Navigasjon
Navigasjon
Kjærkome oppsving for Tomasløpet

Ikkje overraskande vart Per Inge Bjørnestad og Frode Mauren raskast opp bratte bakkar til endepunkt Bruna i går. Per Inge brukte 19.34 på den 3150 meter lange løypa, Frode 20.41. Begge to   var i aksjon dagen før under Eikenosa opp, og dokumenterte sterk form to dagar etter kvarandre. Men der var meir å glede seg over:

 

Gyls-rekord: I fjor sletta Sivert Mosby Nakken faren sin Gyls-rekord i løpet, då han i duskregn sprang på 21.36. I år pressa han rekorden ned til 21.15. Eit signal til faren om at denne rekorden får han aldri att!

 

På jente/kvinnesida var Pernille namnet og legge merke til i går. Stor honnør til Pernille Ekornes Skrede, Ikornnes IL, som vann jenteklassa på fine 28.26.

    Ei anna Pernille, o-gruppe leiaren i Velledalen IL – Pernille Ibsen Lervåg, vann kvinneklassa på fine 22.27. Ho var rimeleg nær Elida Fuglem sin rekord på 21,43, trass ein ganske spesiell inngang til løpet. Fyrst natursti oppover   med borna, så sprang ho ned att og nådde så vidt starten ved Bunnpris, før ho kjempa seg oppatt side om side med mannfolka til beste kvinnetid. 20 sekund raskare enn for to år sidan, til og med.

 

Vi veit ikkje om Pernille tenkte på det, men dette var ei verdig markering av at det i desse dagar er ti år sidan Velledalen IL oppdaga denne fantastiske kvinne – noko vi gjorde under Tomasløpet i 2011. Den gongen sprang Pernille for to. Ikkje berre o-gruppa, men heile laget, prisa kapasiteten hennar gjennom desse ti åra

 

Oskar Johan K. Hole (Gjelleråsen IF) og Emilie Eliassen (Haugesund IL) stod for gledelege, langvegsfarande innslag.

 

Kanskje er det Radka si forteneste, men Velledalen IL har alltid kome godt ut av det med personar som flyttar hit frå andre nasjonar. Denne gongen var over 20 prosent av deltakarane i konkurranseklassa slike. Svært bra!

 

Hadde Tomas Tandstad vore i målområdet i går hadde han likt det meste av det han såg. Men vi trur han ville undra seg fælt over ungdomen. Kvar er jentene og gutane i tenåra….

Han ville likt at einaste guten som deltok, Erling Johannes Tandstad (7), heitte Tandstad til etternamn. Og guten frå Langevågen blir truleg ein storspringar. Han var nemleg fem-seks minutt raskare i år enn under debuten i fjor.

      Men altså; ikkje ein einaste strandar/sykkylving såg seg syn med å delta i guteklassa. Og vi tenkjer slett ikkje på 6- eller 7-åringar. Dei skal helst ikkje delta i slike løp, om dei då ikkje er spesielt interesserte og i fylgje med vaksne. Men vi tenkjer på 13-åringar, 14-åringar, 15-åringar og 16-åringar……….

 

På slike dagar bør ein sende kroppsøvingslærar Stein Ohr frå Frei ein venleg tanke. Han testa elevane sine jamleg frå 1982 for å gi den einskilde sjansen til å jobbe rettare med å få orden på helsa. Somme fekk til og med heimelekse i kondisjonstrening. På 30 år, kontrollert gjennom ei fast løype på vel tre kilometer i kupert terreng var svaret vedkomande kondisjon;

Jentene tapte seg 1.23 minutt, medan gutane gjennomførte same distansen 3.14 minutt seinare enn områdets 13-åringar klarte i 1985. Ohr sine studiar viste at ungdomsskuleelevar for kring ti år sidan kort sagt var tregare, stivare, tyngre og orka mindre enn foreldra sine då dei var på same alder.

 

Men heldigvis: Unntaka finst, men det spørst om ikkje kroppsøvingsfaget bør opp-graderast i norsk skule.

 

PS. Om nokon meiner at kunngjeringa av Tomasløpet ikkje heldt mål, kan vi orientere om at løpet var kunngjort med ei «2000-kroners annonse» i Nyss, og det var delt ut flygeblad i alle postkasser i krinsane Velledalen og Tandstad.



