Navigasjon
Navigasjon
Ein attraksjon er borte - takk for minna, Svein!

Vi hoppar tilbake til året 1971. Svein Welle passerte 24 år i april. Dalemyra vart opna denne sommaren, og VRF var eit drivande godt fotball-kollektiv. Laget slo Hødd 1-0 (Kjell Hellevik) i baneopninga. Seinare same haust, kom kampen det enno går gjetord om i VRF-krinsar – VRF mot Clausenengen. På såpeglatt bane vann VRF topp-oppgjeret på nivå tre, med 6-1 over laget frå Kristiansund. Tre mål av Svein Welle. Livet smilte til Svein frå Bastiangarden på Velle.

 

Han slo i gjennom som fotballspelar i siste halvdel av 1960-talet, saman med naboguten Bjarne Alnes. I perioden 1970-1972 er det rett å seie at Svein var ein attraksjon på fotballbana. Med høgre ving som favoritt-posisjon. Styrkane hans var stor fart, finslepen teknikk og god fotballforståing. Han var skjære eksperten på å stikke gjennom eit forsvar – gjerne med eit kjapt veggspel føreåt, slik at han kom åleine i gjennom mot målmannen. Han hadde ikkje dei hardaste skota, men var likevel ein høveleg god avsluttar. I våre dagar vert det snakka mykje om «målpoeng» (mål og målgjevande pasningar), og slike hadde Svein mange av i sine beste sesongar.

 

Svein Welle hadde stort potensial som fotball-spelar. Han kunne garantert markert seg positivt på nivå to – om han ville. Men han tok aldri ut potensialet sitt på fotballen. Det var så mykje som var morosamt, og som ein ung herremann berre MÅTTE vere med på. Hard trening, og «forsakelsar» for å nå eit sportsleg mål, var ikkje Svein sin stil. Han vart i VRF, og prøvde aldri den «harde vegen» som trass alt låg open for talentet hans.

 

Seinare sysla Svein litt som trenar for eit av VRF sine fyrste kvinnelag i fotball, og med old boys-fotball. Sjå foto frå ei slik trening på Dalemyra med Svein Welle i godt selskap. Og han var oppmann (som det då heitte) i nokre sesongar. Elles hjelpte han til med litt banearbeid – strøkne grasbaner var nemleg noko han sette pris på. I åra 1983 og 1984 sat han som leiar i hovudstyret i Velledalen IL. Eit medlemskap han pleia godt resten av livet.

 

I sine siste år med nokolunde god helse, hadde Svein stor glede av el-sykkelen sin. Den tok han rundt om på både korte og lengre turar. Då stogga han på og slo av ein prat med   folk han trefte på sin veg. Det er ikkje mange åra sidan eit slikt «sykkeltreff» inkluderte Kåre og Einar Fet her på Hole, med hauk og gode historier.

 

Takk Svein, for fotball-minna og latteren din!

Dei har eg lagra.

 

Olagarden 9.oktober 2021

Atle Jomar



Publisert: L?rdag 9. Oktober 2021 Kl. 22:27
Siste nyhende
Topp-5 Regndalen trimpost 2021
Trimposten i Regndalen noterte 391 signeringar siste året – det ein kan kalle ein «midt på treet-sesong».
Les meir (22.10.2021)
Topp-5 Brunstadkølen trimpost 2021
Svak sesong for Brunstadkølen trimpost. Faktisk den nest svakaste sidan starten i 2013.
Les meir (21.10.2021)
Topp-5 trimposten Høgsætra, Fet
Trimposten Høgsætra Fet hadde eit klart oppsving i positiv lei sist sesong.
Les meir (20.10.2021)
Topp-5 Holetindane trimpost 2021
Med 116 registreringar siste året, leverte Holetindane trimpost det vi kan kalle eit normalår.
Les meir (20.10.2021)
Oslo-avdelinga innfridde i helga
Dei sprang styggfort. Men kor spring eigentleg Njål og Sverre Gunnnar på ein heilmaraton…?
Les meir (19.10.2021)
Perseløpet 2021
Arkivfoto Her kjem nokre ord frå dagens innsats over 42,2 km.
Les meir (18.10.2021)
Njål sprang heilmaraton på 2.34.32 i dag – kraftig klubbrekord
ArkivfotoHallo Nyss – kvess blyanten! 2.34.32 på heilmaraton er i ei heilt anna idrettsverd enn tap mot Stranda i nest lågaste krinsserie i fotball.
Les meir (17.10.2021)
Kvinnerekorden på 10 km overlevde Hytteplanmila
Arkivfoto Velledalen IL sin klubbrekord på 10 km for kvinner overlevde Hytteplanmila i går. Men både Anette og Nikolai gjorde solide løp.
Les meir (17.10.2021)
Intervall-trening frå Fet Bru sundag 17.oktober
ArkivfotoFriidrettsgruppa ved Alf Petter Bøe held fram med føremiddagstrening sundagane.
Les meir (15.10.2021)
Idrettsgalla for 2020 vert 29.desember
Arkivfoto Idrettsgalla for året 2020 vert arrangert onsdag 29.desember klokka 19.30 – same dag som Ålesund Vintermaraton
Les meir (14.10.2021)
Samling for trimposr-vinnarar 3.november
Alle trimpostvinnarar (15 i talet) vert 3.november kalla inn til premieutdeling, kaffi og kake.
Les meir (14.10.2021)
Velkomen til Kristine
Velledalen IL har halde suppleringsval til hovudstyret
Les meir (14.10.2021)
Vert det Osloavdelinga si helg…???
arkivfotoDet kan det fort gjort bli med deltaking i Hytteplanmila, Ivar Formo sitt minneløp og Perseløpet.
Les meir (14.10.2021)
Studentleikane i Oslo

