NM-vinnaren: - Kan ikkje hugse sist eg sprang så sakte.
Foto: Nam Thi Nguyen
Rapporten frå NM-vinnar i klasse M 40-44, Njål Torillson Tyssing er alt komen i hus. Her gir vi lesarane våre utdrag frå tilbakemeldinga:
-
Eg må innrømme at dette løpet vart veldig slitsomt. La ut i ambisiøs startfart, men fekk det verkeleg etter ca 10 km. Varmt i vêret og litt svingete løype gjorde at dette vart krevjande for mange.
Mellom dei som slokna i siste del av løpet var tittelforsvararen frå Gloppen, Frew Zenebe Brkineh, frå Sandnes IL. Han var lenge i tet i Skien, men enda til slutt på 3.plass uansett klasse, 2.33 minutt bak totalvinnaren Petter Johansen frå Lillehammer IF. Brkineh sprang fem minutt seinare i Skien enn han gjorde i oktober 2022 i Gloppen.
Men tilbake til vår eigen Njål, som vidare seier:
-
Kan ikkje hugse sist gong eg sprang so sakte på ein halvmaraton, men heller ikkje hugse sist det var so varmt med startnummer på
-
Men det var likt for alle som Sverre Gunnar Brunstad sa, så eg trur ikkje eg hadde klart noko betre plassering med ti grader kjøligare.
Her er NM-resultata frå klasse M 40-44:
-
Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 1.16.37
-
Erling Hisdal, IK Tjalve, 1.23.36
-
Kjetil Bang Throndsen, Rye Sp.klubb,1.24.35
-
Øyvind Nilsen, Risør IL, 1.27.52
-
Anders Haukli, Skade, Idrettslaget, 1.54.54
Karl Magnus Mangerud, DNF (fullførte ikkje)
Publisert: S?ndag 21. Mai 2023 Kl. 20:12