Navigasjon
Navigasjon
Duell far/son under Nibbeløpet i Geiranger

Brødreduellen som fleire år var eit lokalt høgdepunkt mellom folket på Hole, var mellom Roger Malvin Hole og den langt yngre broren Jens Christian. Løpet gjekk frå Ola-stabburet til sætreelva i Holemarka (der trimposten ligg) og tilbake. Ei strekning på kring 4,5 kilometer. Truskuldig moro med servering av svele og kaffi til publikum, og alltid full innsats av dei to aktørane, som faktisk veksla på å vinne.

 

Sist helg starta Andreas Mosby Nakken og far Svein Arne Nakken i same felt i Nibbeløpet. Svein ein røynd «rev» i løpet, Andreas debutant. Før løpet hevda Svein hardnakka at oddsen på siger til Andreas var 1.00. Det vil seie at han meinte det var brennsikkert at Andreas ville slå han. Slik gjekk det:

 

På fyrste meldestasjon etter ein dryg halvtime i løypa var stoda slik:

Andreas: 33.26

Svein: 34.44

Begge pusta tungt, men var spenstige i steget.

 

På mellomstrekket leverte dei desse tidene:

Andreas: 49.39

Svein: 52.50

Dermed var avstanden mellom dei dei to 4.29 (fire minutt og 29 sekund) og enno hadde dei ikkje nådd Djupvasshytta. Alt tyda på at Svein fekk rett. Men Alf Petter som var ved denne posten, såg at Andreas byrja «skrante» aldri så lite. Svein var kome inn i eit «rutine-modus».

 

Snudde på siste strekket

Siste fem kilometer går i særs bratt lende opp Nibbevegen til toppen av Dalsnibba på kring 1500 meter. På dette strekket leverte karane fylgjande tider:

Andreas: 57.12

Svein: 54.02

Med krampe i begge låra kryssa Andreas mållina, vel vitande om at han var føre faren i løypa. Men Svein henta tre minutt og ti sekund på siste strekket. Hadde det vore ein kilometer lenger, trur vi «gamleguten» hadde kome sigrande ut denne fine august-dagen.

Uansett resultat; honnør til Gyls-gutane Svein Arne og Andreas!

 

PS. At ein far og ein son kjempar jamt i så tøffe, og lange løp er sjeldan vare. Men i Nibbeløpet er det ikkje fyrste gong. Petter Melchior frå Norddal og eine sonen hadde ein liknande fight for ein god del år sidan.



