Arkivfoto
Ja, kanskje til og med flagga burde dei gjort. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven har mormor frå Øggardsvikja på Tandstad. Såleis har ho mykje slekt i Sykkylven. Kristine har tidlegare vist – mellom anna i Konradløpet – at ho er ein god løpar.
Løyperekorden for kvinner i dette løpet lyder på 16.59. Innehavar: Kristine Hjellbakk Hole.
I går kunne dei som såg NM-stafett på ski frå Gjøvik, sjå at Kristine Hjellbakk Hole gjekk siste etappe for Lillehammer Skiklubb. Ho kom inn på oppløpet som nummer fem, men spurt-slo Berit Mogstad på Strindheim IL, slik at Lillehammer vart nummer fire. Og Kristine hadde fjerde beste etappetid på siste etappe med 16.09. Framifrå godt levert i sprengkulden (minus 18 grader)!
1.
Kjelsås IL, 46.17
2.
Konnerud IL, 46.22
3.
Tromsø Skiklubb 46.46
4.
Lillehammer Skiklubb, 47.11 (Ida Ramstad, Thea Sørum og Kristine Hjellbakk Hole)
5.
Strindheim IL, 47.12 (med to blad Mogstad frå AP Bøe sine heimtrakter på laget)
Altså ingen lag frå Møre og Romsdal i toppen, men heile tre løparar med opphav frå fylket inne topp-5!
Hurra for Kristine, Øggarvikja, Konradløpet og NM i ski-stafett!
Publisert: MÃ¥ndag 23. Januar 2023 Kl. 16:32