Navigasjon
Navigasjon
80 år, og på toppen av bølgja!

Kilometerstanden på Elling Ivar Hole er høg. Men tilstandsrapporten er framifrå. Trimboksesongen vi er inne i, hadde start i byrjinga av oktober. Trass ein vinter med periodevis sprengkulde og mykje snø, dreg Elling seg mot 90 turar på Myrdalsfjellet. Der er han «Konge», og uråd og slåst mot. Alle som har prøvt har feila.

 

Fyrste gongen vi finn Elling sitt namn i Velledalen IL sine møtebøker er i 1962. Som billettør under det fyrste storrennet i Brunstadbakken. Rennet Arne Larsen vann. Dette var truleg før han møtte Ingrid frå Bremanger, som skulle bli kona hans nokre år seinare.

 

Roger Malvin kom til verda i januar 1966, som den eldste av tre born. Og nettopp Roger, var nok den som gav Elling band til idretten. Roger likte å ta seg opp i Holegarden til dei eldre gutane. 6-10 år eldre, til og med. Desse hadde i sin barndom sprunge mykje i ulike løyper på tid. Og kom Roger opp i garden kunne han risikere å få spørsmålet:

-           Er du sugen på eit løp…?

 

Roger Malvin – eller «Hampton» som han vart kalla – var aldri tung å be. Snart var ei gul notisbok på plass i baklomma. Der stod tidene hans på ulike distansar. Rett som det var tusla han kry og lukkeleg ned att på Holen med ein ny rekord i baklomma. Slik vart Roger hekta, og langrenn vart neste sport.

 

Før Elling visste ordet av det, var han både ski-smørjar og sekundant i eit humørfyllt team der også Kaspar Fet, Leiv Drotninghaug, Sigbjørn Brunstad og Leif Jarle Nakken var nokre av dei andre aktørane. Brått vart han sekretær i hovudstyret, der han hadde fleire gode år på slutten av 70-talet og tidleg 80-tal. Marknadsnemnda var ein annan arena han vart valt inn.

 

Denne tida skulle flest mogleg i idrettslaga ta krava til idrettsmerke. Det var konkurranse mellom laga om å få flest prosent idrettsmerketakarar. Eit av desse åra tok over 30 prosent av dei vaksne VIL-medlemane krava i «hopp, løp og kast – og kondisjon». Den tida var krava harde, øvingsutvalet lite. Som u-trena mann i slutten av 30-åra var det ikkje vidare enkelt å skulle springe 5000 meter på 23.45 ( omrekna til i underkant av 21.30 på Konradløpet)– med lett stigning mot slutten av løpet. Elling veit litt om akkurat dette!

 

Så vart Roger vaksen og flytta ut or «reiret». For Elling gjekk livet over i ei rolegare sportsleg fasa. Endeleg kunne han puste ut….Det var ikkje fleire ferjer med beinhardt tidspress som skulle nåast på ei stund. Og han let seg heller ikkje imponere storleg av kona Ingrid, som var ein ivrig turgåar. Ikkje i fyrste omgang, i alle fall……

 

Men etter kvart som åra seig på kom han i tankar…. Han hadde sett at turgåing hadde hatt ein positiv effekt på mora, ho Hol-Lina, i høg alder. Og han kunne ikkje unngå å bli imponert over systera og næraste nabo, Kjellaug Ulset. Ho hadde til og med full pott som deltakar i Konradløpa, noko Elling heldt seg unna. Ein stad måtte grensa trass alt gå….

 

Nytt århundre, og sakte men sikkert, vart Elling Hole sitt namn stadig oftare å sjå på trimpostane. Lenge med trimpostane «sætreelva i Holemarka» og «Myrdalsfjellet» som spesialfelt. Vidare deltok han i «Koldabakken Grand Prix». Den tok han med «kaldstart» og pulsauke frå 60 -170 slag i minuttet i løpet av 30 sekund. Elling skal visst nok vere ein av dei i verda som har gått frå kald til gloheit på kortast tid, vert det hevda.

