Her er det berre å hive seg med. Det vert ny premie for veke 49, med siste handledag laurdag 10.desember. Alle som handlar for kr 500 eller meir er med i trekninga.
Det mange truleg ikkje veit, er at Ole Petter Berge var ei viktig brikke i Velledalen IL for nær 50 år sidan. Her er nokre fakta i så måte:
1972: Ole Petter Berge KM-vinnar for Velledalen IL i kulestøt
1973: Ole Petter Berge tek sin andre KM-tittel i kulestøt. 9.desember dette året, vart han under årsmøtet valt som formann (som det då heitte) i friidrettsgruppa
1974: 29.september vart det attval på Ole P Berge som formann i Velledalen IL, friidrett.
1975: Saksa frå årsmeldinga, ført i penn av Edvart Hole: «Før har ikkje laget vore så mykje med, men i år har Ole Petter Berge fått fleire til å prøve seg. Vi har hatt ca 13 aktive, og desse har gjort det veldig godt. Heidi Brunstad vart KM-vinnar i kulestøt, Sølvi Hole KM-vinnar i lengdehopp, i eit år der laget tok 13 KM-medaljar i friidrett
1975: Ole Petter Berge vart attvald som formann i Velledalen IL, friidrett for året 1976
1972 – 1975: Ole Petter Berge var fast sekretær under alle VIL-årsmøta i denne perioden
1976: Vart Ole Petter Berge sitt siste år som formann i friidrettsgruppa. Før han gav seg rakk han å vere mannen bak VIL-logoen
Med studiar - og seinare arbeid i Oslo - var Ole Petter Berge tapt for Velledalen IL. Ein kar som verkeleg sette spor etter seg i laget frå han var 15-20 år.
Velledalen IL synest det var kjekt at nettopp han vann pris for handel på Nærbutikken Velledalen.
Publisert: Tirsdag 6. Desember 2022 Kl. 22:07