Arkivfoto
Nesheim-tvillingane deltok i Bergen Fjellmaraton.
Distanse 21,1 kilometer med 1000 høgdemeter på kjøpet, altså eit krevjande løp.
PÃ¥ Strava skriv May Evy fylgjande:
-
Finfin løype. Litt kø fyrste fire km.
Sånn passe dagsform etter nokre dagar med forkjøling. Tid 2.35.54. 5.plass i klassa. Nøgde.
Litt meir kjøt på beinet. May Evy vart altså nummer fem i klasse K 45 -49, av 12 fullførande. Ho vart nummer 40 av 110 fullførande kvinner. Passeringstidene viser at May Evy har variert mellom plasseringane 371-405 (det er av samtlege startande). Best plassering i mål. Ganske typisk May Evy – ho sprekk aldri!
Tvillingbror Ola Åge hadde truleg ei «hjelperyttar-rolle» i løpet. Han kom inn mest på same tid som May Evy, 2.35.24. Med den tida vart han nummer 43 av 76 fullførande i klasse M 45-49. Men det viktigaste; løpet gav meirsmak, og Nesheim-tvillingane nok ei gild oppleving – saman.
Publisert: L?rdag 3. Juni 2023 Kl. 09:18