Navigasjon
Navigasjon
Johan S Grebstad «kongen» av Dalemyra

Det vart ein gild kveld med Velledalen IL sitt 2021-styre som arrangør. Leiar Ove Skylstad yngste alle – knappe 40 i talet – velkomne til mat- og mimrekveld. Atle Hole leia så forsamlinga gjennom programmet for kvelden.

 

Mimring om ei fotballbane der dugnadsarbeidet starta i 1961. Ei anleggs-tid på ti år er mykje. Atle Hole las frå møte-boka at VIL-styret vinteren 1964 såg føre seg at bana kunne bli sådd dette året. Men det vart 1970 før Harald Hjorthol og Jon Hjortdal sådde bana.   Nestleiaren frå 1971, Johan S. Grebstad, forklara kvifor det vart slik. I perioden 1961-1967 vart det utført 1967 dugnadstimar. Topp fire såg slik ut:

94,5 timar: Johan S. Grebstad

94 timar: Jon Hjortdal

86 timar: Magnar Fet

80 timar: Per Svarstad

 

Klubbkokken og sekretæren i Velledalen IL, Sondre Bårnes, servert så ei vel-smakande kjøtsuppe. Ei suppe med fylde og mørt kjøt fekk opp stemninga kring borda. Etter maten vanka det blomar, delt ut av kasserar Henning Tandstad, til personar som arrangerte ei vellukka baneopning i 1971, til personar som hadde ofra mykje tid på bana og på VRF-spelarane som vann pokal-turneringa opningshelga.

 

Fleire gode historier vart serverte, mellom anna av 1971-ballgut, Morten Øystein Holmberg. VRF-bussjåfør og VIL sin gruppeleiar for langrenn, Svein Arne Nakken, tok føre seg  ein busstur til Harøya. Det vart vidare bore fram helsingar frå spelarane Arild Lade, Erling Solsletten og Reidar Bremerthun.

 

Så kom ein bolk med kaker og kaffi. Og fleire muntre historier frå ei svunnen tid. Vidare vart det snakka om VRF-damegruppa sitt arbeid og sosiale sjarm. Før ein gild kveld vart runda av med at Henning Tandstad delte ut ei kolonialkasse til Johan S. Grebstad – sjølvaste «Kongen» av Dalemyra.

 

Fordi:

·          Som 20-åring byrja Bolla føre dugnadsliste for arbeidet på anlegget

·          Bolla var den som hadde flest dugnadstimar i perioden 1961-1967

·          Bolla var som nestleiar i VIL med på å arrangere den vellukka baneopninga 3.og 4.juli 1971

·          Og ikkje minst; Bolla har hatt ein finger med i spelet av stellet av bana i 50 år.

