Etter gjeldande nasjonale retningslinjer så kan ikkje symjehallen halde ope for tradisjonell familiebading.
Men ettersom det er lovleg med opplegg for individuell trening/mosjonering så vil symjehallen verte gjort om til eit treningsbasseng for ei stund framover.
Dette betyr at vaksne og symjedyktige born/ungdom over 10 år kan tinge treningstider i symjehallen.
Vil tilbyr individuell treningstid på 45 min i bassenget på kveldstid mandag, onsdag, fredag og på dagtid laurdag/søndag.
Vi har plass til 5 personar i kvar 45-minutts periode, og vasstemperaturen vil vere treninsoptimalt på 28 grader (29 søndag/mandag).
Desse treningstidene skal gjestane fortrinnsvis tinge sjølv på eige web-basert bookingsystem. Det er her https://symjehall.skedda.com/
booking
Meir detaljert informasjon fins på våre internett-sider www.velledalen-symjehall.net
Symjehallen kan også leigast av grupper utanom dei vanlege åpningstidene som før.
Vi ynskjer alle vel møtt til symjing/trening i Velledalen.
Publisert: L?rdag 8. Januar 2022 Kl. 07:59