Arkivfoto
Dermed er VIL-troppen oppe i elleve menn og ei kvinne (bravo Irene Mork!)
Espen Utgård Sæther er venta bli Velledalen IL sitt sterkaste kort på halvmaraton, med mindre Constantin eller Njål skulle dukke opp. Vi går ut frå at Espen er på nivå med Kjell Magnar. Ved påmelding må løparane antyde si eiga slutt-tid. Espen har kome i gruppe «under 1.30», medan Ole-Martin er i gruppe 1.30-1.40.
Espen trur vi kjem greitt under 1.20 til og med – på ein normal dag. Og Ole-Martin har hatt stor løpsframgang etter han la fotballen på hylla, så vi vert ikkje overraska om at han spring kring 1.30 – sjølv om han ikkje er nokon erfaren mann etter asfalt og brustein.
VIL har deltakarar på alle distansar i Ålesund, bortsett frå 5 km. Her må vi kanskje nøye oss med ein utflytt velledaling – Mathias Lade Ulriksen er påmeld på distansen der May Evy Nesheim og Erika Oginté gjorde det svært bra i fjor. Totalt har deltakartalet no kome opp 700, alle distansar medrekna. Det kan enno bli fleire VIL-utøvarar.
PS. Vegard Riksheim Tandstad sin heilmaraton-debut vert fylgd nøye, og det vil kome ein tippe-konkurranse på Facebook der beste tips gir premie.
Publisert: MÃ¥ndag 5. Juni 2023 Kl. 22:32