-           Livsfarleg for ein aldrande kar ville somme sagt, men Elling tolte slikt, og har fleire gonger vore eldste deltakar der.

 

Notida kjenner dei fleste. Elling har vorte ein racar. Vinn minst ein trimpost kvart år. Siste året var han eldstemann på topp-10 samanlagt med sine 79 år. Han måtte opp i 1764 poeng for å berge 10.plassen. Høgare enn nokon gong før. Elling var den einaste på topp-10 som hadde vore på alle 14 postane. Her fylgjer ei oversikt over alle Elling sine 230 turar til VIL-trimpostar i perioden oktober 2019 til oktober 2020:

132 turar: Myrdalsfjellet

  47 turar: Sætreelva i Holemarka

  16 turar: Skogsvegen Hjorthol

  10 turar: Koppen

    7 turar: Bruna Straumgjerde

    4 turar: Brunstadsætra

    4 turar: Regndalen

    2 turar: Skogsvegen Drabløs

    2 turar: Skogsvegen Fet

    2 turar: Vellesætra

    1 tur: Dammen Riksheimdalen

    1 tur: Høgsætra

    1 tur: Brunstadkølen

    1 tur: Holetindane

 

Kjelde: Nils Terje Skylstad

 

Hadde Elling budd i England hadde han vorte omtala som ein «late bloomer». Her i Velledalen «dyrkar» vi slike. Konrad Brunstad sprang fire halvmaraton i ålesund, og var 86 år då han debuterte. Slike karar er som god krydder, både for eit lokalmiljø og idrettslag. Kva Elling kan finne på i framtida er det ingen som veit….

      Sikkert er det at Velledalen IL er stolte av å ha karar som Elling Ivar Hole i rekkjene sine. Gratulerer med dagen, Elling!

 

Atle Jomar

Nabo og VIL-nestleiar, og mannen som nesten tok livet av deg då du skulle springe 5000 m til idrettsmerke då du var i slutten av 30-åra.

 

PS. Med sine 80 år er Elling no den eldste heimebuande karen på Hole – ein posisjon han kan halde lenge!

 