Publisert: Torsdag 2. September 2021 Kl. 23:06
Siste nyhende
Njål Torillson Tyssing helsar frå hovudstaden
Les om litt av det storspringar Njål – halvmaraton på 1.13.08 laurdag - har tuska med i sommar og hittil i haust.
Les meir (19.09.2021)
Jonny i framgang i hoppbakken
Vann klasse G 13 med hopp på 33,5 og 34 meter i helga.
Les meir (19.09.2021)
Mathias greidde målet sitt – solid framgang frå sist løp
- Målet er å springe på 1.40, draumen er 1.35, sa Mathias Røsberg Mauren før halvmaraton-løpet i Ålesund.
Les meir (19.09.2021)
Topp og breidde hand i hand
Løpsmiljøet eksploderer i Velledalen IL – kring 20 utøvarar i aksjon denne helga.
Les meir (19.09.2021)
Fire kvinner – fire distansar
Velledalen IL har hatt fire kvinner i aksjon i dag, på distansane 5 km, 10 km, ein debutant på halvmaraton og heilmaraton.
Les meir (18.09.2021)
To blad Tandstad på fem kilometer i Ålesund
Frå tid til anna kan det dukke opp overraskingar mellom deltakarane
Les meir (18.09.2021)
Halvmaratontider frå Oslo. Njål sette klubbrekord
ArkivfotoMange overgjekk seg sjølve i Oslo i dag. Ikkje veit vi kva karane fekk servert til frukost…
Les meir (18.09.2021)
VIL sine gamle-karar sterke på halvmaraton
Det vart dobbeltsiger til Velledalen IL på halvmaraton i klasse 50-54 år og 3.plass i klasse 45-49 år.
Les meir (18.09.2021)
To pallplassar til Velledalen IL på 5 km i Ålesund
May Evy vart beste kvinne, medan Vegard Tandstad vart nummer tre av herrane.
Les meir (18.09.2021)
Heilmaraton for Christina likevel
ArkivfotoChristina Holmberg var einaste VIL-løpar som sprang heilmaraton i Ålesund i dag.
Les meir (18.09.2021)
Fyldige VIL-troppar både i Oslo og Ålesund
Mange skal springe relativt langt komande laurdag, då store løp vert arrangert både i Oslo og Ålesund.
Les meir (15.09.2021)
Kring to veker att av trimpost-sesongen
Det lakkar mot slutten av trimpost-sesongen og Velledalen IL skal kåre 15 trimpost-vinnarar.
Les meir (15.09.2021)
Constantin måtte bryte i Harstad
Constantin Rust var i dag i Harstad som deltakar i Harstad Summits Trail Marathon 2021.
Les meir (11.09.2021)
Susande godt come back av Kjell Magnar
ArkivfotoKlassevinnar klasse 31-40 år og nummer tre totalt av 224 startande i Molde 7 topper.
Les meir (11.09.2021)
Brunstadekspressen i gang att
ArkivfotoKnalltid på halvmaraton (1.19.21) den 5. september.
Les meir (11.09.2021)
Blodslitet Ålesund: Fire VIL-løparar mellom dei ni beste
Klassesigrar til Andreas Mosby Nakken, Fridtjof Fredriksen og Per Inge Bjørnestad
Les meir (08.09.2021)
Minneord:Magnar Fet ein av dei største i Velledalen IL
Arkivfoto1.september 2021 la Magnar Fet ned ferdastaven, 94 år gamal. I Velledalen IL står namnet brent fast som ein allsidig idrettsutøvar, dyktig inspirator og ein kar med stor administrativ innsats over tid.
Les meir (08.09.2021)
VIL-gutane vann lagkonkurransen i orientering
Lagkonkurransen med 14 lag og 40 born i aksjon vart suksess. 1.plassar til Marianne Fløttum og Bernt Are Lervåg i det ordinære løpet.
Les meir (05.09.2021)
Solid av Frode Hoprekstad på Færøyane
Vart nummer elleve av totalt 94 utøvarar i herreklassa
Les meir (05.09.2021)
Fine representantar for Velledalen IL i Mørenytt


 

VIL-Nett har fått tilsendt eit klipp frå avisa Mørenytt. Utøvarar å vere stolte av!

Les meir (05.09.2021)
O-samling i fantastisk haustvêr laurdag
Med heile 60 frammøtte kan vi trygt kalle o-samlinga i Velledalen laurdag ein suksess.
Les meir (05.09.2021)
Pengepremie til May Evy i Volda
Frode Mauren raskaste VIL-utøvar i Melshorn-løpet
Les meir (04.09.2021)
Per Inge klassevinnar nok ein gong
ArkivfotoPer Inge Bjørnestad vinn det mest her lokalt i klasse 50-54 år.
Les meir (04.09.2021)
Anette og Nikolai sterke i Birkebeinerløpet
Streke prestasjonar av Oslo-avdelinga på Lillehammer. Anette nummer seks, Nikolai 22.
Les meir (04.09.2021)
God helg-helsing frå Færøyane
ArkivfotoVi har fått melding om at Velledalen IL har i helga har ein løpar på Færøyane - og at han skal springe halvmaraton der!
Les meir (04.09.2021)
Birkebeinerløpet går laurdag 4.sept på Lillehammer
Truleg fire løparar frå Velledalen IL i aksjon
Les meir (03.09.2021)
Utøvarar frå Varegg (Bergen) til VIL sitt haustløp
ArkivfotoTreningshelga vert avslutta med o-løp etter kartet ved Sessvatnet 5. september.
Les meir (03.09.2021)
Stranda vgs trenar o-løp i Velledalen
Denne veka har o-leiar Pernille hatt eit opplegg for Stranda vidaregåande skule i Velledalen.
Les meir (03.09.2021)
Andre løp i helga med VIL-representasjon
ArkivfotoDenne helga er det motbakkeløp både i Langevåg og Volda.
Les meir (03.09.2021)
Frode Mauren nest best i Valderløpet
Sterk 2.plass totalt mellom knappe 40 fullførande for Frode Mauren under Valderløpet i kveld.
Les meir (01.09.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no