Navigasjon
Navigasjon
Njål Torillson Tyssing helsar frå hovudstaden

Meldte meg på haustens første løp med arrangementsdato 1. august i håp om det skulle motivere til trening i familieferien, eventuelt begrense forfallet. Løpet var Rekordløpet ved Sand, Gardermoen. Den samme ultraraske 10 km som blei sprunge i vår og i ein del gongar i 2020. 

Dessverre skulle det vise seg at is og Julius hadde påverka meg ein del i juli månad, og eg svingte i mål på 34.44, 45 sekund bak målet om under 34 minutt på mila. Min løpskompanjong og fetter, Jon Fiva, klarte brasene som vanleg og sneik seg greitt under 34 minutt med tida 33.46. Vil for øvrig nevne at eg sprang den første 5 kilometeren på 17-blank, så heilt på jordet var eg ikkje før på 2. runda!

 

To veker seinare var det på tide å sjå kva motbakkane i Loen kunne tilby av motgang. Bokstaveleg talt. Skåla Opp med vel 1800 høgdemeter på 8 kilometer. So mange høgdemeter har eg ikkje sprunge sidan eg var på samme stad i 2015 (1.38). Vel på toppen klarte eg å iallfall å nærme meg målet om sub 1.30 med sluttid 1.32.38 og 50. plass. På veg nedover frå Skålatårnet tenkte eg mest på kor heldig vi var som slapp nedbør, så eg må vere so ærleg å seie at slike syrefestar ikkje gjev meg dei heilt store stundene. Kjekt at sambygdingar i Oslo Morten Bueide og Jan Even Sandal også blei med på turen opp fjellet. I tillegg til lokale høvdingar som Roger Solheim, Øystein Davik, Jan Halvard Holmøy og Gard Mek. 

 

Med håp om å få sjå 33-talet. meldte eg meg på Sentrumsløpet med arrangementsdato 28. august. Eit løp som faktisk går i sentrum av Oslo, byen som sjeldan begeistrar eller engasjerer utanfor ring3. Løpet er nokså kjekt med mykje folk og gode løparar ein kan følge. Dessverre blei det med tanken om å følge desse for meg, så sluttida viste 34.42. Ein månad med god trening hadde gitt meg to sekund forbetring. Og Jon Fiva sprang som vanleg greitt under 34 minutt. 

Her vil eg også nevne at dei unge medlemmane i Velledalen IL, Magnus Njålson Taubøll og Ingrid Njålsdotter Taubøll sprang barneløpet til Sentrumsløpet. Så litt positive ting er det alltid å ta med seg frå slike dagar. 

 

Fram mot helgas løp, Oslo halvmaraton, klarte eg i løpet av dei to siste vekene å få tatt to vaksiner. Først stivkrampe etter den tyske norgesvennen hunderasa German Sheperd, også kjent som Schæfer, beit meg på ein joggetur ved Frognersætra. Det skal ikkje seiast til hunden sitt forsvar at eg var ca fem meter unna og gjorde alle moglege teikn til at eg ikkje var interessert i noko hand/potegemeng. 

 

Veka etterpå var det på tide med Moderna vaksinedose 2 på onsdag ettermiddag, tre dagar før halvmaraton. Eg skal ikkje sutre for mykje, men kan avsløre sopass at torsdag var ein dag eg vonar eg slepp unna på ei stund. 

 

Med alt dette som bakgrunnsteppe, så er det kanskje ikkje so rart at eg ikkje var heilt framme i dei nye Vaporflyskoa mine då eg traff Svein Nakken i sine nye Alphafly sko føre start på Oslo Halvmaraton. Her blei eg spurt om eg støtta både MDG, TidForErna (ein misforståelse då freista å sutre litt rundt Moderna) og kva for tid eg skulle prøve meg på. Heile teamet til Velledalen IL såg solide ut, og hadde som vanleg godt humør. Ekstra artig å sjå i mål at samtlege gjorde kjempegode prestasjonar. 

 

Løpsopplegg mitt før start var difor å braute minst mogleg, opne nokså roleg inn til Skøyen og sjå kva som var mogleg å få til siste 16 kilometrane. Så sagt så gjort. Trur eg persa på 10 km mellom 10 og 20 km i løpet (33.50 i følge splitten), så noko fornuftig må ha blitt gjort av sko-ingeniørane til Nike og forhåpentlegvis meg sjølv. 1.13.08 i mål og ny pers med ca 1 min og 45 sekund. Plasseringa i det som viste seg å vere NM blei 32. plass. Endeleg litt medvind!

 

Resten av hausten fram til midten av oktober lyt brukast til å trene mot maraton på Eidsvoll 17. oktober. Ein må vel vere sopass ærleg med seg sjølv at målet må vere  2.34.59 (3.40 per kilometer og 36.40 på mila) om alt går etter planen på løpsdagen. Men mykje kan gå gale. 

