Navigasjon
Navigasjon
Andreas klassevinnar og ny personleg rekord

Som unge utøvarar ofte er, har Andreas Mosby Nakken hatt ein tendens til å vere «litt heit på grauten» i ei tidleg fase av løpa. Som har enda med ein smell mot slutten og ei dårlegare oppleving enn naudsynt var.

 

Men i dag viste Andreas seg frå ei anna og ny side i Gloppen. Fyrste sju kilometer gjekk i snittfart på 4 minutt og 32 sekund på kilometeren. Neste sju km var farta pressa ned til 4.30, medan siste sju gjekk på 4.27. Meir enn veldisponert!

 

Andreas fekk betalt med solid ny personleg rekord (1.34.32), og ei god oppleving i eit langt løp. I dag sprang du som ein garva langdistanseløpar, Andreas!. Ikkje nødvendigvis i fart, men i løps-opplegg.

 

RESULTAT GLOPPEN HALVMARATON KLASSE M18-19:

1. Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL, 1.34.32



Publisert: L?rdag 2. Oktober 2021 Kl. 22:22
Siste nyhende
Topp-5 Regndalen trimpost 2021
Trimposten i Regndalen noterte 391 signeringar siste året – det ein kan kalle ein «midt på treet-sesong».
Les meir (22.10.2021)
Topp-5 Brunstadkølen trimpost 2021
Svak sesong for Brunstadkølen trimpost. Faktisk den nest svakaste sidan starten i 2013.
Les meir (21.10.2021)
Topp-5 trimposten Høgsætra, Fet
Trimposten Høgsætra Fet hadde eit klart oppsving i positiv lei sist sesong.
Les meir (20.10.2021)
Topp-5 Holetindane trimpost 2021
Med 116 registreringar siste året, leverte Holetindane trimpost det vi kan kalle eit normalår.
Les meir (20.10.2021)
Oslo-avdelinga innfridde i helga
Dei sprang styggfort. Men kor spring eigentleg Njål og Sverre Gunnnar på ein heilmaraton…?
Les meir (19.10.2021)
Perseløpet 2021
Arkivfoto Her kjem nokre ord frå dagens innsats over 42,2 km.
Les meir (18.10.2021)