Arkivfoto
Diverre, når tre sunnmørsklubbar bestemmer seg for å arrangere motbakkeløp ikkje berre same helg, men same dag, vert det ikkje nok deltakarar til alle.
Utruleg nok vart Varden Opp i Langevåg, Urke Challenge Saksaløpet (Ørsta kommune) og Stavekollen Skyrace Sykkylven alle arrangert laurdag 9.september. Naturleg nok med dårleg deltaking i konkurranseklassa alle stadar. Varden Opp i Langevåg fekk 18 fullførande. Bestetid vart notert av Matias Mørkedal, Vern om Sula, med 30.42. Beste kvinne vart Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK Stavanger med 36.09. Velledalen IL sin einaste deltakar i løpet var Stig Marius Vestnes. Han vart vinnar av klasse M 50-54 på 48.58
-
To minutt og 27 sekund betre enn i fjor, skriv Stig Marius i ein kommentar på Strava
Bravo, Stig Marius!
Publisert: S?ndag 10. September 2023 Kl. 19:30