Navigasjon
Navigasjon
Kamprefererat frå Drammen!

Ein sylfrekk kvit Tesla rygger inn i oppkøyrselen på Smestad. Bak rattet set ein blodtrimma økonomiprofessor, Jon Fiva. Mannen med spurt- og økonometriferdigheiter som fleire enn ei svigermor kan elske. I setet ved sidan av Fiva sklir ein kar med svært utdaterte økonometriferdigheiter og total mangel på spurteigenskaper ned. For den interesserte lesar, så er dennen karen den nokså unge Njål T Tyssing. Det er på tide å reise på tokt til Drammen for å jakte nye bestenoteringar på halvmaraton. Ei øving som - skal det vise seg - appellerer til fleire enn oss!

 

Drammen Halvmaraton lokka med ultrarask løype og store felt. I tillegg var løpeveret perfekt denne første laurdagen i september. Lett regn og 12 grader. I tillegg er det utruleg kjekt og motiverande med store løpsarrangement igjen. Så her fortener arrangør all skryt og fine lovord som kan finnast i nynorsk-ordlista. 

 

Med sedvanleg høg sjølvtillit stilte vi oss så langt framme i startfeltet som mogleg. Her skulle vi ikkje kaste vekk eit einaste sekund på å springe forbi (u)trente ungjyplingar på 39 år og yngre.

 

Eg prøver nesten alltid å la farta komme til meg i slike løp. Det vil seie at eg spring på ei moderat smertekjensle den første timen. Så får det heller brenne og vere j.... siste 15 minutta. Eg fann difor ei nokså grei gruppe å følge  første 4 km. Farta låg og vaka godt under 3.30 per kilometer men det føltes billeg. Iallefall ikkje kjempedyrt. Fleire rundt meg pusta verre enn verst, så dette var ikkje ei blivande gruppe. Fekk pusha farta litt opp og starta plukke ein del som hadde opna for hardt. Ved runding etter 5 kilometer sprang eg saman med ein orienteringsløpar (fekk eg vite i mål), så vi jobba bra saman fram til ca 13 kilometer. Då viste det seg at orientering tydeligvis komplimenterer halvmaraton betre enn oldboys-fotball, og eg mista ryggen hans. 

 

Ved siste runding på ca 16 km var løpssmerta starta å bli nokså merkbare, så det var på tide å komme seg i mål. Det var nokre ryggar å jage på veg mot mål, så litt trøkk klarte ein å skvise ut siste 5 km. Og enorm stemning dei siste 2 kilometrane gjorde verkeleg sitt til at dette kunne forvekslast med noko som ikkje var heilt forferdeleg låkt. 

 

Vel i mål, var det smått surrealistisk å sjå at ein klarte å snike seg under 1.11, og i mål på 1.10.49. Ei skikkeleg artig opplevering å forbetre persen sin med 1 min og 45 sek ca. Men kanskje også litt vemodig å skjønne at ein mest truleg aldri vil klare å springe so fort igjen på ein halvmaraton. For dette var tidenes dag med joggesko på! 

 

Neste mål er Berlin Maraton siste søndagen i september. Om ein får trent bra siste vekene og ikkje blir sjuk, så skal eg gjere eit forsøk på 2.29.59. Eit litt hårete mål, men så får det helle smelle skikkeleg om ein spring i den berykta maratonveggen (faktisk ei stund sidan eg snakka med den veggen). 

 

PS: Jon Fiva persa også med 1.12.30! Han var veldig nøgd, og skal til London Maraton første helga i oktober for ytterlegare heder, ære og smerter! 

 

mvh 

 

