Navigasjon
Navigasjon
Les Njål Torillson Tyssing sin løps-rapport
Arkivfoto
Arkivfoto

Løpsrapport fra Perseløpet 5 km 14.06.2021

 

Oslo stengte i praksis ned tidleg i november 2020. Ordføraren i Molde fekk truleg ikkje med seg dette, men vi som bur i Oslo har merka det nokså tydeleg. Det har difor vore minimalt med arrangement som er tilrettelagt for løpsmosjonistar. Likevel har Velledalen IL si løpsgruppe hatt ein intervall i veka med høg kvalitet og bra oppmøte. 

 

Underteikna prøvde seg på ein virtuell 5 km langs Frognerkilen i mai saman med Nikolai Jensen og Anette Jokstad. Det gav ikkje so veldig meirsmak. Løpsopplegget er å springe ei gitt løype for så samanlikne tida si med andre som har sprunge samme løypa. Litt av fellesskapet med å springe løp forsvann, og sjarmen var totalt fråverande. Tida blei 16.44. Nokså greitt, men litt skuffande med tanke på dei solide intervallane som har blitt gjennomført i vår. 

 

Det var difor med stor glede eg las at Perseløpet endeleg fekk lov til å starte opp årets første løp 13. juni. 5 km i ei ny løype på Eidsvoll på ca 2.6 kilometer. Underteikna, Jon Fiva og Knut Stensrød tok difor turen opp til Eidsvoll for å sjå kor langt ned på 16-tallet vi klarte å presse oss. Antall deltakarar var moderate 48 stykk, men mosjonsnivået var som vanleg bra. Fjorårets ønske til Perseløpet om eit arrangement som i større grad er retta mot bredden har ikkje slått til. 

 

Løypa var flat som ei pannekake, og varmen perfekt. Eg haldt følge med "mi gruppe" til ca 4 kilometer, men måtte sleppe siste kilometeren. Alle saman var difor nokså spengte, men nøgde då vi kom i mål. Underteikna og Knut persa, og Jon var berre eit par sekund bak si personlege bestenotering. Dessverre ser det difor ut som det berre er trening som hjelper for å bli betre i min alder. 

 

Neste løp blir Bjerketravern 10 km søndag 20. juni. Løpet går inne på Bjerke travbane. Spent på om dette fungerer bra. Eg antar det ikkje skal vere med hestar. Påmeldte antall deltakarar indikerer at det blir ein del folk, og ikkje hestar,  som skal springe.  

 

 



