Navigasjon
Navigasjon
Trimpostvandring også i år
Arkivfoto
Arkivfoto

Initiativtakar Anita Mosby Nakken melder om at ho i år igjen har fått med seg Ann-Helen Hole i planlegginga av ei ny trimpostvandring.

Også i år blir ikkje våren heilt slik som før, står det innleiingsvis i invitasjonen som dei neste dagane leggast i postkassene i Velledalen og Straumgjerde krinsar. Arrangørane tenkjer då på koronapandemien og dei manglande sosiale tilboda. Det fekk Anita til å tenkje nytt i fjor då ho sette til livs «Trimpoststafetten». Ein måte å gjere noko sosialt utan å nødvendigvis vere i lag.

Trimpostvandringa går ut på å besøke nokre av Velledalen IL sine trimpostar, samle kodane som er lagt ut på postane, og notere dei på svararket på baksida av invitasjonen som ein snart finn i postkassa si. Har ein ikkje fått eit slik ark kan ein hente det ved Nærbutikken i Velledalen eller Bunnpris i Straumgjerde. Invitasjonen innheld også ei liste over dei 15 trimpostane Velledalen har i sortimentet sitt, og kor mange poeng ein får ved å besøke den.

-           Det vart ein stor suksess i fjor der mange heiv seg med. Faktisk var der over 100 personar som leverte inn svararket sitt.

Anita fortel at opplegget er kjent for dei som var med i fjor, med nokre små endringar:

-            For det første justerte vi namnet til «Trimpostvandringa» sidan det eigenleg ikkje er ein stafett. Vi utvidar til at folk no skal samle 25 poeng frå fire ulike trimpostar over ein seksvekesperiode - og som i fjor er ein då med i trekninga av mange flotte preimar!

Tidsperioden vil i år gå frå 8. mai til 20. juni. Om ein likevel finn kodelappane ute tidlegare er det berre å setje i gang! For Anita og Ann-Helen er det viktig at dette ikkje er ein konkurranse om å gå mest.

-           Nei, det er ikkje ein konkurranse. Det er meint som inspirasjon til å kome seg ut på tur. Likevel blir konkurranseinstinktet tent blant vennar eller søsken, og det er jo berre kjekt. Men går ein på fire forskjellige postar og samlar totalt minst 25 poeng stiller ein likt med tanke på premiering og anna. Over ein seksvekesperiode er dette overkommelig for små og store.

Når ein har samla poenga og turane sine er det berre å levere inn arket på ein av dei to nemde butikkane, eller til ei av dei to damene.

-           Elles set vi stor pris på bilete frå turane dykkar! Bruk emneknagg #VILTrimpost i sosiale media, så får alle sjå kor fint vi har det i bygda vår.

Vi ynskjer nye og gamle deltakarar velkomen til Trimpostvandringa 2021!



