Her får du som lesar ein kortversjon av kva Velledalen IL, og dei mange medlemane deira, har tuska med i 2022.
JANUAR:
Ingen Idrettsgalla, men prisar for året 2021 vart likevel delte ut.
May Evy og Frode M sprang i januar karusell-løp på Hareid.
20. januar hadde Velledalen Idrettskule året fyrste samling.
22. januar sprang Bjørn Arve, Svein Arne, Per Inge, Alf Petter, Fridtjof og Andreas vinterkarusell i Ålesund.
Januar gav stort tilsig av nye VIL-medlem.
2770 grasrot-kroner i januar – 105 givarar.
FEBRUAR:
Aktiviteten auka i februar, månaden der ski-folket vakna for alvor.
5. februar vann May Evy fjerde løpet i Hareid Vinterkarusell. Frode M nr. 6.
Roger Malvin gjekk Stenfjellrunden ved GÃ¥sbu.
Nikolai sprang 5000 meter under 17 minutt i eit testløp.
10. februar vart fyrste rennet i Telenor/FjellsæterCup arrangert – 48 delt
12. februar gjekk fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell av stabelen. VIL mønstra denne troppen:
Svein Arne, Bjørn Arve, Alf Petter, Per Inge, Irene, Erika, Andreas, Sivert og Fridtjof.
17. febr vart andre renn i Telenor/FjellsæterCup arrangert – 54 delt.
19. febr gjekk Fridtjof, Irene og Svein Arne «Furusjøen Rundt» på Kvamsfjellet i Rondane.
20. febr Barnas Fjellsæterrunde – 143 delt. Johan Fløttum Fauske best tid.
Påmeldinga til Konradløpet (1.mai) starta i februar.
Siste helga i februar gjekk Fridtjof og Svein minnerenn etter Kjell Løvoll i Eidsdal.
26. febr vart tredje rennet i Telenor/Fjellsætercup arrangert – 52 deltakarar
2985 grasrot-kroner denne månaden – 106 givarar.
MARS:
6. mars gjekk Fridtjof (5.33.19) og Svein (5.37.55) det 90 km lange Vasaloppet i Sverige.
6.mars vart Ã…lesund Vintermaraton arrangert: May Evy, Per Inge, Alf Petter, Frode M og Sivert representerte VIL.
7. mars sprang Njål mila på 33.57 under «Rekordløpet» i Lier.
12. mars gjekk siste løpet i Ålesund Vinterkarusell. Frå VIL deltok: Svein Arne, Alf Petter, Vegard, Fridtjof, Sivert, Anita, Irene og Olga.
13. mars Bygdameisterskap i langrenn – 60 løparar, inkludert gjesteløparar.
19. mars gjekk Roger (5.18.57), Svein (3.54.41) og Fridtjof (3.59.50) Birkebeinerrennet.
23. mars vart fjerde rennet i Telenor/FjellsæterCup avvikla – 41 deltakarar
29. mars vart det halde avslutningsfest og premieutdeling forTelenor/FjellsæterCup på Sørestarnda Skule.
VIL heldt årsmøte i slutten av mars – attval på Ove Inge Skylstad som leiar.
3714 grasrot-kroner i mars – 107 givarar
APRIL:
Aprilsnarr på Nett: «Velledalen Bedehus lagt ut for sal – VIL snusar på bygget, til klubbhus».
Pernille og Ann-Helen tok del 2 av o-trenarkurset fyrste helga i april.
Same helga gjekk Olav Brunstad Troll Skimaraton – 120 km.
6.april Vårdilten arrangert i Ålesund. Frå VIL deltok May Evy, Svein Arne, Irene, Fridtjof og Andreas.
7.april kom det ut på Nett at Tafjord og Gjensidige sponsar VIL sine klubb-klede.
To VIL-medlem tekne av snøskred. Constantin i Troms, Jakub i Hjørudfjorden.
14. april PåskeKonrad. Njål sprnag løypa på 14.29. Over 20 delt – frukost etter løpet.
23. april vart Valderløpet arrangert. Frode M, Frode H, Alf Petter og Bjørn Arve deltok for VIL.
Marius Kalland opna løpssesongen med 19.08 på 5 km under «Trønderjogg».
29. april vart det meldt at Anette og Nikolai var uttekne til EM – OCR hinderløp
30. april deltok Elias, Johan, Tobias, Pernille og Marianne på o-samling (Sula)
30. april vart MiniKonrad arrangert med 202 delt (ny rekord). Dei beste tidene til Jean Barata (2.40 – frå Kongo) og Pernille Marie E. Skrede (3.26)
3174 grasrot-kroner denne månaden – 107 givarar
MAI:
Andreas M. Nakken (15.42) og Kari-Anne T. Ryste (18.30) vann Konradløpet 2022.
Sjølv med fråver av våre beste, dominerte Velledalen IL sine løparar på listene.