Publisert: L?rdag 15. Mai 2021 Kl. 11:51
Siste nyhende
Nye veteran-sigrar til Velledalen IL
Motbakkeløpet Eikenosa Opp vart arrangert i Ålesund laurdag 19.juni. Frode Mauren og Per Inge Bjørnestad sytte for nye klasse-sigrar til laget vårt.
Les meir (20.06.2021)
Kvasse VIL-veteranar i sommar-karusell
FOTO: Frode MaurenBjørn Arve Brune og Fridtjof Fredriksen viste begge fine takter under fyrste løpet i Ålesund Sommarkarusell i kveld.
Les meir (16.06.2021)
Siste innspurt i Trimpostvandringa
Foto: Anita Mosby NakkenSøndag 20. juni kombinerar både Tomasløpet og siste dag av Trimpostvandringa. Alt ligg til rette for ein kjempedag i Straumgjerde og Straumsdalen.
Les meir (15.06.2021)
Helset: - VIL-løparar får delta i sommarkarusell
ArkivfotoLøp 1 i Ålesund Sommarkarusell 2021 vert arrangert onsdag 16.juni. Per Jan Helset melder at VIL-løparar er velkomne.
Les meir (15.06.2021)
Les Njål Torillson Tyssing sin løps-rapport
ArkivfotoDer ein mellom anna vil finne at tøff intervall-trening gjennom våren har betalt seg.
Les meir (14.06.2021)
Nok ein klubbrekord av Njål på 5 km
Sprang Perseløpet over 5 km på Eidsvoll sundag 13.juni på sterke 16.14
Les meir (14.06.2021)
Ny "Last Man Standing" i juni
ArkivfotoFrode Hoprekstad er initiativtakar i nytt stunt 26. juni, og melder om god plass for alle som vil vere med.
Les meir (06.06.2021)
50 års minne: Foto frå baneopninga av Dalemyra
2. og 3.juli er det 50 år sidan Dalemyra grasbane hadde offisiell opning med stor fotball-turnering.
Les meir (06.06.2021)
VIL-løparar sprang testløp
F.v.: Sivert, Bjørn Arve, Vegard, Andreas, Frode, Alf Petter, Fridtjof og Per IngeLaurdag stilte åtte av laget sine milslukarar til 10 km. testløp.
Les meir (06.06.2021)
Anita og Cecilie nye i VIL-styret
Ove Skylstad held fram som leiar, medan Anita Mosby Nakken og Cecilie Naustenget kom inn som nye i hovudstyret.
Les meir (05.06.2021)
Siste innspurt i Trimpostvandringa 2021 – eller første start?
Det er enno to veker igjen av Trimpostvandringa og god nok tid til å samle 25 poeng frå 4 ulike postar.
Les meir (03.06.2021)
2913 grasrotkroner i mai månad
Stor takk til alle våre 106 spelarar.
Les meir (02.06.2021)
Ein gledens dag – Fridtjof er klar!
Fridtjof Fredriksen er mellom dei sprekaste 55-åringane i Sykkylven sitt nærområde. No er han klar for Velledalen IL.
Les meir (31.05.2021)
MiniKonrad vert arrangert på Dalemyra 3.juli
ArkivfotoGår inn som del av markeringa kring at det denne dagen er 50 år sidan finalen i opningsturneringa av bana vart spela.
Les meir (31.05.2021)
Tomas-løpet vert arrangert 27.juni
Fjorårets Tomas-løp samla 42 deltakarar. Altfor få, synest arrangøren.
Les meir (31.05.2021)
Hugs årsmøtet i Velledalen IL 3.juni
Eit stykke etter normal årsmøte-tid, men 3.juni held laget vårt årsmøtet for 2020 i Velledalen grendahus.
Les meir (31.05.2021)
Sommaravslutning for idrettsskulen
Laurdag 29.mai hadde idrettsskulen sommaravslutning, og vi tek no sommarferie fram til hausten.
Les meir (30.05.2021)
O-løp i Molde sundag 30.mai
Treningsiveren er for tida enorm, men kor mange VIL-utøvarar som stiller i Molde komande sundag er uvisst.
Les meir (25.05.2021)
Populært å drive orientering ved Sessvatnet
O-gruppa har hatt to treningar etter det nye Sessvatn-kartet. Oppslutninga har vore gledeleg stor.
Les meir (25.05.2021)
Ny tsjekkar til Velledalen IL
Velledalen IL har gode erfaringar med tsjekkiske utøvarar. Jakub Hejl er tredje utøvar frå nasjonen med VIL-medlemskap.
Les meir (23.05.2021)
Finst det ein tidtakar-assistent?
O-gruppa treng ein assistent til tidtaking til trening/treningsløp ved Sessvatnet i morgon, torsdag.
Les meir (19.05.2021)
Kniving i toppen på Straumsheim
Den nye trimposten i skogsvegen på Straumsheim har slege til med godt besøk.
Les meir (17.05.2021)
Bruna Trimpost: Mannfolka statistar i år.
Sist sesong vann Jan Kåre Oterhals denne trimposten. I år tek kvinnfolka ein grusom revansje, er det likt til.
Les meir (17.05.2021)
Fantastisk o-aktivitet komande veke
Området ved Sessvatnet er komande veke arena for treningsløp, skuleorientering, opplegg for born i ulik alder og orientering i VIL sin idrettsskule.
Les meir (17.05.2021)
Trimpost
17. mai blir ikkje slik vi har lyst at dagen skal vere i år heller. Men då må vi gjere vårt beste for at han skal bli god for oss sjølve og våre næraste.
Les meir (16.05.2021)
Er du på veg mot å bli sprintar, Njål…?
Njål Torillson Tyssing har sett ny personleg rekord. Denne gongen på 5 km.
Les meir (16.05.2021)
Løparane våre held motet oppe
Lite storløp å bryne seg på for tida, men trioen Njål, Anette og Nikolai har vore i aksjon i hovudstaden.
Les meir (16.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no