Konradløpet 2022
Frå juryen heiter det:
-
Hopp- og langrennsgruppa i Velledalen IL vil gi Lars Inge Sæther ein pris for arbeidet med tidtaking under arrangementa gjennom vinteren. Han er ein viktig støttespelar – ein som alltid stiller på.
Og ja, Lars Inge er ein viktig mann for Velledalen IL på mange felt. Ikkje minst i gjennomføringa av Konradløpa er han ei viktig brikke. Fram til no er det han som har hatt hand om påmeldingane til hovudløpet, han er fast stemnekontor-leiar. Og ikkje minst, med sirleg presisjon tek han seg av statistikk-føringa etter løpet. Der er alt på stell, kvart einaste år, heilt tilbake til starten i 2002.
Ein verdig prisvinnar, og særs god gratisarbeidar for Velledalen IL!
Publisert: Fredag 3. Februar 2023 Kl. 21:17