Navigasjon
Navigasjon
Minneord:Magnar Fet ein av dei største i Velledalen IL
Arkivfoto
Arkivfoto


  Magnar var sommargut, fødd 15.juli 1927. Tiåret 1920-1930 gav Velledalen svært mange guteborn som seinare vart idrettsflinke. Men felles for desse var at krigen (1940-1945), skipla aktiviteten deira. Gutane på Fet hadde likevel på sett og vis eit føresprang. Dei var tiltakssame og arrangerte eigne smårenn og løp (med tidtaking), i private løyper, heilt frå særs ung alder.

 

Alt like etter krigen var Magnar så god at han spela på Sykkylven IL sitt A-lag. Sitat frå årsmeldinga 1947: «Dessutan deltok Magnar Fet i Sykkylven A-lag sin kretskampar og i Noregsmeisterskapet, og gjorde ein god innsats». Idrettsaktiviteten blømde i etterkrigsåra,  og samfunnet bygde seg opp att. Livet smilte til dei unge.

 

Bolk 1:

Som 20-åring vart Magnar formann i Velledalen IL sitt fotballstyre. Som 21-åring valt inn i hovudstyret og framleis fotballformann. Som 22-åring vart han kasserar i hovudlaget og framleis fotball-formann. Som ein skjønar, ein mann med tillit. Parallelt med dette dreiv han aktiv idrett. Greinene hans var hopp, alpint, fotball og springing (mest stafett). Dyktig i alt.

Saman med Øye-brørne på Hole, Olav og Paul, vart Magnar rekna som Velledalen IL sin største utøvarar i denne perioden.

 

I denne fyrste bolken av Magnar sitt idrettsliv, hoppa han også det lengste ståande skihoppet nokon velledaling har gjort i konkurranse. 53 meter i Hornindal. Ikkje all verda i dag, men hugs at utstyret og bakkane var heilt annleis for snart 70 år sidan. Vi veit ikkje kva rolle Magnar hadde, men nemner likevel at det i år er 70 år sidan kona hans, Margit, vart Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygda-meister i alpint (slalåm).

 

Vidare i denne bolken sat Magnar fleire år i det som heitte ski-styret. Ofte nytta som renn-leiar i hopp. Han sat i stadionnemnda som vart oppretta i 1961 (Dalemyra), og han var Bakkesjef i storrennet i Brunstadbakken i 1962, eit renn kombinert-verdsmeister, Arne Larsen, vann. Magnar hadde saman med Margit fått eigne born. Tre i talet, og han var klar for bolk 2 i Velledalen IL.

 

Bolk 2:

I desember 1965 sette Velledalen IL ned ein komité for Barne- og ungdomsidrett. Ikkje uventa hamna Magnar der. Om lag på denne tida danna Ole Jostein, Jan Petter og Karsten, alle med etternamn Fet, ein ny generasjon alpinistar i Velledalen. Med Fet som base. Magnar stod bak dei, som tilrette-leggjar og inspirator. Seinare kom yngsteson, Øyvind, og vart best av alle. Ein naturleg konsekvens vart ei alpingruppe, der Magnar sat i ti år. Fet-karane heldt styringa på alpinsporten, der Odd Gjersrud og Ole Jostein Fet også tok solide tak. Så kom straumgjeringane med, og karar som Einar Fet, Kjell Skogvold med fleire dreiv Magnar sitt pionerarbeid til nye høgder. Alpinanlegget på Fjellsætra konkurrerte ut hoppsporten.

 

I 1971 vart Dalemyra grasbane endeleg opna. Eit anlegg som hadde 50 års markering i juli 2021. På opningsdagen sat Magnar Fet enno i banestyret, han var ein av velledalingar med flest dugnadstimar på anlegget, og han sat i alpingruppa. Etter dette vart det mest «kremjobbar» på Magnar i ulike nemnder. Som valnemnd og marknadsnemnd. Ein del år seinare, ved Velledalen IL sitt 100 års jubileum, vart Magnar æresmedlem i Velledalen IL saman med to andre gode menn av 1927-årgang. Kaspar Fet og Karl B. Lade.

 

Elles skal Magnar ha honnør for samfunns-ansvaret sitt. Han var ein av dei som skjøna, at når ein bur i eit lite og sårbart samfunn som Velledalen, er det lite gunstig for totalen at det vert «hoppa over bekken etter vatn». Det gjorde han ved å trufast slutte opp om lag, organisasjonar og «institusjonar» i nærområdet.

 

Den lokale idretts-kjennaren, Ole L. Hole, skal få slutt-orda om Magnar Fet. Då «Knut-Ole» vart spurd om kven han meinte var Velledalen IL sin største idrettsmann i etterkrigsåra (1945-1955) vart han tagal lenge. Han tenkte grundig. Så svara han:

-           E held enj knapp på nå Magnar ne på Fet. Fordi han va so allsidige!

 

Takk for skiftet, Magnar – minna er mange og gode!

