
OKTOBER:
Oktober starta med NM halvmaraton i Gloppen. May Evy Nesheim (K 45-49) og Sverre
Gunnar Brunstad (M 55-59) vart NM-vinnarar. Velledalen IL hadde største troppa saman med
Ørsta IL. Resten av VIL-deltakarane: Frode M, Tom Audun Rossland Knutsen, Ola Aage Nesheim
Øystein B, Per Inge, Hilmar K, Henning T, Anders W, Kjell Magnar, Fridtjof og Bjørn Arve
1.oktober vann Anette J kvinneklassa under «Toughet Gøteborg»
2. oktober vart O-løpet «Fjellgeita» arrangert av Emblem IL. VIL sin tropp:
Sofie Fauske, Malin Welle, Johan, Sigurd, Mikkel, Marianne og Pernille.
8. oktober arrangerte Velledalen IL Rosa Sløyfe-løp. I surt vêr.
Det totale påmeldingstalet – born og vaksne – var 271. Raskast på tid
var Vegard T og Erika O. Tilskipinga gav ein solid slant til kreftsaka.
16. okt: Hilmar K nest best i oktober-mila i Ã…lesund.
16. okt: Njål vann 10 km under Rekordløpet i Lier på tida 33.23.
22. okt: Anette J sprang 10 km under Hytteplanmila på 39.44 – klubbrekord.
22. okt: Frode M (36.43) og Anders W (37.01) sette personlege rekordar.
Oktober gav 3115 grasrot-kroner – 108 givarar.
NOVEMBER:
3. nov: Fekk 60 000 kroner i TEFT-midlar frå Sparebanken Møre.
Pengane går til innkjøp av EQ-timing tidtakar-system.
5. nov: Meldt at Bruna trimpost hadde flest noteringar av VIL sine
15 postar med 2526 signeringar.
6. nov: Skreiv Nettsida at Elling Hole (81) var eldste trimpost-vinnar i VIL.
6. nov: Anita Holmberg (61) debuterte på heilmaraton i New York (5.56.11)
10. nov: Nettsida skreiv: - Stor jubel i mange heimar, arbeidslistene til
Førjulsmessa er delte ut.
11.-13. nov: O-samling med base på Fjellsæter Ungdomssenter i regi
Velledalen IL og o-kretsen.
12. nov: Vinterløp i Ålesund med VIL-kvintetten: Vegard, Per Inge,
Tom Audun, Fridtjog og Kjell Magnar (35.32 på 10 km).
13. nov: Njål sprang mila på 32.40 på Jessheim. Klubbrekord for VIL.
13. nov: Anette sprang halvmaraton på 1.28.45 same stad. Klubbrekord.
19.-20. nov: Førjulsmesse i Velledalen Grendahus. VIL åleine om til-skipinga
for fyrste gong. Rekordresultat. Stor takk til Myriam!
26. nov: Nettsida skreiv at Inger Riksheim samla flest trimpoeng
3632 poeng etter 521 turar. Samanlagt-vinnar for 10. gong.
26. nov: Osloavdelinga heldt sesongavslutning på Røa.
28. nov: Ei nettsak basert på Kondis viser at Velledalen IL har
16 topp-100 plasseringar for veteranar på distansane 5,10, halv- og heilm.
109 givarar sytte for 3298 grasrot-kroner.
DESEMBER:
4. des: Kjell Magnar maraton-debuterte i Valencia på 2.45.19. Solid!
Gjennom desember månad vart VIL-sponsa premiar for handel på Nærbutikken
Velledalen vunne av Kjetil Hole, Ole P. Berge, Hanne Ulset og Ståle P. Ødegård.
6. des: Premieutdeling til trimpostvinnarane med kake og gode ord i Nærbutikken
Velledalen si kafé-avdeling.
I løpet av desember var vinnarane frå loddbøkene våre trekte. Dei tre gjevaste – av
30 premiar – gjekk til May Borvik, Sverre Jokstad og Grete Erstad.
26. des: Trimgruppa arrangerte Romjulsmarsj. Glatt og heller svak deltaking.
28. des: Ålesund Vintermaraton vart arrangert med desse VIL-løparane i aksjon:
Jan Rakottyai, Sivert M. Nakken. Maciej Decyk, Per Inge Bjørnestad, Fridtjof
Fredriksen, Erika Oginté og Andreas M. Nakken (3.03.24 på heilmaraton)
29. des: VIL medarrangør på Romjulsdans til inntekt for Velldalen Gr.hus
Desember gav 2890 grasrot-kroner – 109 givarar
På heile året kom det inn 38 256 grasrot-kroner. Som er ny årsrekord. Den gamle
lydde på 35 354 kroner. Talet givarar har auka frå 105 ved sist årsskifte, til 109 no.
Som også er ny rekord. Nettsida til Velledalen IL – som er kjelde for dei månadlege
kortversjonane - har i 2022 hatt 505 saker ut til lesarane.
TAKK til ALLE – og det er mange - som har sett farge på laget vårt i 2022!
Atle Jomar
nestleiar
Publisert: MÃ¥ndag 2. Januar 2023 Kl. 18:38
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |