Navigasjon
Navigasjon
Pernille Ibsen Lervåg æresmedlem i Velledalen IL

Det var VIL-leiar Ove Inge Skylstad som delte ut prisen til Pernille under samkoma i grendahuset etter Konradløpet.

-            Velledalen IL miste to æresmedlem i 2021 (Magnar Fet og Paul Hole), difor er det naturleg med påfyll, sa Ove, før han greidde ut om alt det gode prisvinnaren har gjort for laget.

 

Prisvinnaren hadde fleire sterke sider, kom det fram. Sportsleg har ho fem pallplassar på seks startar i Konradløpet. Ho har vore beste kvinne to gonger (2018 og 2019). Bestetida hennar er 17.34. Berre skijenta Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, har betre tid.

Vidare er Pernille fire gonger KM-vinnar i orientering for Velledalen IL. To gonger på mellomdistanse (2017 og 2018), vidare på langdistanse (2019) og sprint (2019). Sist sommar tok ho tre 2.plassar i Midt-Norsk Meisterskap i orientering i Trøndelag, og ho har sterke plasseringar i veteranmeisterskap både nasjonalt og internasjonalt.

 

Men Pernille har aldri prioritert seg sjølv og eiga satsing etter ho kom til Velledalen IL. Nei, ho har vore pådrivar for å lære denne fine sporten til andre. Og for å gjere det må ein ha kart. Her starta Pernille i nærområdet. Fyrste karta vart laga over området Dalemyra. Born og foreldre strøymde til og ville prøve den nye idrettsgreina. Pernille bygde steg for steg, og i dag har store deler av b ygda o-kart.  Ho skreiv søknadar om pengestøtte, der med har arbeidet hennar langt på veg har vore sjølvfinansierande. Somme av prosjekta har fått spelemiddel-støtte. Pernille var primus motor – med god støtte av Lars Even Hatlemark – for skulegardskarta som sykkylvs-skulane har fått.

 

Pernille har langt frå vore åleine i Velledalen IL si o-gruppe desse åra, men ho har heile tida vore den store pådrivaren – den som sat på kunnskapen….og pågangsmotet. Det er henne å takke at skuleborn og ungdom – også vidaregåande skular – siste åra har fått eit nytt aktivitets-tilbod. Ho har sett ut postar, teke inn postar,  arrangert løp og skulert lærarstanden. Velledalen IL har siste åra arrangert årlege kretsløp i orientering, med stor deltaking, ulike stadar i bygda. Kvar haust dei siste åra har det vore arrangert kretssamling i orientering i Sykkylven, med deltaking frå alle klubbar i Møre og Romsdal. Overnatting og felles måltid gjer desse samlingane sosiale og miljøskapande. Og det er Pernille som dreg i dei fleste trådane her også.

 

Sjeldan har Velledalen IL utnemnd ein meir fortent æresmedlem enn denne gongen. Vi skal hugse at Pernille har gjort jobben i Velledalen IL som småborns-mor. Ikkje til eitt born, men til tre. Ho har vore målretta, energisk og uthaldande. Vi veit at det ho har gjort, ikkje har vore nokon enkel jobb. Difor er dette litt ein pris også til hennar næraste som har støtta henne i kvardagen, og til alle som har hjelpt henne i det arbeidet ho har lagt ned.

Vi tør med stor skråsikkerheit hevde at Velledalen aldri har hatt hennar likemann eller kvinne – kanskje ikkje bygda Sykkylven heller. Sterke ord, men sanne ord!

 

Dette var fortent, Pernille!



