Navigasjon
Navigasjon
Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?

Aldri for seint. Lærdomen av det Konrad Brunstad stod for, må vere: Det vert aldri FOR seint. Aldri for seint å byrje med fysisk aktivitet. Konrad var 86 år då han debuterte som halvmaraton-løpar – i Ålesund i 1996. Tida var ikkje viktig, men den vart 3.10.16. Året etter visste han meir kva han gjekk til, og tida vart pressa ned til 2.48.30. Han gjorde to halvmaraton til i Ålesund. Det siste i 1999, som 89-åring. Året før han døydde.

 

Vart inspirert i USA. Men la vi gå til starten. Kva var det som inspirerte Konrad Brunstad til å byrje med fysisk trening…?

    Jau, det var ein tur til Amerika på 1980-talet saman med Arne C Brunstad (Brua-Arne). Konrad var då om lag midt i 70-åra. Og han la merke til at i Amerika var det mange som jogga. Og slett ikkje berre «strøkne» menneske. Han såg unge, gamle, smale og breie, stor og lita fart. Dette inspirerte Konrad. Dette kunne han også greie….

 

Debuterte som 86-åring. Vel heime igjen byrja han prøve denne jogginga. I starten når ingen såg han. Og han merka at han greidde meir og meir. Han byrja ta eiga tid opp til Vellesætra, og om natta jogga han runden som vi i dag kjenner som Konradløpet. Om natta fordi han meinte lufta var reinast då. Eller han gjekk på Koppen grytidleg om morgonen, eller dreiv hardt kropsarbeid i vedaskogen. Sakte, men sikkert byrja rykte gå om at Konrad hadde vorte «idrettsmann». Han vart trimpostvinnar samanlagt. Og han dreiv seg hardt. Men ingen i Velledalen visste noko som helst om at han hadde meldt seg på til Ålesund Halvmaraton i 1996 (25 år sidan i år).

 

- Vart fort varm nok. Personleg vart eg like etter løpet kontakta av sportssjefen i Sunnmørsposten. Han ville vite om eg kjende ein kar som heitte Konrad Brunstad, ein orginal kar som hadde debutert der ute – som 86-åring. Ikkje varma han opp slik dei andre heller. Han hadde sagt at: «han fort nok ville bli varm nok når løpet starta». Og han var visst nok litt utanom «standard»

 i sko- og klesvegen.

    Etter debuten vart Konrad fast innslag i Ålesund Halvmaraton. Han gjorde sitt fjerde løp i 1999, året før han døydde. Kreft i bukspyttkjertelen kunne ikkje kurerast med sunn livsstil, skulle det vise seg. I 2000 døydde Konrad, 90 år gamal.

 

Konradfilmen. Det var Ole Petter Berge som sa orda:

-           Han Konrad skulle hatt sitt eige løp, han.

Då hadde Ole Petter som Brunstad-mann vore i gravferda til Konrad, og der sett ein tankevekkande film laga av slektningen til Konrad, Odd Kvammen.

 

I 2002 fekk Konrad sitt eige løp. Arrangert i hans eiga morgonløype. Eit løp for alle. Der farta ikkje var det viktigaste. Premien for 10 deltakingar er lik anten du mest spring vitet av deg, eller om du spaserer gjennom heile løypa. Folk har frå fyrste stund lagt sin elsk på arrangementet. Soga om livsstil-endringa til Konrad har folk i alle aldrar trykt til brysta sine. Og filmen om han, vist i hans eiga gravferd, har Velledalen IL fått i gåve av Odd Kvammen. Eit framifrå stykke arbeid som krydrar samkoma i grendahuset under alle Konradløp.

 

Konrad Brunstad sin statistikk Ålesund Halvmaraton:

1996 (86 år): 3.10.16

1997 (87 år): 2.48.30

1998 (88 år): 3.24.23

1999 (89 år): 3.25.09  

 

 

PS. Berre ein einaste gong, såg eg Konrad Brunstad ute på morgonrunden sin. Rett nedom Gunn Solberg sitt hus på Brøvoll. Klokka var 04.50. Datoen var16.november 1993. Eg var på veg til fødsel i Ålesund. Ellen ville ut.

