Navigasjon
Navigasjon
Minneord Margit Fet: Ein ekte idrettsven

Namnet Margit Fet dukkar opp i Velledalen IL sine møtebøker i 1950. På haustparten dette året kom ho inn i handballstyret. Der var det stort fleirtal av kvinner, men skam å seie veit vi ikkje kva dei dreiv med. Det finst nemleg ikkje eit einaste resultat frå kampar. Vi finn òg Margit Fet i medlemslista.

    Ã…ret etter, i 1951, vart Margit den fyrste kvinnelege bygdameisteren i alpint frÃ¥ Velledalen IL. Margit vann klasse A, Anne Bjørke klasse B, kan ein lese i møteboka. Siste gong vi kan lese om sportsleg aktivitet for Margit var i 1953, dÃ¥ nummer to i alpint BM.

 

Så vart det kjærleik og ekteskap med knappe to år eldre Magnar Fet. Magnar var dyktig i alpint, hoppsport, fotball og springing. Han vart æresmedlem i Velledalen IL og har enno lengste ståande skihopp i laget i konkurranse med 53 meter frå Hornindal i 1949. Såleis var det ikkje uventa at alle tre borna deira – Ole Jostein (f. 1955), Eli Johanne (f 1957) og Øyvind (f 1960) – gjekk i mora sine fotspor og vart bygdameistarar i alpint. Mange gonger. Og gutane i familien dreiv det enno lenger, mellom dei beste i sine årsklasser på Sunnmøre. Øyvind vart den mest allsidige med KM-tittel i lengdehopp utan tilløp, to KM-titlar i storslalåm og FM (fylkesmeister) i alpint. Men rosina i pølsa var kanskje september-laurdagen i 1978 der både Ole Jostein og Øyvind var med på laget som spela VRF opp på nivå 3 og vart KM-vinnar i den gong øvste krinsserie på Sunnmøre (4.div).

 

Eit langt hopp i tid. Då Velledalen IL i samband med 100 års jubileet i 2006, dreiv innsamling av idrettsminne, var Margit Fet mellom dei ivrigaste. Ho var, saman med sin familie og slektningar, mellom dei klart største leverandørane av stoff. Såleis har ho sett varige spor etter seg i Velledalen IL. For å ære Margit sitt minne tek vi med nokre småstubbar frå Fet, slik Margit kalla det då ho leverte det frå seg:

 

Småstubbar frå Fet:

Nybø-ungdomane frå Fet var kjende for å vere svært «ordrame», især han Sigurd. Her er nokre historier han har fortalt:

 

Supå

Nybø-Perry var ein god hoppar. På Fitjastølen var der ein fin hoppbakke der gutane brukte hoppe. I påska, og elles også, var det stor aktivitet i bakken. Ein dag gjekk det ikkje likare til enn at perry ramla. Han kom rett frå middagsbordet. Då han røyste seg oppatt etter fallet kom fylgjande:

  • Det var supÃ¥ som la seg bort i eine sidÃ¥.

 

Tissatrengd i svæva

Smågutane på Fet laga seg ein liten hoppbakke framom Bakkane. Her styra dei på heile dagane. Ein dag gjekk det ikkje så bra for han Jan Petter. Han vart «trengde», men det var ikkje så lett for ein liten kar med kjeledress og mykje kle. Då han kom heim fekk han skjenn av far sin.

  • Ka du pappa ha gjort viss du vart tissatrengd mist i svæva, spurde Jan Petter.

 

Skuggjin

Nybø-Sigurd og Jørn-Jostein var på skitur til Blåtind som ligg ovanfor Sunndalen. Då dei skulle heim, kom dei på at dei skulle renne beint unda. Føret var godt og farta vart stor. Etter turen sa Sigurd:

  • Øss fekk slik ei himla fart at øss rende frÃ¥ skuggjin vÃ¥r.


