Blomar for stort engasjement:
Myriam Van Wunsel
var ikkje til stades under Idrettsgallaen 28.januar. Men ho fekk gode ord og lovnad om blomar for det store arbeidet ho la ned med Førjulsmessa 2022. Der var ho utstillarkontakt og ansvaret for korleis dei ulike utstillarane skulle plasserast. Myriam er ei særdeles positiv, og kreativ kvinne - ein ressurs for Velledalen IL, slo juryen fast.
Myriam har sitt opphav frå Belgia.
Blomar for stor dugnadsvilje:
Alle tre prisvinnarane som vert omtala tysdag 31.januar er tilflyttarar til Sykkylven. Janne Tomtum er ein av tilflyttarane våre som har markert sterkt - på ulike felt. Ho gjer ein innsats for Idrettskulen vår, ho er sirkel-trening- instruktør, ho tek sine tak i o-gruppa eller andre grupper der det trengst. Rett og slett eit aldeles positivt menneske, som også stiller opp sportsleg.
Du kan finne henne i skiløypa, i o-løp, i Konradløpet eller Tomasløpet.
Enn så lenge held allsidige Janne fylgje med gutane sine. Velledalen IL er svært glade for at vi har Janne i rekkjene våre.
Janne er lege av yrke og har opphavet sitt frå Austlandet.
To kvinner fekk blomar og gode ord for innsatsen sin for Velledalen IL i 2022. Les kven.

Publisert: Tirsdag 31. Januar 2023 Kl. 22:25