Purunge Oliver Lotz vann den gjevaste premien – ein IMG Ekornes kvilestol.
Fam. Tomtum/Klokk og Jakub Hejl deltok både i Konradløp og KM orientering 1.mai.
220 deltakarar i Konradløpet sitt hovudløp – 55 av dei debutantar.
Pernille utnemnd til fortent æresmedlem i Velledalen IL som del av premieutdelinga.
4. mai melder Nettsida at Erika Oginté har meldt seg inn i VIL.
5. mai vart Koldabakken Grand Prix arrangert. Per Magne D. og Janne T. raskast.
VIL-løparar med nye nasjonale rekordar under Konradløpet 2022: Jakub (Tsjekkia), Maciej (Polen) og Alastair (Skotland).
7. mai sprang Sophia Holmberg halvmaraton i Ålesund – dagen før eigen konfirmasjon.
Andre VIL-løparar i Ålesund 7.mai: Nikodem Balon, May Evy, Bjørn Arve, Per Inge, Alf Petter, Øystein Bakke/Ingelin, Andreas, Vegard, Erika, Irene, Christina, Emma, Frode M, Fridtjof og Sivert.
Nikolai (nr 1) og Anette (nr 2) sytte for dobbeltsiger til VIL under «Askøy på langs».
Trimpostvandringa starta opp om lagt midt i mai.
VIL-løparar i Eikenosa Opp: Linda H, Fridtjof, Ole Martin, Frode M, Tom S og Per Inge.
14. mai vart Anette nr 3 og Nikolai nr 9 i Toughest Malmø.
Etter to løp kom O-gruppa heim frå Verdal med fire 1.plassar. Troppen: Sigurd, Johan, Elias, Mikkel, Pernille, Marianne og Øystein F.
Jakub KM-vinnar orientering, langdistanse i Molde – einaste delt frå VIL.
Anette H. Jokstad suverent beste kvinne under «Barskingen OCR».
28. mai Varden Opp i Langevåg. VIL løparane Per Inge , Alastair og Ola Aage var der.
28.mai sprang Gyls-tvillingane halvmaraton i Farsund – dobbelsiger
28. mai sprang Kjell Magnar Vartdalsstranda Halvmaraton på 1.18.08
29.mai sprang May Evy og Frode M Storhornet Opp på Godøya
3358 grasrot-kroner i mai – 107 givarar.
JUNI:
May Evy, Svein Arne, Alf Petter, Ola Aage, Fridtjof, Mathias og Andreas sprang Sommarkarusell i Ã…lesund 1. juni.
4. juni vart det sett opp Natursti langs skogsvegen Straumsheim.
5. juni sprang Njål (1.15.01) og Sverre Gunnar (1.22.36) «Norgestesten» (halvmaraton). Njål vann.
6. juni sprang Frode M, Bjørn Arve og Alf Petter «Kleivane Rundt».
11. og 12. juni var kanskje årets største idrettshelg, med desse hendingane:
Anette og Nikolai deltok i EM i OCR hinderløp.
Linda H med i 24-timars stafett i Spjelkavik for kreftforeininga.
Anders W (halv) og Njål (heil) gjorde sterke prestasjonar under Nordmarka skogsmaraton.
Kjell M, Alf P, Per I, Fridtjof og Maciej sprang alle Nibbeløpet i Geiranger.
Bjørg Iren Strøm sykla Nibberittet.
Roger Malvin sprang Birkebeinerløpet.
Jakub sprang o-løp i Markane.
Pernille, Mikkel, Tobias og Johan deltok med suksess i «Oppdal 2-dagers» i orientering.
17. og 18.juni arrangerte Velledalen IL 12- og 24-timars løp på Ikornnes Idrettspark
Frode H tynte seg mest med med ein distanse på 181 430 meter (453 rundar)
Samla vart det lagt bak seg 2157 rundar – eller 862 800 meter.
Løpshelga på Ikornnes gav 10 779 kroner til Unicef.
Same helga vann Linda H Ørsta Fjellmaraton (6.37.50) som oppkøyring til 100 km på Stranda.
Christina og Emma sykla Trondheim- Oslo i juni.
22.juni vart andre løpet i Ålesund Sommarkarusell arrangert, med denne VIL-troppen:
May Evy, Per Inge, Kjell Magnar, Frode M, Irene , Fridtjof og Vegard.
25. juni vann Alf Petter klasse M 51-60 under Kaptein Dreyers Minneløp på Nordmøre.
26. juni sprang Njål mila på 36.10 under eit løp på Eidsvoll
Siste helga i juni sprang Alastair Brunton motbakkeløpet Mefjellet Opp.
Det vart bestemt at Velledalen IL kjøper Kråmyrabygget på Dalemyra av VRF.
2581 grasrot-kroner denne månaden i – 108 givarar.
Publisert: L?rdag 31. Desember 2022 Kl. 13:50
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
|
| ||||||||||||
Arkiv |