Arkivfoto
Velledalen IL hadde ingen stor tropp med i Molde.
Kun to av 55 deltakarar representerte laget vårt. Men det var to løps-sterke karar, både Alatair og Jakub sette nye bestenoteringar under Konradløpet 1.mai. Men det har vist seg før; orientering er vesentleg meir enn å kunne springe fort.
Jakub
starta i klasse H 21-. Vi veit lite om løpet hans hittil, anna enn det resultatlista seier; at han vart diskvalifisert. Om det var tidleg eller seint i løpet det gjekk gale er uvisst, men Jakub har ein KM-tittel frå 2022 å sjå tilbake på
Alastair
skriv fylgjande i ein kort kommentar til nettsida vår:
-
Bom på fyrste post, elles eit bra løp.
Og går ein inn på løparane sine strekktider ser ein det tindrande klart. På 1. post var Alastair heile tre og eit halvt minutt bak vinnaren Knut Vidar Haukebø Siem. I resten av løpet var skotten betre enn vinnaren på sju av ni strekk. I mål skilde det 39 sekund. Her er resultat frå KM, arrangert av Molde og Omegn IF, sundag 4.juni.
Klasse H 40-:
-
Knut Vidar Haukebø Siem, MOI, 55.08
-
Alastair Brunton, Velledalen IL, 55.47
-
Vegard Nygaard Reite, MOI, 57.25
-
Jan Ole Fuglem, Emblem IL, 58.09
-
Halgeir Dahle, MOI, 59.07
-
Endre Klokk Leite, MOI, 59.22
-
Hans Gunnar Høyland, Emblem IL, 1.07.08
Publisert: S?ndag 4. Juni 2023 Kl. 16:42