Publisert: Tirsdag 3. Mai 2022 Kl. 21:09
Siste nyhende
MiniKonrad – deltakarliste born 2012-2016
Her kjem endeleg deltakarlista for klasse born fødde 2012-2016 under MiniKonrad 2022. Heile 115 i alt.
Les meir (15.05.2022)
«Fotball-Konrad» er no på plass
Ei uhøgtidleg liste over kor raskt noverande og tidlegare fotballspelarar har sprunge løypa.
Les meir (15.05.2022)
Per Inge raskaste VIL-løpar opp Eikenosa
Ny fin prestasjon av Per Inge Bjørnestad, men Jan Ketil Vinnes vart for sterk denne gongen.
Les meir (14.05.2022)
Frode vann – fin debut av Tom i M 45-49 år
Velledalen IL hadde med to løparar i klasse 45-49 år, begge med pallplass som resultat.
Les meir (14.05.2022)
Flott 3.plass til Ole Martin i M 35-39
Ole Martin Korsnes sesongopna med 3.plass under Eikenosa Opp
Les meir (14.05.2022)
Fridtjof vann klasse 55-59 år i dag
Fridtjof Fredriksen slapp presse seg for å vinne klasse 55-59 år under Eikenosa Opp.
Les meir (14.05.2022)
Linda nest beste kvinne i Eikenosa Opp
Seks kvinner fullførte motbakkeløpet Eikenosa Opp i dag. Vi gratulerer Linda Hovde som nest beste kvinne.
Les meir (14.05.2022)
Eikenosa Opp arrangert laurdag 14.mai
24 utøvarar påmelde klokka 07.30 laurdag morgon. VIL stiller fin tropp.
Les meir (14.05.2022)
PÅ TIDE Å SLÅ EIT SLAG FOR TRIMPOSTANE!
Det er tid for årets utgåve av Trimpostvandringa. Vi har venta vel og lenge på at snøen skulle forsvinne og at varmare dagar skulle melde seg.
Les meir (12.05.2022)
Eldst og yngst i Konradløpet 2022
Konradløpet 2022 samla sju deltakarar over 80 år og fire under året gamle. Sjå namna!
Les meir (12.05.2022)
Lettføtte unggutar i Konradløpet
Der var andre unggutar enn Andreas Mosby Nakken (15.42) og Sivert Mosby Nakken (16.49) som sprang fort under årets Konradløp.
Les meir (10.05.2022)
Velledalen i Askøy på langs
arkivfotoLes Kondis sin reportasje frå Askøy – På – Langs
Les meir (09.05.2022)
Ingelin og Irene på toppen av lista K 45-49 på 10 km
Vi håper og trur det vart ein opptur for to sykkylvs-kvinner mellom 1300 påmelde i Ålesund i går.
Les meir (08.05.2022)
Sterke VIL-plasseringar på halvmaraton
Klasse-sigrar til Alf Petter, Sivert og Sophia Johanne
Les meir (07.05.2022)
May Evy og Erika klassevinnar på 5 km
Dei tre VIL-løparane Vegard Tandstad, Erika Oginte og May Evy Nesheim kom alle inn mellom dei 10 beste uansett klasse.
Les meir (07.05.2022)
Velledalen IL med dobbelt-siger i ASKØY – PÅ – LANGS 2022
Utøvarar frå Velledalen IL finn ein overalt, men dobbelt-siger på Askøy er likevel ikkje kvardagskost
Les meir (07.05.2022)
Sophia rakk halvmaraton før konfirmasjonen
Foto: 3 X Holmberg, frå v: Christina, Sophia og Emma  Foto: Susan GjerdeVi trur ikkje det er mange jenter som har fullført halvmaraton før konfirmasjonsalder. Sophia Johanne Holmberg gjorde det i dag.
Les meir (07.05.2022)
Per Inge klassevinnar på 10 km i Ålesund
Arkivfoto Per Inge Bjørnestad sprang mila på 39.05 i Ålesund i dag. Dermed klassesiger i klasse 50-54 år
Les meir (07.05.2022)
Tidene eit sabla rot under 5 km-løpet i Ålesund
Ikkje alltid lett å vere arrangør sjølv om ein har dei mest moderne hjelpemiddel i tidtaking.
Les meir (07.05.2022)
Sterke maratonløp av Andreas og Bjørn Arve
Andreas Mosby Nakken debutert i dag på heilmaraton (42 195 meter) i Ålesund. Både han og Bjørn Arve i 55-59 år kom susande godt frå oppgåva.
Les meir (07.05.2022)
Gratulerer til Jakub, Maciej og Alastair
Desse tre sette nye nasjonale rekordar for høvesvis Tsjekkia, Polen og Skottland.
Les meir (07.05.2022)
Nikodem og Sophia spring også i Ålesund
Siste meldingane frå byen seier at Nikodem Balon spring Barnas Maraton og Sophia Johanne Holmberg halvmaraton
Les meir (07.05.2022)
Løpsfest i Ålesund 7.mai – kring 1200 påmelde
Arkivfoto Sjå namna på VIL-medlemar som stiller i Ålesund
Les meir (06.05.2022)
55 debutantar i årets Konradløp
Det er statistikk-førar, Lars Inge Sæther, som opplyser at ganske nøyaktig 25 prosent av deltakarane under årets løp var debutantar.
Les meir (06.05.2022)
Raske løparar i verdas kortaste(?) motbakkeløp
Koldabakken Grand Prix er namnet på eit eksklusivt motbakkeløp på Hole i Velledalen.
Les meir (05.05.2022)
Erika Oginte innmeld i Velledalen IL
Erika Oginte, ung kvinne frå Litauen, melde seg inn i Velledalen IL etter Konradløpet
Les meir (04.05.2022)
13-åring frå Kongo sette alle på plass under MiniKonrad
Slik ser han ut, Jean Baraka (13), som var raskast gjennom den 750 meter lange løypa av dei som sprang på tid.
Les meir (04.05.2022)
Velledalen IL takkar for 3174 grasrotkroner i april
Viktige kroner i klubbkassa frå 107 gjevarar.
Les meir (03.05.2022)
Konradløpet: Friidrettsgruppa i Velledalen IL takkar
Over 70 hjelpte til, vêret spela på lag, og over 400 – i alderen null til 87 år – deltok
Les meir (03.05.2022)
Kasserarmelding: - Takk for i dag, vedlagt 200 spenn!
Somme tider er det ein kjekk jobb å vere kasserar i Velledalen IL
Les meir (03.05.2022)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no