Vital storbil-sjåfør for H.I. Giørtz i Ålesund jubilerer
Foto: Anita M. Nakken
Fleirtalet av storbil-sjåførane i kongeriket Noreg spring ikkje. Normalen er heller daffe, kaffi-tørste karar, med snev av overvekt og slapp buk. Men i Velledalen IL er vi så heldige at vi har éin kar i yrkesgruppa, som faktisk spring – både fort og langt. Og han er til og med spurtsterk!
Det er ein del år sidan no – kanskje kring fem – at han kom til Velledalen IL. Han budde i Ålesund kommune og sysla – ulikt frå storbil-sjåførar flest - med litt springing. Både motbakke- og flatare løp. Han hadde lagt merke til nokre karar som såg ut til å ha det kjekt i lag. Og i arbeidet sitt for H.I. Giørtz trefte han igjen nokre av dei i kaféavdelinga ved Nærbutikken i Velledalen, der han leverte varer. Han vart godt motteken, mest som hos næraste slekta, ettersom han vart traktert med kaffi, kaker og mokkabønner….. og så vart det diskutert trening, tider, løpssko og «anna». For Frode Mauren vart vareleveringane hos Nærbutikken Velledalen ganske så snart eit høgdepunkt i arbeidsveka.
Før han visste ordet av det, hadde han vorte ein av dei. Han representerte Velledalen IL. Der treivst han som løpar, og han fekk ansvar på andre felt. Eksempelvis til friidretts-løparane sin klubb-kolleksjon. Åra i klasse M 45-49 har gått unna i rekordfart. Fyrst med stor framgang på alle distansar, så litt stagnasjon og skadar, før han hausten 2022 slo til med to saftige nye personlege rekordar:
·
1.22.50 på NM-halvmaraton i Gloppen i oktober 2022.
·
36.43 på 10 km under Hytteplanmila ved Hønefoss nokre veker seinare.
På Kondis sin veteran-statistikk for kongeriket Noreg, er Frode inne på topp-100 i klasse M 45-49 både på 10 km og halvmaraton. Kor mange storbil-sjåførar har «den» i beltet…?
Frå 1.januar 2023 hoppa Frode Mauren opp i klasse M 50-54 år. Fotoet som fylgjer denne saka viser hans fyrste løp i denne klassa, frå Vinterløpet i Ålesund 14.januar. Altså berre to døgn før 50 års dagen. Med andre ord ferskvare, knipsa av Anita Mosby Nakken.
Karar som Frode Mauren er definitivt sjeldan vare. Slike må pleiast etter alle kunstens reglar. Og det skal vi gjere. Komande fredag et vi kake til ære for Frode i kaféavdelinga Nærbutikken Velledalen. Meldinga friidrettsleiar AP BØE plar sende ut lyder slik: « Frode køyrer frå Stranda no»! Så får dei møte fram alle som vil og kan – tidspunktet er vanlegvis mellom klokka 11.00-12.00.
Atle Jomar
PS. Vi finn det rett å nemne at herr Mauren også har rekruttert Velledalen IL med ein ung skihoppar – også det sjeldan vare.
Publisert: S?ndag 15. Januar 2023 Kl. 22:11