Arkivfoto
I morgontimane 4.juledag vart lesarane på VIL Facebook inviterte til å tippe tida til Erika Oginté på halvmaraton i Ålesund. Sett på bakgrunn av at tida var knapp – tippeslutt ved løpsstart klokka 12.00 – kom det inn bra med tips.
14 «utøvarar» leverte innan fristen.
Erika kom i mål på 1.40.22, ny personleg bestetid med nær åtte minutt på distansen for kvinna frå Litauen.
Her er dei tre beste tipsa:
1.
Ståle Eikrem – 1.39.48 – bomma med 34 sekund
2.
Olga Decyk – 1.41.20 – bomma med 58 sekund
3.
May Evy Nesheim – 1.41.35 – bomma med 73 sekund
Takk til alle som deltok!
Golf-entusiasten, Ståle Eikrem, vil finne ein premie i postkassa ein av dei næraste dagane
Publisert: Torsdag 29. Desember 2022 Kl. 14:53