Arkivfoto
Ein 2.plass i samandraget heng høgt. Ein må vere flittig skal ein klare det. Noko Ingunn har vore gjennom trimåret. Men ho er i godt selskap – i eiga slekt. La oss dvele litt ved prestasjonane deira:
·
Mannen til Ingunn, KÃ¥re Hunnes, vann posten i skogsvegen Straumsheim.
·
Broren til Ingunn, Elling Hole vann posten på Myrdalsfjellet og vart nummer seks samanlagt.
·
Syskjenborn av Ingunn, BÃ¥rd Per Erstad, vart nummer 2 i Riksheimdalen og nummer sju samanlagt.
Ingunn Hole Hunnes har gjennom sesongen vore på 14 av Velledalen IL sine 15 postar. Berre Regndalen manglar i fylgje vår eminente statistikk-førar. Suksessen vart i hovudsak lagt gjennom turar til Bruna trimpost, 312 i talet. Nest beste post på lista til Ingunn vart Vellesætra, med fem turar.
Slik ser lista i samandraget ut frå 2.plass og nedover:
2. Ingunn Hole Hunnes (74) – 340 turar – 2382 poeng
3. Ingrid Brudevoll (71) – 409 turar – 2310 poeng
4. Inger Fet (7?) – 316 turar – 2193 poeng
5. Ivar Arne Flo (78) – 260 turar – 1820 poeng
6. Elling Hole (81) – 220 turar – 1765 poeng
7. Bård Erstad (79) – 246 turar – 1722 poeng
8. Anita Hjorthol (66) – 316 turar – 1525 poeng
9. Inger Anne Brunstad (45) – 260 turar – 1295 poeng
10. Einar Fet (78) – 184 turar – 1152 poeng
Publisert: Fredag 25. November 2022 Kl. 20:38