Publisert: MÃ¥ndag 22. Mai 2023 Kl. 16:10
Siste nyhende
HYROX
På Lørdag deltok både jeg, Nikolai og broren til Nikolai i Hyrox i Malmø.
Les meir (03.10.2023)
Gloppen halvmaraton komande laurdag
Velledalen IL stiller ein fin tropp i løpet
Les meir (02.10.2023)
73 sprang o-løpet «Fjellgeita» på Emblem
Trist, men ingen frå Velledalen IL deltok
Les meir (02.10.2023)
Anette sterk i Hyrox Malmö
Arkivfoto Så vidt vi skjønar ein relativt ny idrett
Les meir (01.10.2023)
2770 grasrotkroner i september
Stor takk til ALLE som støttar Velledalen IL gjennom denne ordninga.
Les meir (01.10.2023)
Ynskjer du dunjakke?
Velledalen IL er i ferd med å bestille dunjakker med VIL-logo på.
Les meir (28.09.2023)
Idrettsskulen har starta opp att
11.september starta idrettsskulen opp att etter sommarferien.
Les meir (27.09.2023)
Påmeldingane sig inn til Oktoberløpet
Arkivfoto Påmelding til EQTIMING.NO – søk på Oktoberløpet
Les meir (25.09.2023)
Trimpostsesongen inne i siste veka
Vi minner om at bokbyte markerer starten på ny sesong ved dei 15 postane.
Les meir (25.09.2023)
Påmelding Førjulsmessa
forjulsmesse@gmail.com
Les meir (25.09.2023)
O-løp på Emblem komande sundag (1.oktober)
Hiv deg med på avslutningsløpet for 2023-sesongen.
Les meir (25.09.2023)
Er May Evy klarsynt….?
Etter to maraton-tippingar er det god grunn til å stille spørsmålet.
Les meir (24.09.2023)
Njål sette klubbrekord på 10 000 m bane – 32.42
Rekorden vart sett under Kvalheim-mila i Oslo
Les meir (23.09.2023)
Solid av Hilmar og Stig Marius rundt Lerstadvatnet
43 utøvarar fullførte Midt-Norge Bedriftsidrettskrets sitt løp i Ålesund.
Les meir (23.09.2023)
23.september: Magnus Ødegård fyller 90 år
Arkivfoto Magnus kom frå Skjåk til Velledalen på 1950-talet – for å arbeide
Les meir (23.09.2023)
Noko å strekkje seg etter – VIL sine klubbrekordar
Vi har fått spørsmål om kva som er Velledalen IL sine klubbrekordar. Her er dei.
Les meir (23.09.2023)
Bø-Rolf har passert 80 år
Sjå foto! Lagbilete av VRF frå 1960-talet ein gong. To av spelarane har passert 80 i år
Les meir (22.09.2023)
10 uttrekkspremiar for tidleg påmelde
Det lønnar seg å vere tidleg ute å melde seg på Oktoberløpet!
Les meir (22.09.2023)
Referat frå Njål
Tenkte det var på tide å gje ein lyd frå seg vedrørande årets løpesesong, men hovudsakelig ei oppsummering frå København. Så her køyrer vi:
Les meir (21.09.2023)
Somme konkurrerte, andre var på treningsleir
Stig Marius Vestnes og Hilmar Kråkenes valde sist helg treningsleir i staden for konkurranse
Les meir (20.09.2023)
Laurdag 23.sept: Lerstadvatnet Rundt
Her vert det familieløp i ei kort løype, ved sida av dei tradisjonelle distansane, 5- og 10 km.
Les meir (20.09.2023)
Internasjonalt i København halvmaraton
Samla var langt over 40 000 i aksjon under BMW Oslo Maraton og København Halvmaraton sist helg
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
Søndagen
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
Fra lørdag
Les meir (20.09.2023)
Rapport fra OCR-VM i Belgia 15.09-17.09
I helgen deltok vi i historiens første offisielle VM i hinderløp (det finnes også et uoffisielt VM, hvor vi har deltatt tidligere som snart arrangeres i USA).
Les meir (20.09.2023)
Her kjem VIL-løparane sine plasseringar i København
To kvinner og fem menn med spenstige plasseringar i København Halvmaraton.
Les meir (19.09.2023)
Storbil-sjåfør, king of the road-Frode, i København
Les Frode Mauren sin rapport mellom 27 000 i halvmaraton, og turen elles til København.
Les meir (18.09.2023)
No går det gjetord om Velledalen IL i Oslo
Mellom anna slik står det i ei hyggjeleg melding frå Oslo etter god sportsleg innsats av utøvarane våre i helga.
Les meir (18.09.2023)
Anette stabil i OCR-VM
Arkivfoto Sprang tre løp i Genk, Belgia til plasseringane 12 – 11 – 12.
Les meir (18.09.2023)
Kven vann tippinga på maraton-tidene..?
Du får svaret om du les denne saka
Les meir (18.09.2023)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no