 

Atle Hole



Publisert: S?ndag 2. Mai 2021 Kl. 12:39
Siste nyhende
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)
Sterk Anette-triumf på Askøy
Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL-friidrett, vart beste kvinne på distansen Træet-Herdla, under Askøy-På-Langs 2021, arrangert i dag.
Les meir (08.05.2021)
Nokon som kan hjelpe o-gruppa
ArkivfotoAktuelle for jobben er alle som har ledig tid komande onsdag på dagtid.
Les meir (08.05.2021)
Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai
Sidan over 100 deltok i fjor, bør målet vere minst 150 år. Starten går i dag, 8.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Hiv deg med!
Les meir (08.05.2021)
Gledeleg oppmøte på o-trening
Onsdag møtte 14 born til o-trening i regi av Velledalen IL o-gruppe til trening på Aure.
Les meir (06.05.2021)
Veteranane held koken i Riksheimdalen
Vi har hatt ein meldar på trimposten i Riksheimdalen 2.mai, om lag klokka 13.00.
Les meir (02.05.2021)
Sprang i hovudstaden 1.mai
Vi har fått melding om fem personar som dreiv «Konradløp-relatert» aktivitet i Oslo 1.mai.
Les meir (02.05.2021)
Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai
To år utan Konradløp 1.mai er at faktum. Men gledeleg mange gjorde som VIL sin friidrettsleiar oppmoda dei om.
Les meir (02.05.2021)
Jyls-tvillingane kort prosess med Svein sin rekord
ArkivfotoDet låg i korta at det ville skje, og 1.mai tok Sivert og Andreas Nakken for alvor steget ut av faren Svein sin skugge.
Les meir (01.05.2021)
Bjørn Arve frå Stranda er Konrad-ferdig
ArkivfotoBjørn Arve Brune ville nytte dagen til skitur, og gjorde difor unna sitt Konradløp tidleg.
Les meir (01.05.2021)
Konfirmantfar sprang Konradløypa klokka 05.00
ArkivfotoMeldingane har byrja tikke inn frå fjærn og nær over menneske som har gjort unna sitt private Konradløp 1.mai.
Les meir (01.05.2021)
3115 grasrotkroner i april
Velledalen IL takkar alle sine 106 grasrotspelarar for april-bidraget på 3115 kroner.
Les meir (01.05.2021)
Fødselsdag (31 år) og i knallform
ArkivfotoVegard Riksheim Tandstad markerte 31 års dagen sin 30.april med å feie gjennom Konradløypa på den glimrande tida 15.56.
Les meir (01.05.2021)
Trimpostvandring også i år
ArkivfotoEr du med på å samle trimpostarkodar og trimpoeng i år og? Fjorårets store suksess som samla over 100 deltakarar er tilbake frå laurdag 8. mai!
Les meir (30.04.2021)
Styret i Velledalen IL i baneopnings-året (1971)
Sjå kven som manøvrerte skuta det året Dalemyra grasbane vart opna.
Les meir (26.04.2021)
1.mai: Konradløpet melder pass!
Diverre ikkje Konradløp i Velledalen i 2021 heller. MiniKonrad vert truleg arrangert i slutten av mai.
Les meir (26.04.2021)
Kan du tenkje deg lære meir om orientering….?
Sjå invitasjon til treningssamling på Emblem laurdag 1.mai.
Les meir (25.04.2021)
I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade
ArkivfotoHadde ingen verv, men la ned ein kjempeinnsats for Velledalen IL. I dag fyller ho 85 år.
Les meir (25.04.2021)
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021 med en trening for barn på Sørstranda skule igår fredag 23.april.
Les meir (24.04.2021)
1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton
Året var 1987, løpet var Sykkylven Halvmaraton, og Inger representerte Sykkylven IL.
Les meir (24.04.2021)
Fødselsdagar i Osloavdelinga
Sjå kven av utøvarane våre som nyleg har hatt bursdag i Osloavdelinga!
Les meir (22.04.2021)
Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven
Men andre helga i mai får ingen utøvarar frå Sykkylven delta.
Les meir (22.04.2021)
Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Det er lett å halde greie på skihopparane i Velledalen IL. Vi har nemleg berre èin gute-hoppar, Jonny Mauren.
Les meir (15.04.2021)
Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Svein Åge Welle var i velmaktsdagane ein attraksjon på fotball-bana. I dag sender vi ut varsel om 75 års dagen hans 15.april 2022.
Les meir (15.04.2021)
Stranda Fjord Trail Race: 289 påmelde per 14.april
ArkivfotoArrangementsdato er sett til 7.august 2021, noko som kan gå bra om pandemien er greie med oss. Tre påmelde frå VIL.
Les meir (15.04.2021)
Opplæring av lærarar i bruk av skulegardskart
Fyrste kurset i Sykkylven startar i dag, på Sørestanda skule, melder o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg.
Les meir (13.04.2021)
Fire frå Velledalen IL påmelde til halvmaraton
Velledalen IL vert representert ved løps-fest i Ålesund 8.mai – om den lar seg gjennomføre, vel å merke.
Les meir (12.04.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no