Arkivfoto
Kasserar Henning Tandstad gliste breitt då han melde om namna på dei som hadde betalt kontingent for 2023. Mellom desse var nemleg Espen Utgård Sæther. På fotballspråket ville ein sagt: «Ei særs god signering»!
Espen utmerka seg som ganske ung på idrettsfronten. Fyrst som ein svært god syklist. Vi veit ikkje bestetida hans eksempelvis i Nibberittet i Geiranger, men det er i alle høve godt under 1.20 (ein time og 20 minutt). Siste åra har Espen fleire gonger utmerka seg i løp. Både på Sunnmøre og andre stadar. Vi treng ikkje gå lenger tilbake enn siste månaden av 2022 for å vise at han har kvalitet:
28. november sprang han 5 km under Necon Vinterkarusell på 17.41
3.desember vann han M 23-34 under 6.løp av Maratonkarusellen (truleg Bergen) på 1.17.55.
28 desember vart han best av alle som sprang halvmaraton i Ålesund på 1.18.50 – på vinterføre
Tek vi ikkje mykje feil fyller Espen 28 år i 2023, med andre ord ein løpar med framtida føre seg.
Ein løpar som ut frå resultata, er svært nær på same nivå som Kjell Magnar Berli.
Publisert: MÃ¥ndag 9. Januar 2023 Kl. 19:56