Det var magert med lokale hoppkonkurransar på natursnø for superveteran Jan Ringseth og ungguten Jonny Mauren denne vinteren. Men no i helga gjekk årets fyrste lokale renn på plast, og begge var på plass mellom 15 deltakarar i Spjelkavik.
Jan hoppa i klasse 70-79 år, med Sindre Helland, Stordal IL, som einaste konkurrent.
Den duellen avgjorde vår mann i sin favør etter hopp på 21,5 og 21 meter.
Begge hoppa til 3 x 15 i stil. Helland hoppa halvmeteren kortare enn Jan i begge omgangar, men fekk fine 3 x 16 på sistehoppet.
Dermed vart det jamt – 177,0 poeng på Jan Ringseth mot 175,6 poeng for Sindre Helland. Glimrande Jan!
Jonny Mauren hoppa i klasse G 14, som einaste deltakar. Rapportane seier han hoppa 33 meter i eit litt rufsete prøvehopp. Så la han på til 35 meter i 1.omgang av rennet, før han auka til 36 meter i den 2.omgangen. Begge dei teljande hoppa til 3 x 15 i stil. Totalt 181,2 poeng
-
Det betyr at han byrja om lag der han slutta sist sesong, eller eigentleg litt betre, seier hovudsponsor Frode Mauren til VIL-Nett.
Sidan sist sesong har Jonny drive mykje seriøs styrketrening, og nye Fluegeski er på plass.
VIL-Nett gratulerer skihopparane våre med ein lovande sesong-start.
Publisert: MÃ¥ndag 2. Mai 2022 Kl. 20:34