eit løp med solid deltaking i storbyen Bergen, ja, då har ein sprunge godt.
Her er dei ti beste
Lyderhorn Opp 2023:
-
Joel Dyrhovden, Samanger IL, 20.42
-
Erland Eldrup, Bodø Bauta Løpeklubb, 21.48
-
Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 22.05
-
Tristan Kahrs Guldbrandsen, Viking TIF, 22.19
-
Jens Dybvik, BFG Bergen Løpeklubb, 22.33
-
Anders Veum, Varegg Fleridrett,23.01
-
Trygve Markås, Oksskolten IL, 23.40
-
Bjarne A. Bakke, Fjellgeitene, 23.59
-
Oskar M Steinhaug, Ølkam.Løpeklubb, 24.07
-
Anita I. Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb 24.24 (beste kvinne)
Nettsida har fått ein kommentar frå Espen:
-
Sterkt felt med tidlegare NM-vinnar på fyrste plass og VM-deltakar på 2.plass. Elles er slike løp uvant kost sidan all trening er på flatmark, men ei grei gjennomkøyring før Oslo.
Og Oslo ja. Der har vi to debutantar på heilmaraton komande helg. Espen som har planar om å springe fort (mål under to timar og 40 minutt) og Mathilde Sofie som har som mål om å fullføre distansen etter eit veddemål av medstudentar. Vi kjem tilbake til fleire namn, men komande helg har vi store troppar i København, i Oslo og to utøvarar i Belgia (VM- OCR hinderløp).
Publisert: MÃ¥ndag 11. September 2023 Kl. 19:50