·          Som 80-åring er han framleis aktiv på anlegget

·          Alt som gratisarbeid



Publisert: Måndag 5. Juli 2021 Kl. 06:56
Siste nyhende
O-trening ved Ullavik skule torsdag 5.august
ArkivfotoTorsdag 5.august sparkar o-gruppa i Velledalen IL i gang siste del av sesongen med trening for store born. Møt ved Ullavik skule. Treninga er i tidsrommet 15.00-17.00
Les meir (03.08.2021)
Ny «likes-rekord» på Velledalen IL Facebook
Lesarane av Velledalen IL Facebook ser ut til å like aktivitet på djupt vatn. I alle høve sette symjeturen til Svein Nakken på strekninga Magerholm – Aursnes ny «likes-rekord»
Les meir (02.08.2021)
Jakub glimta til på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, deltok sist veke i storløpet «Geilo 4-dagers», og kom bra frå det.
Les meir (02.08.2021)
VIL-gratulasjonar i helga
Det er breitt spenn i gratulasjonane denne helga. Les meir!
Les meir (01.08.2021)
Takk for 3018 grasrotkroner i juli månad!
Velledalen IL takkar alle sine 107 spelarar for nok ein solid månad med grasrotpengar i juli.
Les meir (01.08.2021)
Stunt på djupt vatn av Gyls-bonden
Svein etter fullført stuntInspirert av all den fine bytterfly-symjinga som vert vist frå OL, symde Svein Arne Nakken i går strekninga Magerholm-Aursneset.
Les meir (27.07.2021)
Orienteringshausten nærmar seg!
ArkivfotoAugust og september er høgsesong for orientering, og o-miljøet byr på flotte samlingar, treningar og konkurransar i nærområdet.
Les meir (26.07.2021)
Fin klassesiger til Bjørn Arve Brune i Hornindal
Bjørn Arve Brune og Ivar Flo representerte Velledalen IL då det vart sprunge lange løp i sterk varme i Hornindal laurdag.
Les meir (25.07.2021)
Nærmar seg Birkebeiner-ritt og løp
arkivfotoSjå kven som har meldt seg på.
Les meir (25.07.2021)
Frode best på 10 km i kl. 45-49 år i Sommarkarusellen
63 løparar fullførte 2.løpet i Sommarkarusellen i Ålesund i dag. Frode Mauren var åleine frå Velledalen IL.
Les meir (21.07.2021)
Vellukka grilltur til Brunstadsætra
TrimgruppaTrimgruppa sitt tradisjonsrike arrangement med grilling og trimbingo var arrangert sundag 11. juli
Les meir (21.07.2021)
Andre løp i Sommarkarusellen onsdag 21.juli
Arkivfoto26 utøvarar påmelde to døgn før løpet. Valfri distanse på 5 eller 10 kilometer.
Les meir (19.07.2021)
Jakub stiller i storløp på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, er mellom over 900 påmelde til Geilo 4-dagers i orientering.
Les meir (19.07.2021)
May Evy beste kvinne på Daurmålsfjellet (805 moh)
May Evy Nesheim dokumenterte nok ein gong god form som einaste VIL-løpar under løpa i Norddal laurdag.
Les meir (18.07.2021)
Helsing frå Sørlandet
Her kjem ei helsing frå oss på ferie og "treningsleir" i Farsund. I strålande sol og herleg sommarvarme nyter vi nokre fridagar i lag med familie og venner.
Les meir (15.07.2021)
Knalltider av Oslo-avdelinga i Konradløypa
Fire løparar gjennomførte fredag 9 juli eit testløp i Konradløypa – med knalltider som resultat.
Les meir (10.07.2021)
Vert arrangert løp i Konradløypa fredag 9.juli kl.11.00
Arkivfoto frå Påskekonrad 2019Velledalen IL har sommargjestar frå ymse deler av landet. Fastbuande kan også hive seg med i fredagsløpet.
Les meir (08.07.2021)
Trimpost Bruna
Statusrapport frå Bruna trimpost sundag 4. juli kl. 14.24
Les meir (06.07.2021)
MiniKonrad samla 54 deltakarar Dalemyra
Deltakinga var størst i aldersgruppa 2011-2015. Fire sprang på tid. Brødrepar imponerte.
Les meir (05.07.2021)
Alle trimpostane.
ArkivfotoEn liten rapport frå laurdagens langtur i Velledalen.
Les meir (04.07.2021)
Stor VIL-dag laurdag 3.juli 2021
Bjørn Arve Brune tok alle trimpostane som den eldste i historia, MiniKonrad vart arrangert og Bolla vart fortent kåra til «Kongen» av Dalemyra.
Les meir (04.07.2021)
Gratulerer Dalemyra og Velledalen IL!
3.juli er det 50 år sidan den offisielle opninga av Dalemyra grasbane. I dag prisar vi bana vår med arrangementet MiniKonrad.
Les meir (03.07.2021)
2839 grasrotkroner til VIL i juni
Inngangen av grasrotkroner til Velledalen IL er jamn og fin, med juni som svakaste månad hittil i 2021.
Les meir (02.07.2021)
Premiane til MiniKonrad ligg klare
Laurdag 3.juli klokka 13.00 går fyrste start i årets MiniKonrad på Dalemyra.
Les meir (30.06.2021)
Nærmar seg jubileum på Dalemyra
2000 dugnadstimar på anlegget i perioden 1961-1967.
Les meir (30.06.2021)
Trimpostvandringa 2021
Då har vi avslutta Trimpostvandringa for i år, og det er på sin plass med ei lita evaluering.
Les meir (29.06.2021)
Pausepraten var truleg frå 1966
Svein Hjorthol er ein oppegåande mann, og meiner kunne dokumentere at fotoet «Pauseprat» på VIL-Nett skriv seg frå 1966
Les meir (27.06.2021)
I helga tok Njål klubbrekorden på halvmaraton
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing er i sitt livs form. Sprang halvmaraton på 1.14.51 i helga.
Les meir (27.06.2021)
Flott VIL-innsats i 15.utgåva av Mefjellet Opp
Svein Arne Nakken (M 55-59) og May Evy Nesheim (K 45-49) klassevinnarar.
Les meir (27.06.2021)
Last Man Standing 2021 gjennomført
Frode (initiativtakar) og fleire av deltakarane.Les dei første reaksjonane frå årets Last Man Standing.
Les meir (27.06.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no