Og la det vere sagt med ein gong; Njål sprang fort også her. 634 vaksne utøvarar fullførte 5 km i dette løpet.
Lista over dei tolv beste (uansett klasse)ser slik ut:
15.19: Jostein Rogstad, Sportsklubben Vidar, M 23-39 år
15.31 Haakon Engelsen berg, Sp. Vidar, M 23-39 år
15.43: Eivind Klokkehaug, Sp Vidar, M 23-39 år
16.06: Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, M 40-44 år
16.09: Jørgen vevang, Sp Vidar, M 23-39 år
16.18: Jan Marcus Nielsen Solheim, Oslo, M 23-39 år
16.18: Martin Holtet, Kongsvinger IL, M 16-17 år
16.19: Ragnar Nersten, Deloitte BIL, M 23-39 år
16.20: Christoffer Hagen, Sp Vidar, M 23-39 år
16.21: Eirik Offenberg, Sandefjord, M 23-39 år
16.21: Halvor Myhrvold, Sp Vidar, M 23-39 år
16.21: Tobias Nymo Melseth, Oslo, M 23-39 år
Som vi ser, Njål er einaste mann over 40 år i toppen av dette «selskapet». Omrekna til Konradløp-fart tilsvarer Njål sitt løp 14.20 – STERKT!!
Om løpet sitt skriv Njål fylgjande på STRAVA:
-
Bra driv og brukbar disponering. Klarte med nød og neppe 4.plass. Langt opp til pallen.
Smålåten denne Tyssing-guten. Han kunne like godt skrive at han var klart best i klasse 40-44 år, at han totalt vart nummer fire av 634 vaksne fullførande, ogh at vi ikkje har sett det beste av han enno…..
Så registrerer vi nytt godt løp av Tobias Nymo Melseth.
Som vi framleis trur er son til Håkon Melseth, tidlegare vinnar av Konradløpet. Har vi rett er Frank Melseth bestefaren og Rolf Melseth oldefaren
Publisert: Torsdag 25. Mai 2023 Kl. 17:20