Telenor-Fjellsætercup 23: Opningsrenn sundag 22.januar

Arkivfoto
Skisesongen er godt igong, og vi er klare til å starte opp att med ein ny sesong
av TeleNor-Fjellsætercup i langrenn (TFC).
Vi har sett opp følgjande datoar for dei ulike skirenna vi vil prøve å arrangere:
TFC-renn 1: TeleNor/Fjellsætercup: Su. 22. januar (fri teknikk) *
TFC-renn 2: TeleNor/Fjellsætercup: Su. 5. februar (fri teknikk) *
Barnas Fjellsæterrunde: Su. 19. februar (klassisk stil) Fellesstart
TFC-renn 3: TeleNor/Fjellsætercup: Lau. 25. februar (fri teknikk) *
TFC-renn 4: TeleNor/Fjellsætercup: Su. 12. mars (fri teknikk) *
Bygdameisterskap: Su. 26. mars (klassisk stil)
TFC-renn 5: TeleNor/Fjellsætercup: Palmesundag 2. april (fri teknikk) *
* Deltakarane i Velledalen IL sin aktivitetsskule får dekka startkont. av idrettslaget i cuprenna.
Alle deltakarar får TeleNor-oppstartspremie ved påmelding i sitt fyrste renn.
For å bli vidare premiert TeleNor/Fjellsætercup må ein delta i minst to renn eller
I Barnas Fjellsæterrunde og i Bygdameisterskapet blir det premieutdeling
umiddelbart etter at løparane er i mål. Her må ALLE betale startkontingent.
Påmelding ved start (tidtakarbua ved lysløypa) frå/til kl. 12.45 – 14.00
Start å gå når du er påmeld (MED ELLER UTAN TIDTAKING).
NB! For dei som vil gå på tid UTAN å måtte gå forbi veldig mange, vent til det ikkje
er så mange born og vaksne ute i løypa og evt. til seniorane skal starte.
NB! I Barnas Fjellsæterrunde er det påmelding frå kl. 11.15 og total
fellesstart kl. 12.30 NB! Her er det VIKTIG å vere ute i god tid!
Startkontingent: Born kr 50,- Vaksne kr 100,- per renn, eller
kr 200,- / kr 400,- for alle renna. VIPPS til #100921
Merkerenn-distansar etter alder: Frå 2,0 km og opp til 10 km
For resultat og generell info sjå nettsida: http://idrettslaget.velledalen.net
VI HÅPER AT SVÆRT MANGE STØTTAR OPP OM ARRANGEMENTA!!
Ta med deg alle du kjenner og KOM!!!
Hugs: Det er ALLTID MYKJE betre vér på Fjellsætra enn heime!!!
Arrangør:
Sykkylven IL, Ski-Nordisk Velledalen IL, langrenn
Kristian Moe Svein Nakken
41627959 90793343
Publisert: MÃ¥ndag 16. Januar 2023 Kl. 17:32
Siste nyhende
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |