Torvikbukt 6 toppar har to distansar. Ein mosjonsvariant på 13 km og eit langt tøffare alternativ på 22 kilometer. Gyls-tvillingane valde det hardaste alternative, trass i at dei komande helg stiller i stormønstringa BMW Oslo Maraton.
Men tilbake til Torvikbukt.
Beste løpar i 22 km-utgåva vart Egil Pascal, Dynafit, som kryssa mållina på sterke 2.38.53. Iselin Sæther frå Åndalsnes vart beste kvinne på 3.25.29. Andreas Nakken vart nummer 12 av alle herrar uansett klasse på 3.47.27. Sivert tok det rolegare og kom inn som nummer 29 av herrane på 4.27.57. Men likevel ei relativt kvass oppkøyring til løpa i Oslo for Gyls-gutane.
På fotoet ser vi alle elevane som starta opp i kondisklassa i 2022 ved folkehøgskulen i Torvikbukt. Og det er verdt å merke seg at alle desse elevane deltok i Konradløpet 2023 – fleire av dei med svært sterke plasseringar som resultat.
Publisert: S?ndag 10. September 2023 Kl. 19:32