Arkivfoto
Laurdag 14.januar er det nytt Vinterløp i Fremmerholen i Ålesund. Som vanleg med distansane 5 eller 10 km. Start klokka 14.00
Kvart år betalar Velledalen IL startkontingenten til løparane sine i nokre utvalde løp. Vinterløpet 14.januar i Ålesund er eitt av desse.
Difor bed vi om:
Alle som ynskjer delta melder seg på til Henning Tandstad. Meld frå om du vil springe 5 eller 10 km.
Henning ordnar så påmeldinga til arrangøren.
Krav til løparen:
·
MÃ¥ ha betalt medlemskontingent i VIL i 2022 eller 2023.
·
Må ha på seg minimum Velledalen IL løpstrøye.
Born kan også delta, men vi rår til at løparar 11 år og yngre spring i fylgje med vaksne
Måndag 9.januar klokka 15.00 stod 11 namn på arrangøren sine påmeldingslister.
Målet må vere at Velledalen IL mønstrar like mange.
PS. Det er fullt mogleg å ta løpet som god trening til noko større som kjem seinare i sesongen.
Publisert: MÃ¥ndag 9. Januar 2023 Kl. 19:49