Navigasjon
Navigasjon
Langarar i verdsklasse sett nær Sandane

Alle som spring lange løp veit at det er viktig å få i seg nok næring. Går ein «næringstom» kan det vere krise, særleg om ikkje målet er rett rundt hjørnet. Slike som serverer drikke til løparar – utanom arrangøren sine stasjonar - vert kalla «langarar». Velledalen IL er kjende for å ha dyktige langarar.

 

Svein Nakken – langrennsgruppe-leiar i VIL – er truleg laget sin mest kjende langar. Men etter at han fekk seg nye sko i verds- og høg prisklasse, har han vorte så god at han må springe sjølv. Slik hadde det seg at kona, Anita, fekk eit opprykk frå hjelpelangar til sjefslangar.

 

Same tittel har Susan Gjerde. Etter eit kurs med munnleg undervisning med Frode Mauren som instruktør, har ho praktisert som klubbens sjefslangar det meste av 2021. Dei to nemnde kvinnene er samstundes av klubben sine beste bidragsytarar på fotosida. Men det kom eit aldri så lite hjartesukk frå Nordfjord denne helga:

-           Det er ikkje så lett å skulle gi drikke og fotografere samstundes.

Nei, det kan vi tenkje oss. Men alle lesarar bør vite at godt støtteapparatet gir gode, svoltne utøvarar. Som regel vert desse personane ikkje nemnde. I resultatlistene står dei aldri. Men dei er der – for løparane, og for Velledalen IL.

 

Denne gongen takkar vi Susan og Anita for innsatsen. Og var der fleire VIL-langarar takkar vi dei også – på strak arm. TUSEN TAKK!!

 

Vi har eit godt TEAM no.



Publisert: S?ndag 3. Oktober 2021 Kl. 20:27
Siste nyhende
Topp-5 Regndalen trimpost 2021
Trimposten i Regndalen noterte 391 signeringar siste året – det ein kan kalle ein «midt på treet-sesong».
Les meir (22.10.2021)
Topp-5 Brunstadkølen trimpost 2021
Svak sesong for Brunstadkølen trimpost. Faktisk den nest svakaste sidan starten i 2013.
Les meir (21.10.2021)
Topp-5 trimposten Høgsætra, Fet
Trimposten Høgsætra Fet hadde eit klart oppsving i positiv lei sist sesong.
Les meir (20.10.2021)
Topp-5 Holetindane trimpost 2021
Med 116 registreringar siste året, leverte Holetindane trimpost det vi kan kalle eit normalår.
Les meir (20.10.2021)
Oslo-avdelinga innfridde i helga
Dei sprang styggfort. Men kor spring eigentleg Njål og Sverre Gunnnar på ein heilmaraton…?
Les meir (19.10.2021)
Perseløpet 2021
Arkivfoto Her kjem nokre ord frå dagens innsats over 42,2 km.
Les meir (18.10.2021)
Njål sprang heilmaraton på 2.34.32 i dag – kraftig klubbrekord
ArkivfotoHallo Nyss – kvess blyanten! 2.34.32 på heilmaraton er i ei heilt anna idrettsverd enn tap mot Stranda i nest lågaste krinsserie i fotball.
Les meir (17.10.2021)
Kvinnerekorden på 10 km overlevde Hytteplanmila
Arkivfoto Velledalen IL sin klubbrekord på 10 km for kvinner overlevde Hytteplanmila i går. Men både Anette og Nikolai gjorde solide løp.
Les meir (17.10.2021)
Intervall-trening frå Fet Bru sundag 17.oktober
ArkivfotoFriidrettsgruppa ved Alf Petter Bøe held fram med føremiddagstrening sundagane.
Les meir (15.10.2021)
Idrettsgalla for 2020 vert 29.desember
Arkivfoto Idrettsgalla for året 2020 vert arrangert onsdag 29.desember klokka 19.30 – same dag som Ålesund Vintermaraton
Les meir (14.10.2021)
Samling for trimposr-vinnarar 3.november
Alle trimpostvinnarar (15 i talet) vert 3.november kalla inn til premieutdeling, kaffi og kake.
Les meir (14.10.2021)
Velkomen til Kristine
Velledalen IL har halde suppleringsval til hovudstyret
Les meir (14.10.2021)
Vert det Osloavdelinga si helg…???
arkivfotoDet kan det fort gjort bli med deltaking i Hytteplanmila, Ivar Formo sitt minneløp og Perseløpet.
Les meir (14.10.2021)
Studentleikane i Oslo

Endeleg var det tid for studentleikane i hovudstaden med NTNUI Futsal. Etter eit langt år med ven...

