Navigasjon
Navigasjon
Ny "Last Man Standing" i juni
Arkivfoto
Arkivfoto

Frode Hoprekstad er eit "frikst" tilskot i VIL-familien. Han dreg med seg andre på trening, arrangerar små og store "stunt" og løp, i tillegg til at han legg ned mange treningstimar i ei normalveke. Han er ikkje redd for å legge ut på lange turar. Som til dømes 26. juni i år, når han for andre gong er initiativtakar bak eit "Last Man Standing"-løp.

Konseptet er å springe sju kilometer så mange gongar ein "har lyst" på ein dag, med start kvar heile time.

"Bjørn Arve Brune, Per Inge Bjørnestad og Øyvind Vebenstad har allereie meldt at dei vil vere med meg frå start   kl. 07:00 frå badeplassen i Andestadstranda på laurdagsmorgonen" fortel Frode. Han legg opp til å bruke ein plass mellom 40 og 50 minutt på dei sju kilometerane, og tek ei lita kvild før dei igjen legg ut kl. 08:00. Vidare er det altså ny start kvar heile time, og  farta tilpassast dei som er med på den aktuelle etappa.

For Frode er det viktig å få med så mange som mogleg gjennom dagen. For nokon er det nok med ei etappe, andre vil kanskje vere med på fleire. "I fjor var det til saman 13 personar. Det hadde vore kjekt om vi var enda fleire enn det i år!" fortel han.

Så då veit du det - stiller du opp ved badeplassen ein eller anna gong i løpet av 26. juni har du eit fint treningsfølge den neste timen.

Og kor lenge held dei på...? "I fjor gjorde vi (Frode, Bjørn Arve og Per Inge) 15 startar (105 km.) før vi takka av. 16 er målet i år" avsluttar Frode. Så det kan med andre ord nærme seg midnatt før karane pakkar ihop sakene sine.


Publisert: S?ndag 6. Juni 2021 Kl. 10:18
Siste nyhende
Nye veteran-sigrar til Velledalen IL
Motbakkeløpet Eikenosa Opp vart arrangert i Ålesund laurdag 19.juni. Frode Mauren og Per Inge Bjørnestad sytte for nye klasse-sigrar til laget vårt.
Les meir (20.06.2021)
Kvasse VIL-veteranar i sommar-karusell
FOTO: Frode MaurenBjørn Arve Brune og Fridtjof Fredriksen viste begge fine takter under fyrste løpet i Ålesund Sommarkarusell i kveld.
Les meir (16.06.2021)
Siste innspurt i Trimpostvandringa
Foto: Anita Mosby NakkenSøndag 20. juni kombinerar både Tomasløpet og siste dag av Trimpostvandringa. Alt ligg til rette for ein kjempedag i Straumgjerde og Straumsdalen.
Les meir (15.06.2021)
Helset: - VIL-løparar får delta i sommarkarusell
ArkivfotoLøp 1 i Ålesund Sommarkarusell 2021 vert arrangert onsdag 16.juni. Per Jan Helset melder at VIL-løparar er velkomne.
Les meir (15.06.2021)
Les Njål Torillson Tyssing sin løps-rapport
ArkivfotoDer ein mellom anna vil finne at tøff intervall-trening gjennom våren har betalt seg.
Les meir (14.06.2021)
Nok ein klubbrekord av Njål på 5 km
Sprang Perseløpet over 5 km på Eidsvoll sundag 13.juni på sterke 16.14
Les meir (14.06.2021)
50 års minne: Foto frå baneopninga av Dalemyra
2. og 3.juli er det 50 år sidan Dalemyra grasbane hadde offisiell opning med stor fotball-turnering.
Les meir (06.06.2021)
VIL-løparar sprang testløp
F.v.: Sivert, Bjørn Arve, Vegard, Andreas, Frode, Alf Petter, Fridtjof og Per IngeLaurdag stilte åtte av laget sine milslukarar til 10 km. testløp.
Les meir (06.06.2021)
Anita og Cecilie nye i VIL-styret
Ove Skylstad held fram som leiar, medan Anita Mosby Nakken og Cecilie Naustenget kom inn som nye i hovudstyret.
Les meir (05.06.2021)
Siste innspurt i Trimpostvandringa 2021 – eller første start?
Det er enno to veker igjen av Trimpostvandringa og god nok tid til å samle 25 poeng frå 4 ulike postar.
Les meir (03.06.2021)
2913 grasrotkroner i mai månad
Stor takk til alle våre 106 spelarar.
Les meir (02.06.2021)
Ein gledens dag – Fridtjof er klar!
Fridtjof Fredriksen er mellom dei sprekaste 55-åringane i Sykkylven sitt nærområde. No er han klar for Velledalen IL.
Les meir (31.05.2021)
MiniKonrad vert arrangert på Dalemyra 3.juli
ArkivfotoGår inn som del av markeringa kring at det denne dagen er 50 år sidan finalen i opningsturneringa av bana vart spela.
Les meir (31.05.2021)
Tomas-løpet vert arrangert 27.juni
Fjorårets Tomas-løp samla 42 deltakarar. Altfor få, synest arrangøren.
Les meir (31.05.2021)
Hugs årsmøtet i Velledalen IL 3.juni
Eit stykke etter normal årsmøte-tid, men 3.juni held laget vårt årsmøtet for 2020 i Velledalen grendahus.
Les meir (31.05.2021)
Sommaravslutning for idrettsskulen
Laurdag 29.mai hadde idrettsskulen sommaravslutning, og vi tek no sommarferie fram til hausten.
Les meir (30.05.2021)
O-løp i Molde sundag 30.mai
Treningsiveren er for tida enorm, men kor mange VIL-utøvarar som stiller i Molde komande sundag er uvisst.
Les meir (25.05.2021)
Populært å drive orientering ved Sessvatnet
O-gruppa har hatt to treningar etter det nye Sessvatn-kartet. Oppslutninga har vore gledeleg stor.
Les meir (25.05.2021)
Ny tsjekkar til Velledalen IL
Velledalen IL har gode erfaringar med tsjekkiske utøvarar. Jakub Hejl er tredje utøvar frå nasjonen med VIL-medlemskap.
Les meir (23.05.2021)
Finst det ein tidtakar-assistent?
O-gruppa treng ein assistent til tidtaking til trening/treningsløp ved Sessvatnet i morgon, torsdag.
Les meir (19.05.2021)
Kniving i toppen på Straumsheim
Den nye trimposten i skogsvegen på Straumsheim har slege til med godt besøk.
Les meir (17.05.2021)
Bruna Trimpost: Mannfolka statistar i år.
Sist sesong vann Jan Kåre Oterhals denne trimposten. I år tek kvinnfolka ein grusom revansje, er det likt til.
Les meir (17.05.2021)
Fantastisk o-aktivitet komande veke
Området ved Sessvatnet er komande veke arena for treningsløp, skuleorientering, opplegg for born i ulik alder og orientering i VIL sin idrettsskule.
Les meir (17.05.2021)
Trimpost
17. mai blir ikkje slik vi har lyst at dagen skal vere i år heller. Men då må vi gjere vårt beste for at han skal bli god for oss sjølve og våre næraste.
Les meir (16.05.2021)
Er du på veg mot å bli sprintar, Njål…?
Njål Torillson Tyssing har sett ny personleg rekord. Denne gongen på 5 km.
Les meir (16.05.2021)
Løparane våre held motet oppe
Lite storløp å bryne seg på for tida, men trioen Njål, Anette og Nikolai har vore i aksjon i hovudstaden.
Les meir (16.05.2021)
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no