Publisert: Måndag 14. Juni 2021 Kl. 21:07
Siste nyhende
O-trening ved Ullavik skule torsdag 5.august
ArkivfotoTorsdag 5.august sparkar o-gruppa i Velledalen IL i gang siste del av sesongen med trening for store born. Møt ved Ullavik skule. Treninga er i tidsrommet 15.00-17.00
Les meir (03.08.2021)
Ny «likes-rekord» på Velledalen IL Facebook
Lesarane av Velledalen IL Facebook ser ut til å like aktivitet på djupt vatn. I alle høve sette symjeturen til Svein Nakken på strekninga Magerholm – Aursnes ny «likes-rekord»
Les meir (02.08.2021)
Jakub glimta til på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, deltok sist veke i storløpet «Geilo 4-dagers», og kom bra frå det.
Les meir (02.08.2021)
VIL-gratulasjonar i helga
Det er breitt spenn i gratulasjonane denne helga. Les meir!
Les meir (01.08.2021)
Takk for 3018 grasrotkroner i juli månad!
Velledalen IL takkar alle sine 107 spelarar for nok ein solid månad med grasrotpengar i juli.
Les meir (01.08.2021)
Stunt på djupt vatn av Gyls-bonden
Svein etter fullført stuntInspirert av all den fine bytterfly-symjinga som vert vist frå OL, symde Svein Arne Nakken i går strekninga Magerholm-Aursneset.
Les meir (27.07.2021)
Orienteringshausten nærmar seg!
ArkivfotoAugust og september er høgsesong for orientering, og o-miljøet byr på flotte samlingar, treningar og konkurransar i nærområdet.
Les meir (26.07.2021)
Fin klassesiger til Bjørn Arve Brune i Hornindal
Bjørn Arve Brune og Ivar Flo representerte Velledalen IL då det vart sprunge lange løp i sterk varme i Hornindal laurdag.
Les meir (25.07.2021)
Nærmar seg Birkebeiner-ritt og løp
arkivfotoSjå kven som har meldt seg på.
Les meir (25.07.2021)
Frode best på 10 km i kl. 45-49 år i Sommarkarusellen
63 løparar fullførte 2.løpet i Sommarkarusellen i Ålesund i dag. Frode Mauren var åleine frå Velledalen IL.
Les meir (21.07.2021)
Vellukka grilltur til Brunstadsætra
TrimgruppaTrimgruppa sitt tradisjonsrike arrangement med grilling og trimbingo var arrangert sundag 11. juli
Les meir (21.07.2021)
Andre løp i Sommarkarusellen onsdag 21.juli
Arkivfoto26 utøvarar påmelde to døgn før løpet. Valfri distanse på 5 eller 10 kilometer.
Les meir (19.07.2021)
Jakub stiller i storløp på Geilo
O-løparen vår, Jakub Hejl, er mellom over 900 påmelde til Geilo 4-dagers i orientering.
Les meir (19.07.2021)
May Evy beste kvinne på Daurmålsfjellet (805 moh)
May Evy Nesheim dokumenterte nok ein gong god form som einaste VIL-løpar under løpa i Norddal laurdag.
Les meir (18.07.2021)
Helsing frå Sørlandet
Her kjem ei helsing frå oss på ferie og "treningsleir" i Farsund. I strålande sol og herleg sommarvarme nyter vi nokre fridagar i lag med familie og venner.
Les meir (15.07.2021)
Knalltider av Oslo-avdelinga i Konradløypa
Fire løparar gjennomførte fredag 9 juli eit testløp i Konradløypa – med knalltider som resultat.
Les meir (10.07.2021)
Vert arrangert løp i Konradløypa fredag 9.juli kl.11.00
Arkivfoto frå Påskekonrad 2019Velledalen IL har sommargjestar frå ymse deler av landet. Fastbuande kan også hive seg med i fredagsløpet.
Les meir (08.07.2021)
Trimpost Bruna
Statusrapport frå Bruna trimpost sundag 4. juli kl. 14.24
Les meir (06.07.2021)
Johan S Grebstad «kongen» av Dalemyra
Det vart konklusjonen av mimrekvelden på Orreneset laurdag 3.juli, der 1971-styret og 2021-styret i Velledalen IL var samle saman med VRF spelarar som slo Hødd 1-0 i baneopninga.
Les meir (05.07.2021)
MiniKonrad samla 54 deltakarar Dalemyra
Deltakinga var størst i aldersgruppa 2011-2015. Fire sprang på tid. Brødrepar imponerte.
Les meir (05.07.2021)
Alle trimpostane.
ArkivfotoEn liten rapport frå laurdagens langtur i Velledalen.
Les meir (04.07.2021)
Stor VIL-dag laurdag 3.juli 2021
Bjørn Arve Brune tok alle trimpostane som den eldste i historia, MiniKonrad vart arrangert og Bolla vart fortent kåra til «Kongen» av Dalemyra.
Les meir (04.07.2021)
Gratulerer Dalemyra og Velledalen IL!
3.juli er det 50 år sidan den offisielle opninga av Dalemyra grasbane. I dag prisar vi bana vår med arrangementet MiniKonrad.
Les meir (03.07.2021)
2839 grasrotkroner til VIL i juni
Inngangen av grasrotkroner til Velledalen IL er jamn og fin, med juni som svakaste månad hittil i 2021.
Les meir (02.07.2021)
Premiane til MiniKonrad ligg klare
Laurdag 3.juli klokka 13.00 går fyrste start i årets MiniKonrad på Dalemyra.
Les meir (30.06.2021)
Nærmar seg jubileum på Dalemyra
2000 dugnadstimar på anlegget i perioden 1961-1967.
Les meir (30.06.2021)
Trimpostvandringa 2021
Då har vi avslutta Trimpostvandringa for i år, og det er på sin plass med ei lita evaluering.
Les meir (29.06.2021)
Pausepraten var truleg frå 1966
Svein Hjorthol er ein oppegåande mann, og meiner kunne dokumentere at fotoet «Pauseprat» på VIL-Nett skriv seg frå 1966
Les meir (27.06.2021)
I helga tok Njål klubbrekorden på halvmaraton
ArkivfotoNjål Torillson Tyssing er i sitt livs form. Sprang halvmaraton på 1.14.51 i helga.
Les meir (27.06.2021)
Flott VIL-innsats i 15.utgåva av Mefjellet Opp
Svein Arne Nakken (M 55-59) og May Evy Nesheim (K 45-49) klassevinnarar.
Les meir (27.06.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no