 

Atle Jomar

Nestleiar Velledalen IL



Publisert: Onsdag 8. September 2021 Kl. 16:48
Siste nyhende
Njål Torillson Tyssing helsar frå hovudstaden
Les om litt av det storspringar Njål – halvmaraton på 1.13.08 laurdag - har tuska med i sommar og hittil i haust.
Les meir (19.09.2021)
Jonny i framgang i hoppbakken
Vann klasse G 13 med hopp på 33,5 og 34 meter i helga.
Les meir (19.09.2021)
Mathias greidde målet sitt – solid framgang frå sist løp
- Målet er å springe på 1.40, draumen er 1.35, sa Mathias Røsberg Mauren før halvmaraton-løpet i Ålesund.
Les meir (19.09.2021)
Topp og breidde hand i hand
Løpsmiljøet eksploderer i Velledalen IL – kring 20 utøvarar i aksjon denne helga.
Les meir (19.09.2021)
Fire kvinner – fire distansar
Velledalen IL har hatt fire kvinner i aksjon i dag, på distansane 5 km, 10 km, ein debutant på halvmaraton og heilmaraton.
Les meir (18.09.2021)
To blad Tandstad på fem kilometer i Ålesund
Frå tid til anna kan det dukke opp overraskingar mellom deltakarane
Les meir (18.09.2021)
Halvmaratontider frå Oslo. Njål sette klubbrekord
ArkivfotoMange overgjekk seg sjølve i Oslo i dag. Ikkje veit vi kva karane fekk servert til frukost…
Les meir (18.09.2021)
VIL sine gamle-karar sterke på halvmaraton
Det vart dobbeltsiger til Velledalen IL på halvmaraton i klasse 50-54 år og 3.plass i klasse 45-49 år.
Les meir (18.09.2021)
To pallplassar til Velledalen IL på 5 km i Ålesund
May Evy vart beste kvinne, medan Vegard Tandstad vart nummer tre av herrane.
Les meir (18.09.2021)
Heilmaraton for Christina likevel
ArkivfotoChristina Holmberg var einaste VIL-løpar som sprang heilmaraton i Ålesund i dag.
Les meir (18.09.2021)
Fyldige VIL-troppar både i Oslo og Ålesund
Mange skal springe relativt langt komande laurdag, då store løp vert arrangert både i Oslo og Ålesund.
Les meir (15.09.2021)
Kring to veker att av trimpost-sesongen
Det lakkar mot slutten av trimpost-sesongen og Velledalen IL skal kåre 15 trimpost-vinnarar.
Les meir (15.09.2021)
Constantin måtte bryte i Harstad
Constantin Rust var i dag i Harstad som deltakar i Harstad Summits Trail Marathon 2021.
Les meir (11.09.2021)
Susande godt come back av Kjell Magnar
ArkivfotoKlassevinnar klasse 31-40 år og nummer tre totalt av 224 startande i Molde 7 topper.
Les meir (11.09.2021)
Brunstadekspressen i gang att
ArkivfotoKnalltid på halvmaraton (1.19.21) den 5. september.
Les meir (11.09.2021)
Blodslitet Ålesund: Fire VIL-løparar mellom dei ni beste
Klassesigrar til Andreas Mosby Nakken, Fridtjof Fredriksen og Per Inge Bjørnestad
Les meir (08.09.2021)
VIL-gutane vann lagkonkurransen i orientering
Lagkonkurransen med 14 lag og 40 born i aksjon vart suksess. 1.plassar til Marianne Fløttum og Bernt Are Lervåg i det ordinære løpet.
Les meir (05.09.2021)
Solid av Frode Hoprekstad på Færøyane
Vart nummer elleve av totalt 94 utøvarar i herreklassa
Les meir (05.09.2021)
Fine representantar for Velledalen IL i Mørenytt


 

VIL-Nett har fått tilsendt eit klipp frå avisa Mørenytt. Utøvarar å vere stolte av!

Les meir (05.09.2021)
O-samling i fantastisk haustvêr laurdag
Med heile 60 frammøtte kan vi trygt kalle o-samlinga i Velledalen laurdag ein suksess.
Les meir (05.09.2021)
Pengepremie til May Evy i Volda
Frode Mauren raskaste VIL-utøvar i Melshorn-løpet
Les meir (04.09.2021)
Per Inge klassevinnar nok ein gong
ArkivfotoPer Inge Bjørnestad vinn det mest her lokalt i klasse 50-54 år.
Les meir (04.09.2021)
Anette og Nikolai sterke i Birkebeinerløpet
Streke prestasjonar av Oslo-avdelinga på Lillehammer. Anette nummer seks, Nikolai 22.
Les meir (04.09.2021)
God helg-helsing frå Færøyane
ArkivfotoVi har fått melding om at Velledalen IL har i helga har ein løpar på Færøyane - og at han skal springe halvmaraton der!
Les meir (04.09.2021)
Birkebeinerløpet går laurdag 4.sept på Lillehammer
Truleg fire løparar frå Velledalen IL i aksjon
Les meir (03.09.2021)
Utøvarar frå Varegg (Bergen) til VIL sitt haustløp
ArkivfotoTreningshelga vert avslutta med o-løp etter kartet ved Sessvatnet 5. september.
Les meir (03.09.2021)
Stranda vgs trenar o-løp i Velledalen
Denne veka har o-leiar Pernille hatt eit opplegg for Stranda vidaregåande skule i Velledalen.
Les meir (03.09.2021)
Andre løp i helga med VIL-representasjon
ArkivfotoDenne helga er det motbakkeløp både i Langevåg og Volda.
Les meir (03.09.2021)
Duell far/son under Nibbeløpet i Geiranger
Tidlegare har det vore arrangert «brødreduell» på Hole, sist laurdag hadde vi ein far/son-duell under Nibbeløpet.
Les meir (02.09.2021)
Frode Mauren nest best i Valderløpet
Sterk 2.plass totalt mellom knappe 40 fullførande for Frode Mauren under Valderløpet i kveld.
Les meir (01.09.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no