Bård Erstad er ein uthaldande kar. Det har han vore på dei fleste felt i livet. På fotballbana, i skiløypa, på trimpostane, i arbeidslivet og i ekteskapet. Det er aldri noko tull med Bård, som faktisk har vore samanlagtvinnar på Velledalen IL sine trimpostar to gonger.
Under trimpost-sesongen som strekkjer seg frå oktober 2021 til oktober 2022 kjem Bård inn under nemninga «spesialist». Det vil seie at han har spesialisert seg på éin post – Riksheimdalen. Dit har han gjort 246 turar, i all slags vêr, som gir fortente 1722 poeng i fylgje vår eminente statistikk-førar, Nils Terje Skylstad.
Nedre del av topp-10 ser slik ut for året 2022:
7. Bård Per Erstad (79) – 246 turar – 1722 poeng
8. Anita Hjorthol (66) – 316 turar – 1525 poeng
9. Inger Anne Brunstad (45) – 260 turar – 1295 poeng
10. Einar Fet (78) – 184 turar – 1152 poeng
Publisert: MÃ¥ndag 14. November 2022 Kl. 18:16