Publisert: Fredag 30. April 2021 Kl. 12:33
Siste nyhende
80 år, og på toppen av bølgja!
I dag – 15.mai – fyller turmannen, Elling Ivar Hole (Hol-Elling), 80 år.
Les meir (15.05.2021)
Rapport frå o-treninga ved Berlihuset
Onsdag 12.mai arrangerte o-gruppa i Velledalen IL trening for store og små med base ved Berlihuset. Og treningsløp i ulike løyper.
Les meir (13.05.2021)
Unge menn drøftar vegvalet….
Orientering kan utøvast av dei som er godt oppe i åra, og av dei heilt unge.
Les meir (13.05.2021)
Hilmar frå Måløy best på halvmaraton i Sykkylven
Fem av åtte utøvarar representerte Velledalen IL
Les meir (08.05.2021)
Sterk Anette-triumf på Askøy
Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL-friidrett, vart beste kvinne på distansen Træet-Herdla, under Askøy-På-Langs 2021, arrangert i dag.
Les meir (08.05.2021)
Nokon som kan hjelpe o-gruppa
ArkivfotoAktuelle for jobben er alle som har ledig tid komande onsdag på dagtid.
Les meir (08.05.2021)
Trimpostvandringa startar i dag, 8.mai
Sidan over 100 deltok i fjor, bør målet vere minst 150 år. Starten går i dag, 8.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Hiv deg med!
Les meir (08.05.2021)
Gledeleg oppmøte på o-trening
Onsdag møtte 14 born til o-trening i regi av Velledalen IL o-gruppe til trening på Aure.
Les meir (06.05.2021)
Veteranane held koken i Riksheimdalen
Vi har hatt ein meldar på trimposten i Riksheimdalen 2.mai, om lag klokka 13.00.
Les meir (02.05.2021)
Sprang i hovudstaden 1.mai
Vi har fått melding om fem personar som dreiv «Konradløp-relatert» aktivitet i Oslo 1.mai.
Les meir (02.05.2021)
Kvifor har vi eit Konradløp i Velledalen…….?
Konrad Brunstad var godt over 70 år då han observerte fenomenet jogging. I sjølvaste Amerika. Som 86-åring tok han mot til seg og debuterte på halvmaraton i Ålesund.
Les meir (02.05.2021)
Gledeleg stor «Konrad-aktivitet» 1.mai
To år utan Konradløp 1.mai er at faktum. Men gledeleg mange gjorde som VIL sin friidrettsleiar oppmoda dei om.
Les meir (02.05.2021)
Jyls-tvillingane kort prosess med Svein sin rekord
ArkivfotoDet låg i korta at det ville skje, og 1.mai tok Sivert og Andreas Nakken for alvor steget ut av faren Svein sin skugge.
Les meir (01.05.2021)
Bjørn Arve frå Stranda er Konrad-ferdig
ArkivfotoBjørn Arve Brune ville nytte dagen til skitur, og gjorde difor unna sitt Konradløp tidleg.
Les meir (01.05.2021)
Konfirmantfar sprang Konradløypa klokka 05.00
ArkivfotoMeldingane har byrja tikke inn frå fjærn og nær over menneske som har gjort unna sitt private Konradløp 1.mai.
Les meir (01.05.2021)
3115 grasrotkroner i april
Velledalen IL takkar alle sine 106 grasrotspelarar for april-bidraget på 3115 kroner.
Les meir (01.05.2021)
Fødselsdag (31 år) og i knallform
ArkivfotoVegard Riksheim Tandstad markerte 31 års dagen sin 30.april med å feie gjennom Konradløypa på den glimrande tida 15.56.
Les meir (01.05.2021)
Styret i Velledalen IL i baneopnings-året (1971)
Sjå kven som manøvrerte skuta det året Dalemyra grasbane vart opna.
Les meir (26.04.2021)
1.mai: Konradløpet melder pass!
Diverre ikkje Konradløp i Velledalen i 2021 heller. MiniKonrad vert truleg arrangert i slutten av mai.
Les meir (26.04.2021)
Kan du tenkje deg lære meir om orientering….?
Sjå invitasjon til treningssamling på Emblem laurdag 1.mai.
Les meir (25.04.2021)
I dag gir vi dei finaste orda til Asbjørg Hansine Lade
ArkivfotoHadde ingen verv, men la ned ein kjempeinnsats for Velledalen IL. I dag fyller ho 85 år.
Les meir (25.04.2021)
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021
Velledalen IL åpnet o-sesongen 2021 med en trening for barn på Sørstranda skule igår fredag 23.april.
Les meir (24.04.2021)
1.27.43 er bestetida til Inger Riksheim på halvmaraton
Året var 1987, løpet var Sykkylven Halvmaraton, og Inger representerte Sykkylven IL.
Les meir (24.04.2021)
Fødselsdagar i Osloavdelinga
Sjå kven av utøvarane våre som nyleg har hatt bursdag i Osloavdelinga!
Les meir (22.04.2021)
Halvmaraton i Ålesund: Gry raskast frå Sykkylven
Men andre helga i mai får ingen utøvarar frå Sykkylven delta.
Les meir (22.04.2021)
Skihopparen vår, Jonny, fyller 13 år
Det er lett å halde greie på skihopparane i Velledalen IL. Vi har nemleg berre èin gute-hoppar, Jonny Mauren.
Les meir (15.04.2021)
Høgreving frå VRF-glanstida fyller 74 år
Svein Åge Welle var i velmaktsdagane ein attraksjon på fotball-bana. I dag sender vi ut varsel om 75 års dagen hans 15.april 2022.
Les meir (15.04.2021)
Stranda Fjord Trail Race: 289 påmelde per 14.april
ArkivfotoArrangementsdato er sett til 7.august 2021, noko som kan gå bra om pandemien er greie med oss. Tre påmelde frå VIL.
Les meir (15.04.2021)
Opplæring av lærarar i bruk av skulegardskart
Fyrste kurset i Sykkylven startar i dag, på Sørestanda skule, melder o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg.
Les meir (13.04.2021)
Fire frå Velledalen IL påmelde til halvmaraton
Velledalen IL vert representert ved løps-fest i Ålesund 8.mai – om den lar seg gjennomføre, vel å merke.
Les meir (12.04.2021)

 Arkiv
Kalender
Komande aktivitetar:
Nettsidene er oppdatert og publisert hos Besøk www.pronett.no