Navigasjon
Navigasjon
Alt står ikkje i kortversjonen - etterord

Kortversjonen er henta frå 505 saker på nettsida til Velledalen IL i 2022. Men ALT kjem ikkje til Nettsida. Alle grupper er ikkje like flinke til å melde inn, og sidan dette er gratisarbeid er ikkje teften alltid like skjerpa. Såleis KAN det faktisk vere saker som manglar. Viktige saker, til og med.

 

Truleg let mange seg imponere av det høge aktivitets-nivået. Laget har innsett at ein må sjå vidare enn Velledalen rekk. Slik har laget rekruttert aktivitet langt utanom Sykkylven kommune. I løps-miljøet på Sunnmøre vert Velledalen IL rekna som ei «stormakt» med løparar spreidde frå Oslo i sør til Tromsø i nord. Breidde er viktig for laget. Difor hyllar vi slike som eksempelvis spring maraton for fyrste gong – uansett fart.

Vi arrangerte 12- og 24 timars løp i sommar. Mykje takka vere Frode Hoprekstad. Sjølv sprang mannen langt opp i 50-åra kring 182 000 meter dette døgnet. Han øydela helsa si for ei stund. Som «plaster på såret» skaffa han – og andre – 11 000 kroner til Unicef.

I oktober arrangerte vi Rosa Sløyfe-løp til inntekt for kreftsaka. 271 påmelde der.

MiniKonrad hadde 30.april 202 unge løparar i alderen 0-15 år. Ny rekord.

Så har vi Konradløpet, Tomasløpet, karusellrenn på ski og o-løp, overalt skal terskelen for deltaking vere låg.

Heilt på det lokale plan har Velledalen IL lagt mykje pengar og energi ned i den lokale Nærbutikken, i von om at fleire skal gjere det same.

 

Vi er stolte over alle dei fine utøvarane vi har frå andre nasjonar. Namna står i kortversjonen. Vi har blitt glade i dei, og dei i oss. Og ein MiniKonrad-vinnar frå Kongo i 2022 – kan det bli betre…?

 

Mot slutten av 2021 vart dette året omtala som «Blytungt» på Nettsida. VIL miste i 2021 fleire æres-medlem, i tillegg til tidlegare leiarar i laget. Opp på alt kom okse-tragedien på Fet.

For somme kan truleg 2022 få same stempel – «Blytungt». Frå august og ut året fekk fleire av dei som står oss nær kjenne på sorga:

Frode Mauren – VIL-løpar – miste far sin i august.

Bjørn Arve Brune – VIL-løpar – miste far sin i august.

Linda Hovde – VIL-løpar – miste far sin i oktober.

Pernille Lervåg – o-løpar/gruppeleiar/æresmedlem – miste far sin i november.

Myriam Van Wunsel – Førjulsmesse-general – miste far sin i november.

Kristine Svenning – i VIL sitt hovudstyre – miste svigerfar sin desember.

 

Tapet av ein far, er som regel tapet av ein bauta i livet, og vil merkast tungt fyrste jula etterpå.

Minst tre av dei tapte fedrane var i 60- og 70-åra – eller sagt på ein annan måte;

Altfor unge til å døy.

 

Sjølv om ikkje kortversjonen nemnde dei, har vi dei i tankane.

Desse seks som miste noko av det mest verdfulle dei hadde.

Hjelp oss alle å vere gode medmenneske inn i 2023, og vise omtanke for dei

som har mist noko uerstatteleg – ein bauta i eit liv, som aldri kjem att.

 

Atle Jomar

nestleiar

 