Njål 



Publisert: Måndag 5. September 2022 Kl. 19:04
Siste nyhende
Sjå kor mange grasrot-kroner VIL fekk i september
GrasrotandelenTalet givarar står framleis på 109.
Les meir (02.10.2022)
NM-resultat frå klasse M 23-34 år i Gloppen
Foto: Susan GjerdeI denne klassa sprang eit stort tal fyrrige løparar, det ser ein på tidene.
Les meir (02.10.2022)
NM-resultat frå Gloppen – klasse M 40-44 år
Foto: Susan GjerdeHer gjorde Hilmar Kråkenes ein flott prestasjon som heldt til 5.plass. Og her skulle du ha vore Njål.
Les meir (02.10.2022)
NM-resultat frå Gloppen, klasse M 45-49
Foto: Susan GjerdeFrode Mauren persa, Tom Audun debuterte med bravur og Ola Åge hjelpte tvilling-søstera til NM-tittel
Les meir (02.10.2022)
Gloppen-resultat klasse M 50-54
Foto: Susan GjerdePer Inge 65 sekund unna bronsemedalje. Finfin debut av Øystein.
Les meir (02.10.2022)
Velledalen IL stiller denne troppen i o-løpet «Fjellgeita».
Emblem IL arrangerer o-løpet «Fjellgeita» i dag. 54 påmelde, sju av dei frå Velledalen IL
Les meir (02.10.2022)
May Evy vart NM-vinnar på halvmaraton i Gloppen
Sjå resultata frå klasse K 45-49:
Les meir (01.10.2022)
May Evy og Sverre Gunnar NM-vinnarar i Gloppen
Vi er stolte! I dag vart May Evy Nesheim NM-vinnar på halvmaraton i klasse K 45-49 og Sverre Gunnar Brunstad i M 55-59.
Les meir (01.10.2022)
Snusar Velledalen IL på NM-medaljar i Gloppen ?
Her er Velledalen IL sin påmelde tropp til NM i halvmaraton i Gloppen laurdag 1.oktober.
Les meir (30.09.2022)
Kan May Evy snuse på klubbrekorden i Gloppen
Arkivfoto May Evy Nesheim har sjølv rekorden. Den lyder på 1.37.44, sett under Gloppen halvmaraton i 2021
Les meir (29.09.2022)
Emblem IL arrangerer o-løp komande sundag
Torsdag kveld klokka 19.00 var 40 utøvarar påmelde. Ingen frå Velledalen IL
Les meir (29.09.2022)
Njål: Klubbrekord i Berlin: 2.33.02
Arkivfoto Han svei nok i meste laget krut i Oslo sist helg, men likevel imponerande ny klubbrekord på heilmaraton.
Les meir (25.09.2022)
Siste sikre veke i trimpost-sesongen
Kven kan hjelpe Nils med bokbyte på dei ulike postane…?
Les meir (25.09.2022)
Gylsgutane nr to og fire i Torvikbukt
90 utøvarar fullførte lengste løypa under Torvikbukt Rundt. Mellom desse Sivert og Andreas Mosby Nakken
Les meir (24.09.2022)
VIL-deltaking i Lerstadvannet Rundt 24.september
I Ålesund har det dukka opp eit nytt løp under namnet «Lerstadvannet Rundt». Les meir.
Les meir (24.09.2022)
Fine løp av Hilmar og Erika
Arkivfoto To av våre – Hilmar og Erika - deltok og leverte flotte prestasjonar under «Lerstadvannet Rundt» i dag.
Les meir (24.09.2022)
25.september spring Njål Berlin Maraton
Arkivfoto Sundag skal vi fylgje nøye med på Berlin-maraton. Der spring Njål for ny klubbrekord og vel så det.
Les meir (23.09.2022)
Sivert og Andreas spring Torvikbukt Rundt
Arkivfoto Korleis dei greier seg i klasse 17-20 år får du svar på i morgon. På nettsida vår.
Les meir (23.09.2022)
Informasjon om Rosa Sløyfe
Foto: Rosa SløyfeVisste du at det går an å melde seg på heilt fram til løpsdagen? Her finn du samla informasjon rundt Rosa Sløyfe-løpet i Sykkylven 8. oktober kl. 14:00
Les meir (22.09.2022)
Æresmedlem i Velledalen IL fyller 65 år i dag
20.september fyller Nils Terje Skylstad, busett i haugarden på Hole, 65 år
Les meir (20.09.2022)
Rosa sløyfe-løpet 8.okt: Godt sig av påmeldingar
20.september klokka 19.00 hadde 114 deltakarar meldt seg til vaksen-løpet i Sykkylven.
Les meir (20.09.2022)
Spenstig Brunstad-oppgjer i Gloppen
Utsikt mot BrunstadKven spring best at Ørjan Brunstad og langt eldre Sverre Gunnar Brunstad?
Les meir (19.09.2022)
Velledalen IL sin tropp til NM halvmaraton
Sjå kven som spring NM for Velledalen IL- halvmaraton i Gloppen laurdag 1.oktober
Les meir (19.09.2022)
Kjell Magnar Berli gjorde 1.16.27 i København
Arkivfoto Kjell Magnar sette ny personleg rekord og vart nummer 427 av 25 000 påmelde i København.
Les meir (18.09.2022)
Kjell Magnar spring i København
Arkivfoto I dag, 18.september 2022, spring Kjell Magnar Berli halvmaraton i København.
Les meir (18.09.2022)
Topp-10 halvmaraton, M 40-44. Gild lesnad!
Vi har enno ikkje levert topp-10 frå klassa til Njål frå BMW Oslo Maraton i går. Her kjem den!
Les meir (18.09.2022)
Tre VIL-kvinner fullførte «10 for Grete»
Løpshelga i Oslo har også eit tilbod som er 10 km langt. Der deltok Anita, Irene og Elisabeth for Velledalen IL.
Les meir (18.09.2022)
Fridtjof i farta – nummer ni av 240 i M 55-59
Arkivfoto Årsbeste prestasjon av Fridtjof Fredriksen på halvmaraton i Oslo i dag
Les meir (17.09.2022)
Ebrahim Abdulaziz NM-vinnar i maraton
Arkivfoto Rekordhaldaren i Konradløpet, Ebrahim Abdulaziz, vart i dag NM-vinnar i maraton i Oslo.
Les meir (17.09.2022)
Njål med masse skjermtid på NRK 1 i dag
Njål var best av kring 460 fullførande i klasse M 40-44. Sjå alle VIL-tidene frå halvmaraton i Oslo
Les meir (17.09.2022)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no