Frode Mauren i frontDet som før var kjent som "Ålesund Vinterkarusell" har vore eit populært løp for VIL-løparar, arrangert stort sett 2. laurdagen kvar månad gjennom vinterhalvåret.
Det har vore litt endringar i det tradisjonelle arrangementet etter at bedriftsidretten tok over arrangementet frå "Ålesundsløpene", men årets januarløp er slik som før, med 5 km. og 10 km. som distansealternativ, og Dekkmann i Fremmerholen som utgongspunkt. Sidan løypa er lik den vi er kjend med tidlegare, kan løparane måle dei gamle tidene sine opp mot det dei klarer å prestere 14. januar.
Som ein stor bonus har leiar i Velledalen IL si friidrettsgruppe, Alf Petter "Affe" Bøe, sagt at klubben betalar startkontingenten. Krava til å få den sponsa er følgjande:
1. Betalt medlemskontingent i 2022 eller 2023.
2. Gjennomfører løpet i MINIMUM Velledalen IL-overdel.
All påmelding til løpet gjerast ved å melde frå til nemnde Alf Petter, eller til kasserar i laget, Henning Tandstad, som tek seg av påmeldinga.
Det er ønskjeleg at dei som vil vere med melder seg i løpet av denne veka, slik vi får pryde startlistene tidleg. Men du vil sjølvsagt bli påmeld heilt fram til løpsdagen.
Publisert: Onsdag 4. Januar 2023 Kl. 12:13