Publisert: Tirsdag 3. Januar 2023 Kl. 20:29
Siste nyhende
60 deltakarar i andre rennet i langrennscupen
Foto: Anita M. NakkenRenn to i Telenor-Fjellsætercup i langrenn vart arrangert under gode tilhøve sundag 5.februar
Les meir (05.02.2023)
NM–helg å vere stolt av for Jakub
Arkivfoto Gjekk frå 16.plass i går til 6.plass i dag i seniorklassa under Randonee-NM på Nordmøre.
Les meir (05.02.2023)
Anders Wigdahl gjekk Fenstadrunden
arkivfotoKlassevinnar i klasse M 31-35 i det 28 km lange rennet.
Les meir (05.02.2023)
Fin prestasjon av Jukub Hejl på Nordmøre
Arkivfoto Nummer 16 i seniorklassa i Kårvatn Skimo – eit renn som osa kvalitet.
Les meir (04.02.2023)
«Årets Prestasjon 2022»
Også denne prisen gjekk til det somme vil kalle ein sjølvpinar – VIL-Nett kallar det hardhaus av dimensjonar.
Les meir (03.02.2023)
"Årets Gjennombrot 2022"
Stranda Fjord Trail Race 2022Prisen for «Årets Gjennombrot» går til ein skikkeleg seigemann. Eller kanskje rettare; seig mann.
Les meir (03.02.2023)
Orienteringsgruppa sin pris
O-gruppa i Velledalen IL gir pris til dei største orienterings-borna i laget for innsatsen i 2022.
Les meir (03.02.2023)
Hopp- og langrennsgruppa sin pris
Konradløpet 2022Delt ut til ein tru tenar som stiller seg til disposisjon år etter år
Les meir (03.02.2023)
Velkomen til renn to i lokal langrennscup
Arkivfoto Sundag 5. februar vert renn nummer to i Telenor/Fjellsætercup -23 arrangert på fjellet.
Les meir (03.02.2023)
Januar er over – talet grasrotkroner er klart
Denne månaden hadde Velledalen IL 110 givarar – det meste nokon gong.
Les meir (02.02.2023)
Idrettsgalla: Blomar for stort engasjement
To kvinner fekk blomar og gode ord for innsatsen sin for Velledalen IL i 2022. Les kven.
Les meir (31.01.2023)
Idrettsgalla: «Årets Nykomar»
Les kven som fekk prisen «Årets Nykomar» for idrettsåret 2022 i Velledalen IL
Les meir (31.01.2023)
Idrettsgalla 2022: «Nye Mål-Prisen» til tøff kvinne
Tildelt kvinne som debuterte som maratonløpar i New York 6.november 2022 – i ein alder av 61 år!
Les meir (30.01.2023)
Idrettsgalla VIL: Friidrettsgruppa sin pris
Denne prisen gjekk til to tenesteviljuge «ungdomar». Les kven.
Les meir (30.01.2023)
Idrettsgalla: Velledalen IL sender fire til København
Sjå kven som har prestert så godt i 2022 at dei får gratis reise og deltaking i København Halvmaraton.
Les meir (29.01.2023)
3.plass til Johan i Tomrefjord
Arkivfoto Allsidig idrettsgut, Johan Fløttum Fauske, nummer tre i KM langrenn (langdistanse) i klasse G 12
Les meir (23.01.2023)
Rekordhaldar i Konradløpet nr 4 i NM-stafett på ski
Arkivfoto Vi veit ikkje om dei gjorde det, men Øggardsvikja på Tandstad burde ha jubla i går.
Les meir (23.01.2023)
Resultatliste Telenor-Fjellsætercup – renn 1
Arkivfoto Medan heile 64 deltok utan tidtaking var deltakartalet for klassene tolv år og eldre fattige tolv utøvarar.
Les meir (23.01.2023)
Langrennscup: Deltakarliste for løparar utan tidtaking
Arkivfoto Kjempefin start for Telenor-Fjellsætercup 2023. Heile 64 utøvarar utan tidtaking (11 år og yngre). Kos deg med namna:
Les meir (23.01.2023)
Idrettsgalla
Arkivfoto frå 2019Velledalen IL inviterar alle medlemmar til eit sosialt samkome i kjellaren på ungdomshuset Vaarvon 28. januar kl. 18:00.
Les meir (20.01.2023)
Telenor-Fjellsætercup 23: Opningsrenn sundag 22.januar
Arkivfoto Fyrste renn (fri teknikk) i cupen vert arrangert sundag 22.januar med påmelding i tidtakarbua 12.45 – 14.00. Sjå heile renn-programmet for vinteren!
Les meir (16.01.2023)
Vital storbil-sjåfør for H.I. Giørtz i Ålesund jubilerer
Foto: Anita M. NakkenGratulerer med 50 års dagen den 16.januar, Frode Mauren!
Les meir (15.01.2023)
Vinterløp Ålesund: Slik gjekk det på 10 km
Foto: Anita M. NakkenVIL sine deltakarar på distansen var Erika, Vegard, Per Inge, Frode, Bjørn Arve og Fridtjof.
Les meir (14.01.2023)
Vinterløp Ålesund: Slik gjekk det på 5 km
Foto: Anita M. NakkenHer var Velledalen IL representert med Irene og Svein. Slik gjekk det.
Les meir (14.01.2023)
Åtte VIL-løparar sprang Vinterløp i Ålesund
I dag klokka 14.00 stakk 35 løparar ut frå start i Fremmerholen. Åtte av dei representerte Velledalen IL.
Les meir (14.01.2023)
Andreas vinnar av helgakonkurransen
Han visste at det dominerande namnet på topp-10 trimpostar siste året var INGER
Les meir (11.01.2023)
Velkomen til Velledalen IL Espen Utgård Sæther!
Arkivfoto Då han vann halvmaraton i Ålesund 28.desember stod det Laksevåg bak namnet. I 2023 spring han for Velledalen IL
Les meir (09.01.2023)
Vinterløp i Ålesund 14.januar
Arkivfoto Meld deg på til Henning Tandstad. Velledalen IL betalar startkontingenten til alle sine løparar.
Les meir (09.01.2023)
Kjøp O-boka, om du ynskjer eit praktverk!
Og til og med der ei o-samling på sykkylvsk grunn er omtala i tekst og bilete.
Les meir (06.01.2023)
Helgakonkurranse – kva er det store trimpost-namnet i VIL?
Svarer du rett på dette spørsmålet er du med i trekninga av premie.
Les meir (06.01.2023)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no