Publisert: Måndag 21. Juni 2021 Kl. 17:42
Siste nyhende
O-trening ved Ullavik skule torsdag 5.august
ArkivfotoTorsdag 5.august sparkar o-gruppa i Velledalen IL i gang siste del av sesongen med trening for store born. Møt ved Ullavik skule. Treninga er i tidsrommet 15.00-17.00
Les meir (03.08.2021)
Ny «likes-rekord» på Velledalen IL Facebook
Lesarane av Velledalen IL Facebook ser ut til å like aktivitet på djupt vatn. I alle høve sette symjeturen til Svein Nakken på strekninga Magerholm – Aursnes ny «likes-rekord»
Les meir (02.08.2021)
Jakub glimta til på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, deltok sist veke i storløpet «Geilo 4-dagers», og kom bra frå det.
Les meir (02.08.2021)
VIL-gratulasjonar i helga
Det er breitt spenn i gratulasjonane denne helga. Les meir!
Les meir (01.08.2021)
Takk for 3018 grasrotkroner i juli månad!
Velledalen IL takkar alle sine 107 spelarar for nok ein solid månad med grasrotpengar i juli.
Les meir (01.08.2021)
Stunt på djupt vatn av Gyls-bonden
Svein etter fullført stuntInspirert av all den fine bytterfly-symjinga som vert vist frå OL, symde Svein Arne Nakken i går strekninga Magerholm-Aursneset.
Les meir (27.07.2021)
Orienteringshausten nærmar seg!
ArkivfotoAugust og september er høgsesong for orientering, og o-miljøet byr på flotte samlingar, treningar og konkurransar i nærområdet.
Les meir (26.07.2021)
Fin klassesiger til Bjørn Arve Brune i Hornindal
Bjørn Arve Brune og Ivar Flo representerte Velledalen IL då det vart sprunge lange løp i sterk varme i Hornindal laurdag.
Les meir (25.07.2021)
Nærmar seg Birkebeiner-ritt og løp
arkivfotoSjå kven som har meldt seg på.
Les meir (25.07.2021)
Frode best på 10 km i kl. 45-49 år i Sommarkarusellen
63 løparar fullførte 2.løpet i Sommarkarusellen i Ålesund i dag. Frode Mauren var åleine frå Velledalen IL.
Les meir (21.07.2021)
Vellukka grilltur til Brunstadsætra
TrimgruppaTrimgruppa sitt tradisjonsrike arrangement med grilling og trimbingo var arrangert sundag 11. juli
Les meir (21.07.2021)
Andre løp i Sommarkarusellen onsdag 21.juli
Arkivfoto26 utøvarar påmelde to døgn før løpet. Valfri distanse på 5 eller 10 kilometer.
Les meir (19.07.2021)
Jakub stiller i storløp på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, er mellom over 900 påmelde til Geilo 4-dagers i orientering.
Les meir (19.07.2021)
May Evy beste kvinne på Daurmålsfjellet (805 moh)
May Evy Nesheim dokumenterte nok ein gong god form som einaste VIL-løpar under løpa i Norddal laurdag.
Les meir (18.07.2021)
Helsing frå Sørlandet
Her kjem ei helsing frå oss på ferie og "treningsleir" i Farsund. I strålande sol og herleg sommarvarme nyter vi nokre fridagar i lag med familie og venner.
Les meir (15.07.2021)
Knalltider av Oslo-avdelinga i Konradløypa
Fire løparar gjennomførte fredag 9 juli eit testløp i Konradløypa – med knalltider som resultat.
Les meir (10.07.2021)
Vert arrangert løp i Konradløypa fredag 9.juli kl.11.00
Arkivfoto frå Påskekonrad 2019Velledalen IL har sommargjestar frå ymse deler av landet. Fastbuande kan også hive seg med i fredagsløpet.
Les meir (08.07.2021)
Trimpost Bruna
Statusrapport frå Bruna trimpost sundag 4. juli kl. 14.24
Les meir (06.07.2021)
Johan S Grebstad «kongen» av Dalemyra
Det vart konklusjonen av mimrekvelden på Orreneset laurdag 3.juli, der 1971-styret og 2021-styret i Velledalen IL var samle saman med VRF spelarar som slo Hødd 1-0 i baneopninga.
Les meir (05.07.2021)
MiniKonrad samla 54 deltakarar Dalemyra
Deltakinga var størst i aldersgruppa 2011-2015. Fire sprang på tid. Brødrepar imponerte.
Les meir (05.07.2021)
Alle trimpostane.
ArkivfotoEn liten rapport frå laurdagens langtur i Velledalen.
Les meir (04.07.2021)
Stor VIL-dag laurdag 3.juli 2021
Bjørn Arve Brune tok alle trimpostane som den eldste i historia, MiniKonrad vart arrangert og Bolla vart fortent kåra til «Kongen» av Dalemyra.
Les meir (04.07.2021)
Gratulerer Dalemyra og Velledalen IL!
3.juli er det 50 år sidan den offisielle opninga av Dalemyra grasbane. I dag prisar vi bana vår med arrangementet MiniKonrad.
Les meir (03.07.2021)
2839 grasrotkroner til VIL i juni
Inngangen av grasrotkroner til Velledalen IL er jamn og fin, med juni som svakaste månad hittil i 2021.
Les meir (02.07.2021)
Premiane til MiniKonrad ligg klare
Laurdag 3.juli klokka 13.00 går fyrste start i årets MiniKonrad på Dalemyra.
Les meir (30.06.2021)
Nærmar seg jubileum på Dalemyra
2000 dugnadstimar på anlegget i perioden 1961-1967.
Les meir (30.06.2021)
Trimpostvandringa 2021
Då har vi avslutta Trimpostvandringa for i år, og det er på sin plass med ei lita evaluering.
Les meir (29.06.2021)
Pausepraten var truleg frå 1966
Svein Hjorthol er ein oppegåande mann, og meiner kunne dokumentere at fotoet «Pauseprat» på VIL-Nett skriv seg frå 1966
Les meir (27.06.2021)
I helga tok Njål klubbrekorden på halvmaraton
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing er i sitt livs form. Sprang halvmaraton på 1.14.51 i helga.
Les meir (27.06.2021)
Flott VIL-innsats i 15.utgåva av Mefjellet Opp
Svein Arne Nakken (M 55-59) og May Evy Nesheim (K 45-49) klassevinnarar.
Les meir (27.06.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no