Ikkje uventa vann Kjell Magnar Berli. Han brukte 28.08 på turen frå Ikornnes Idrettspark til målgong på Stavekollen. Nærast han kom ein veltrena, pensjonert fotballspelar, Robert Sogge. Siste pallplassen gjekk til Per Inge Bjørnestad (30.38). Og ei ekstra fjør i hatten til han: Han er godt over 50 år…. Og om ein legg saman tidene for Konradløpet i Velledalen og Stavekollen Skyrace var Per Inge den beste i 2022. Beste kvinne i same dobbel vart Erika Oginte (nummer fire laurdag).
Etter Per Inge tok Velledalen IL 5.plass ved Ole Martin Korsnes (32.37), 6.plassen ved Per Magne Drotninghaug (33.00), 7.plassen ved Øystein Bakke (35.35) og 8.plassen ved Alf Petter Bøe (35.47).
At May Evy Nesheim tok seg av kvinneklassa var heller ikkje særleg overraskande, sjølv om ho er i siste halvdel av 40 -åra (K 45-49). Men ho er veltrena og sterk, og ekstra seig i motbakkar. May Evy sin kvinnerekord i løpet lyder på 35.43
Velledalen IL sin yngste deltakar på tid var Ola Drotninghaug. Eit skikkeleg godt løpsemne for framtida. Denne gongen brukte han 39.13 på løpet – ei personleg bestetid vi er ganske sikre på står berre eitt år.
Publisert: S?ndag 10. September 2023 Kl. 20:06