Les meir (12.10.2021)
Ein attraksjon er borte - takk for minna, Svein!
I velmaktsdagane var Svein Åge Welle ein attraksjon på fotballbana, no er også han borte.
Les meir (09.10.2021)
Velkomen til mosjonisttrening – frammøte Fet bru
- Hiv deg med på sundags-joggen. Frammøte klokka 10.00 ved Fet bru, melder friidretts-leiar Alf Petter Bøe.
Les meir (09.10.2021)
Vi e många, vi e helften….
Vi e helften.Slik heiter det i ein svensk kampsong, og det er nok i grenseland og føre teksten over til Velledalen IL sine løparar. Fotoet er teke av «Pibben» Bjørnestad, staden er Sandane.
Les meir (09.10.2021)
Kan ein stole 100 prosent på løypevakter….??
ArkivfotoLes meir om Njål Torillson Tyssing og kva han opplevde sist helg – og ta lærdom av det.
Les meir (04.10.2021)
Sterk 3.plass til Frode – god «harejobb» av Ola
Velledalen IL hadde med to utøvarar i klasse M 45-49. Med nokså ulikt utgangspunkt.
Les meir (03.10.2021)
Fin revansje for Per Inge – beste VIL-løpar
Sist Per Inge Bjørnestad sprang i Gloppen enda det med kollaps, og ein tur innom den lokale sjukestova. I går var han sterk.
Les meir (03.10.2021)
Auka farta mot slutten og sette rekord
Etter passering 14 km var det langt frå sikkert at May Evy ville sette klubbrekord. Men ho hadde litt på lur.
Les meir (02.10.2021)
Andreas klassevinnar og ny personleg rekord
Denne gongen sprang Andreas Mosby Nakken som ein garva langdistanseløpar. Tid: 1.34.32
Les meir (02.10.2021)
Bjørn Arve avgjorde jamn duell i M 55-59
ArkivfotoStrandaren Bjørn Arve Brune har vore ein suksess etter han kom til Velledalen IL. Ny siger i dag.
Les meir (02.10.2021)
Sterk VIL-trio i Oslos Bratteste
Velledalen IL har delteke på fleire hald enn Gloppen i dag. Til og med i «Oslos Bratteste» hadde vi med eit fint knippe deltakarar.
Les meir (02.10.2021)
VIL-tider frå Gloppen halvmaraton
Her kan du sjå tidene frå Velledalen IL sine utøvarar i Gloppen halvmaraton i dag.
Les meir (02.10.2021)
Gode grasrottal i september
Stor takk til våre 106 grasrotgivarar for 2852 kroner i september månad.
Les meir (02.10.2021)
Trening for mosjonistar sundag 3.oktober
Frammøte ved Fet bru klokka 10.00
Les meir (02.10.2021)
May Evy sette klubbrekord i Gloppen
May Evy Nesheim sprang i dag halvmaraton i neste års NM-løype i Gloppen på 1.37.44. Det er eitt minutt og seks sekund under Nancy Eggen sin rekord frå 2010.
Les meir (02.10.2021)
Det blir Førjulsmesse 20.og 21.november
Rett nok ei litt redusert messe utan tombola. Men det blir godt med utstillar, god kaffi og kakemat og trekning av loddbok
Les meir (30.09.2021)
Ryk VIL-rekorden i Gloppen på laurdag…?
ArkivfotoVIL-Nett trur May Evy Nesheim kjem til å sette ny VIL-rekord på halvmaraton for kvinner laurdag. Tipp tida hennar i Gloppen halvmaraton.
Les meir (30.09.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no