Foto: Anita M. Nakken
Erika Oginté debuterte på halvmaraton under KM på Hareid tidlegare i haust. Då fekk 34-åringen frå Litauen det tungt mot slutten i ei krevjande løype. I dag hadde ho erfaringane frå Hareid med seg til Ålesund, der det gjekk fantastisk bra. I sitt andre halvmaratonløp – det fyrste på vinterføre – flytta ho den personlege bestetida frå 1.48.11 til 1.40.22.
Med denne tida vart ho tredje beste kvinne i løpet, og ho vart nummer to i klasse K 23-34 år.
Beste kvinne i løpet vart Malene Flem frå Ålesund. Som vinnar av klasse K 20-22 med tida 1.33.56.
Erika har heilt klart meir inne. I sitt neste løp på distansen trur vi ho er godt under 1.40.
Tidene til all VIL-løparane i Ålesund:
1.24.51: Per Inge Bjørnestad – nr 1 i M 50-54
1.34.08: Sivert Mosby Nakken – nr 1 i M 18-19
1.37.25: Maciej Decyk – nr 4 i M 45-49
1.39.37: Fridtjof Fredriksen – nr 1 i M 55-59
1.40.22: Erika Oginté – nr 2 i K 23-34
3.03.24: Andreas Mosby Nakken – nr 1 i M 18-19 (heilmaraton)
Som ein ser; framifrå resultat!!
Publisert: Onsdag 28. Desember 2022 Kl. 16:43