 

N    

 

 

 

 



Publisert: S?ndag 19. September 2021 Kl. 23:17
Siste nyhende
Topp-5 Regndalen trimpost 2021
Trimposten i Regndalen noterte 391 signeringar siste året – det ein kan kalle ein «midt på treet-sesong».
Les meir (22.10.2021)
Topp-5 Brunstadkølen trimpost 2021
Svak sesong for Brunstadkølen trimpost. Faktisk den nest svakaste sidan starten i 2013.
Les meir (21.10.2021)
Topp-5 trimposten Høgsætra, Fet
Trimposten Høgsætra Fet hadde eit klart oppsving i positiv lei sist sesong.
Les meir (20.10.2021)
Topp-5 Holetindane trimpost 2021
Med 116 registreringar siste året, leverte Holetindane trimpost det vi kan kalle eit normalår.
Les meir (20.10.2021)
Oslo-avdelinga innfridde i helga
Dei sprang styggfort. Men kor spring eigentleg Njål og Sverre Gunnnar på ein heilmaraton…?
Les meir (19.10.2021)
Perseløpet 2021
Arkivfoto Her kjem nokre ord frå dagens innsats over 42,2 km.
Les meir (18.10.2021)
Njål sprang heilmaraton på 2.34.32 i dag – kraftig klubbrekord
ArkivfotoHallo Nyss – kvess blyanten! 2.34.32 på heilmaraton er i ei heilt anna idrettsverd enn tap mot Stranda i nest lågaste krinsserie i fotball.
Les meir (17.10.2021)
Kvinnerekorden på 10 km overlevde Hytteplanmila
Arkivfoto Velledalen IL sin klubbrekord på 10 km for kvinner overlevde Hytteplanmila i går. Men både Anette og Nikolai gjorde solide løp.
Les meir (17.10.2021)
Intervall-trening frå Fet Bru sundag 17.oktober
ArkivfotoFriidrettsgruppa ved Alf Petter Bøe held fram med føremiddagstrening sundagane.
Les meir (15.10.2021)
Idrettsgalla for 2020 vert 29.desember
Arkivfoto Idrettsgalla for året 2020 vert arrangert onsdag 29.desember klokka 19.30 – same dag som Ålesund Vintermaraton
Les meir (14.10.2021)
Samling for trimposr-vinnarar 3.november
Alle trimpostvinnarar (15 i talet) vert 3.november kalla inn til premieutdeling, kaffi og kake.
Les meir (14.10.2021)
Velkomen til Kristine
Velledalen IL har halde suppleringsval til hovudstyret
Les meir (14.10.2021)
Vert det Osloavdelinga si helg…???
arkivfotoDet kan det fort gjort bli med deltaking i Hytteplanmila, Ivar Formo sitt minneløp og Perseløpet.
Les meir (14.10.2021)
Studentleikane i Oslo

Endeleg var det tid for studentleikane i hovudstaden med NTNUI Futsal. Etter eit langt år med ven...

Les meir (12.10.2021)
Ein attraksjon er borte - takk for minna, Svein!
I velmaktsdagane var Svein Åge Welle ein attraksjon på fotballbana, no er også han borte.
Les meir (09.10.2021)
Velkomen til mosjonisttrening – frammøte Fet bru
- Hiv deg med på sundags-joggen. Frammøte klokka 10.00 ved Fet bru, melder friidretts-leiar Alf Petter Bøe.
Les meir (09.10.2021)
Vi e många, vi e helften….
Vi e helften.Slik heiter det i ein svensk kampsong, og det er nok i grenseland og føre teksten over til Velledalen IL sine løparar. Fotoet er teke av «Pibben» Bjørnestad, staden er Sandane.
Les meir (09.10.2021)
Kan ein stole 100 prosent på løypevakter….??
ArkivfotoLes meir om Njål Torillson Tyssing og kva han opplevde sist helg – og ta lærdom av det.
Les meir (04.10.2021)
Langarar i verdsklasse sett nær Sandane
Det vert meldt frå Nordfjord at det laurdag 2.oktober 2021 vart observert drikke-langarar i verdsklasse. To kvinner, som faktisk bar klubbtrøya til Velledalen IL.
Les meir (03.10.2021)
Sterk 3.plass til Frode – god «harejobb» av Ola
Velledalen IL hadde med to utøvarar i klasse M 45-49. Med nokså ulikt utgangspunkt.
Les meir (03.10.2021)
Fin revansje for Per Inge – beste VIL-løpar
Sist Per Inge Bjørnestad sprang i Gloppen enda det med kollaps, og ein tur innom den lokale sjukestova. I går var han sterk.
Les meir (03.10.2021)
Auka farta mot slutten og sette rekord
Etter passering 14 km var det langt frå sikkert at May Evy ville sette klubbrekord. Men ho hadde litt på lur.
Les meir (02.10.2021)
Andreas klassevinnar og ny personleg rekord
Denne gongen sprang Andreas Mosby Nakken som ein garva langdistanseløpar. Tid: 1.34.32
Les meir (02.10.2021)
Bjørn Arve avgjorde jamn duell i M 55-59
ArkivfotoStrandaren Bjørn Arve Brune har vore ein suksess etter han kom til Velledalen IL. Ny siger i dag.
Les meir (02.10.2021)
Sterk VIL-trio i Oslos Bratteste
Velledalen IL har delteke på fleire hald enn Gloppen i dag. Til og med i «Oslos Bratteste» hadde vi med eit fint knippe deltakarar.
Les meir (02.10.2021)
VIL-tider frå Gloppen halvmaraton
Her kan du sjå tidene frå Velledalen IL sine utøvarar i Gloppen halvmaraton i dag.
Les meir (02.10.2021)
Gode grasrottal i september
Stor takk til våre 106 grasrotgivarar for 2852 kroner i september månad.
Les meir (02.10.2021)
Trening for mosjonistar sundag 3.oktober
Frammøte ved Fet bru klokka 10.00
Les meir (02.10.2021)
May Evy sette klubbrekord i Gloppen
May Evy Nesheim sprang i dag halvmaraton i neste års NM-løype i Gloppen på 1.37.44. Det er eitt minutt og seks sekund under Nancy Eggen sin rekord frå 2010.
Les meir (02.10.2021)
Det blir Førjulsmesse 20.og 21.november
Rett nok ei litt redusert messe utan tombola. Men det blir godt med utstillar, god kaffi og kakemat og trekning av loddbok
Les meir (30.09.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no