Vi kan ikkje anna enn seie TUSEN TAKK!
Utan å lyfte ein finger sig det dagleg inn pengar. Kasseraren nyt denne fine ordninga frå Norsk Tipping. Det er nemleg dei som tippar der, som legg att det som vert kalla «grasrotkroner» i lokale lag og foreiningar.
Talet givarar varierer mykje. Frå langt over 300 i Sykkylven Idrottslag til 1 einsleg i foreininga Eldsjel.
Vårt lag ligg altså på 109 givarar ved årsskiftet – det meste vi nokon gong har hatt.
Talet kroner ordninga gav i VIL-kassa er også rekord. Den gamle vart sett i pandemi-året 2021 og lydde på 35 354 kroner
I 2022 løfta givarane våre dette talet til 38 256.
Publisert: MÃ¥ndag 2. Januar 2023 Kl. 20:22