Endeleg var det tid for studentleikane i hovudstaden med NTNUI Futsal. Etter eit langt år med ven...

Les meir (12.10.2021)
Velkomen til mosjonisttrening – frammøte Fet bru
- Hiv deg med på sundags-joggen. Frammøte klokka 10.00 ved Fet bru, melder friidretts-leiar Alf Petter Bøe.
Les meir (09.10.2021)
Vi e många, vi e helften….
Vi e helften.Slik heiter det i ein svensk kampsong, og det er nok i grenseland og føre teksten over til Velledalen IL sine løparar. Fotoet er teke av «Pibben» Bjørnestad, staden er Sandane.
Les meir (09.10.2021)
Kan ein stole 100 prosent på løypevakter….??
ArkivfotoLes meir om Njål Torillson Tyssing og kva han opplevde sist helg – og ta lærdom av det.
Les meir (04.10.2021)
Langarar i verdsklasse sett nær Sandane
Det vert meldt frå Nordfjord at det laurdag 2.oktober 2021 vart observert drikke-langarar i verdsklasse. To kvinner, som faktisk bar klubbtrøya til Velledalen IL.
Les meir (03.10.2021)
Sterk 3.plass til Frode – god «harejobb» av Ola
Velledalen IL hadde med to utøvarar i klasse M 45-49. Med nokså ulikt utgangspunkt.
Les meir (03.10.2021)
Fin revansje for Per Inge – beste VIL-løpar
Sist Per Inge Bjørnestad sprang i Gloppen enda det med kollaps, og ein tur innom den lokale sjukestova. I går var han sterk.
Les meir (03.10.2021)
Auka farta mot slutten og sette rekord
Etter passering 14 km var det langt frå sikkert at May Evy ville sette klubbrekord. Men ho hadde litt på lur.
Les meir (02.10.2021)
Andreas klassevinnar og ny personleg rekord
Denne gongen sprang Andreas Mosby Nakken som ein garva langdistanseløpar. Tid: 1.34.32
Les meir (02.10.2021)
Bjørn Arve avgjorde jamn duell i M 55-59
ArkivfotoStrandaren Bjørn Arve Brune har vore ein suksess etter han kom til Velledalen IL. Ny siger i dag.
Les meir (02.10.2021)
Sterk VIL-trio i Oslos Bratteste
Velledalen IL har delteke på fleire hald enn Gloppen i dag. Til og med i «Oslos Bratteste» hadde vi med eit fint knippe deltakarar.
Les meir (02.10.2021)
VIL-tider frå Gloppen halvmaraton
Her kan du sjå tidene frå Velledalen IL sine utøvarar i Gloppen halvmaraton i dag.
Les meir (02.10.2021)
Gode grasrottal i september
Stor takk til våre 106 grasrotgivarar for 2852 kroner i september månad.
Les meir (02.10.2021)
Trening for mosjonistar sundag 3.oktober
Frammøte ved Fet bru klokka 10.00
Les meir (02.10.2021)
May Evy sette klubbrekord i Gloppen
May Evy Nesheim sprang i dag halvmaraton i neste års NM-løype i Gloppen på 1.37.44. Det er eitt minutt og seks sekund under Nancy Eggen sin rekord frå 2010.
Les meir (02.10.2021)
Det blir Førjulsmesse 20.og 21.november
Rett nok ei litt redusert messe utan tombola. Men det blir godt med utstillar, god kaffi og kakemat og trekning av loddbok
Les meir (30.09.2021)
Ryk VIL-rekorden i Gloppen på laurdag…?
ArkivfotoVIL-Nett trur May Evy Nesheim kjem til å sette ny VIL-rekord på halvmaraton for kvinner laurdag. Tipp tida hennar i Gloppen halvmaraton.
Les meir (30.09.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no